Prop. 114 LS (2021–2022)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og folketrygdloven (arbeidsavklaringspengar m.m.)

Til innhaldsliste

10 Opprettingar og presiseringar

10.1 Folkeregisterloven § 3-3 andre ledd siste punktum

Tidlegare vart dei fem siste siffera i fødselsnummeret kalla «personnummer». Ved lov om folkeregistrering 9. desember 2016 nr. 88 vart dette endra. Dei fem siste siffera heiter no individsiffer (tre siffer) og kontrollsiffer (to siffer), jf. folkeregisterloven § 2-2 andre ledd.

Ved ein feil vart «personnummer» nytta i staden for «individsiffer» i § 3-3 andre ledd siste punktum. Dette vert difor foreslått endra, slik at det vil stå «individsiffer». Departementet syner til framlegg om endring i folkeregisterloven § 3-3 andre ledd siste punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.2 Skatteloven § 5-15 fyrste ledd bokstav q

I samband med statsbudsjettet for 2020 og Revidert nasjonalbudsjett 2021 vart hovudreglane om arbeidsgjevar si dekking av meirkostnader (kost, losji og besøksreiser) tekne ut av FSFIN § 5-15-5 tolvte ledd og samla på éin stad i skatteloven § 5-15 fyrste ledd bokstav q, jf. Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020 punkt 4.3 og Prop. 107 LS (2019–2020) Endringar i skatte- avgifts- og tollovgivinga punkt 21.2.

Ved ein feil vart ordlyden endra frå den tidlegare føresegna i forskrifta, slik at ordlyden ikkje lenger dekkjer skattytarar på yrkesopphald med overnatting. Departementet foreslår å rette ordlyden, slik at den vert i samsvar med den opphavelege føresegna og omfattar både yrkesopphald med overnatting og pendlaropphald.

Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 5-15 fyrste ledd bokstav q. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.3 Skatteloven § 6-41 åttande ledd bokstav f og h

Skatteloven § 6-41 åttande ledd bokstav f fastset korleis eigenkapitalandelen til eit selskap skal reknast der selskapet sin balansesum er null. I føresegna står det at dersom «balansesummen settes til null, skal egenkapitalandelen settes til 100 prosent dersom egenkapitalandelen er større enn null». Det er derimot eigenkapitalen, og ikkje eigenkapitalandelen, som må vere større enn null, for at eigenkapitalandelen skal setjast til 100 prosent. Dette er føresett i førearbeida, sjå Prop. 1 LS (2018–2019) Skatter, avgifter og toll 2019 punkt 9.8.6. Departementet foreslår difor ei oppretting i skatteloven § 6-41 åttande ledd bokstav f, slik at føresegna vert endra frå at det står «…dersom egenkapitalandelen er større enn null» til at det står «…dersom egenkapitalen er større enn null».

Vidare krev skatteloven § 6-41 åttande ledd bokstav h at revisor må godkjenne rekneskapen til selskapet mv. Føresegna seier mellom anna at revisor må godkjenne «konsolidert regnskap for den norske delen av konsernet». Departementet har lagt til grunn i fråsegn av 6. desember 2019 at det er tilstrekkeleg med konsolidert balanseoppstilling for den norske delen av konsernet. Skatteloven § 6-41 åttande ledd bokstav c og e krev òg berre konsolidert balanseoppstilling for den norske delen av konsernet. For å sikre samanheng i føresegna, bør dette òg vere kravet etter føresegna i bokstav h. Departementet foreslår difor ei oppretting i skatteloven § 6-41 åttande ledd bokstav h, slik at føresegna vert endra frå at ein krev «konsolidert regnskap» til at ein berre krev «konsolidert balanseoppstilling».

Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 6-41 åttande ledd bokstava f og h. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2022.

Skattedirektoratet arbeider med å innføre ei ny digital skattemelding for næringsdrivande. I den nye skattemeldinga vil dagens skjema forsvinne, men informasjonsgrunnlaget vert vidareført i den nye skattemeldinga. Med heimel i skatteforvaltningsloven § 7-13 har Skattedirektoratet endra forskrifter som fastset at revisor skal signere på «skjema», til at revisor skal signere i tilknyting til opplysningane i sjølve skattemeldinga.

Etter skatteloven § 6-41 åttande ledd bokstav h skal revisor signere på eit «tilknyttet skattefastsettingsskjema» i samband med rentebegrensningsregelen. Då skattefastsetingskjema forsvinn i den nye digitale skattemeldinga, må føresegna verte endra slik at det i staden skal signerast på «tilknyttede opplysninger i skattemeldingen».

Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 6-41 åttande ledd bokstav h fyrste punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde 1. januar 2023, med verknad for leveringa av skattemeldinga for 2022.

10.4 Skatteloven § 6-70 fyrste ledd

I skatteloven § 6-70 fyrste ledd andre punktum er det ein «k» for mykje i ordet «utelukkende». Departementet foreslår at skrivefeilen vert retta.

Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 6-70 fyrste ledd andre punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.5 Skatteloven § 15-5 fjerde ledd

Skatteloven § 15-5 fjerde ledd inneheld feil tilvising til skattebetalingsloven § 8-2 tredje ledd. Rett tilvising skal vere skattebetalingsloven § 8-2 andre ledd, jf. endringane i skattebetalingsloven ved lov 12. desember 2008 nr. 100. Departementet foreslår å rette feilen.

Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 15-5 fjerde ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.6 Skatteloven §§ 5-31, 14-42 og 14-44

Hovudregelen er at offentlege tilskot er skattepliktig, jf. skatteloven § 5-1. Er tilskot nytta til å erverve driftsmidlar som kan avskrivast, skal skattlegginga skje ved at tilskotet vert trekt ifrå driftsmiddelet sin kostpris, jf. skatteloven § 14-42 andre ledd bokstav a andre punktum. Skattlegginga vil då skje ved at dei årlege avskrivingane vert reduserte, eventuelt ved høgare gevinst når driftsmiddelet vert realisert.

Etter skatteloven § 5-31 bokstav a, er det eit unntak frå hovudregelen om skatteplikt i § 5-1, for «tilskudd til investeringer i faste anlegg og tilhørende produksjonsutstyr innenfor rammen av forskrift om midler til investering og bedriftsutvikling i landbruket av 19. desember 2014 nr. 1816, innenfor det geografiske området som omfattes av § 3 i forskrift 17. juni 2014 nr. 807 og distriktsrettet investeringsstøtte etter samme forskrift, jf. likevel § 14-44 første ledd siste punktum».

Etter skatteloven § 14-42 andre ledd bokstav a siste punktum, er det eit unntak frå andre punktum om at tilskot skal trekkast frå i kostprisen. Den har den same avgrensinga som for § 5-31 bokstav a. Vert driftsmiddelet selt før fem år etter at det er erverva, vert tilskotet å rekne som ein del av vederlaget og kjem til skattlegging på den måten, jf. skatteloven § 14-44 fyrste ledd siste punktum.

Slik skatteloven §§ 5-31 bokstav a, 14-42 andre ledd bokstav a siste punktum og 14-44 fyrste ledd siste punktum er utforma, gjeld desse unntaka berre innafor det nærare geografiske området som er omfatta av § 3 i forskrift 17. juni 2014 nr. 807. Med verknad frå 1. januar 2022 vart denne føresegna oppheva av Kommunal- og distriktsdepartementet, og erstatta av Forskrift om virkeområdet for distriktsrettet investeringsstøtte, av 14. desember 2021 nr. 3661, jf. § 8. Departementet foreslår at skatteloven sine tilvisingar vert retta opp som følgje av den nye føresegna. Endringane bør få verknad frå det same tidspunkt som den nye føresegna gjeld i frå, altså 1. januar 2022. Departementet syner til framlegg om endringar i skatteloven §§ 5-31 bokstav a, 14-42 andre ledd bokstav a siste punktum og 14-44 fyrste ledd siste punktum.

10.7 Folketrygdloven § 23-3 femte ledd

Folketrygdloven § 23-3 femte ledd gjeld fastsetjing av trygdeavgift for ektefellar med sams skatteoppgjer. Frå 2020 vert ektefellar ikkje lenger skattlagde saman for inntekt, og vil dermed ikkje lenger ha sams fastsetjing av trygdeavgift. Departementet foreslår difor å oppheve folketrygdloven § 23-3 femte ledd.

Departementet syner til framlegg til oppheving av folketrygdloven § 23-3 femte ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.8 Opprettingar som følgje av Sivilombodet si namneendring

Ved lov 18. juni 2021 nr. 121 endra Sivilombodsmannen namn til Sivilombodet og Sivilombodet sin langtittel vart endra til «Stortingets ombud for kontroll med forvaltningen». Sjå Dokument 21 (2020–2021) punkt 10.5 for årsaka til namneendringa.

Skatteforvaltningsloven syner til «Stortingets ombudsmann for forvaltningen» i §§ 12-8 fyrste ledd bokstav b, 13-9 andre ledd og 15-4 andre ledd. I lov om tollavgift (tollavgiftsloven) vart det nytta feil langtittel på Sivilombodet i §§ 11-3 fyrste ledd bokstav b og 12-8 andre ledd. Departementet foreslår at skatteforvaltningsloven og tollavgiftsloven vert endra, slik at ein nyttar dei rette namna.

Departementet syner til framlegg om endringar i skatteforvaltningsloven §§ 12-8 fyrste ledd bokstav b, 13-9 andre ledd og 15-4 andre ledd og tollavgiftsloven §§ 11-3 fyrste ledd bokstav b og 12-8 andre ledd fyrste punktum. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

10.9 Skattebetalingsloven § 5-7 fyrste ledd bokstav b

Lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg vart ved lov 20. desember 2019 nr. 84 endra til å òg gjelde uføre flyktningar. Supplerande stønad til personar som har fylt 67 år er ein pensjon, medan stønad til uføre flyktningar er ei form for uføretrygd, jf. § 5 fyrste og andre ledd.

Etter uførereforma skal uføretrygd skattleggjast på same vis som lønsinntekt. Det inneber at forskotstrekk av uføretrygd òg skal verte behandla på same vis som forskotstrekk av lønsinntekt, jf. Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter, avgifter og toll 2016 punkt 21.3.

Skattebetalingsloven § 5-7 fyrste ledd gjev unntak frå plikta til å gjere forskotstrekk. Bokstav a gjeld «ytelser som skattlegges som lønn» og bokstav b gjeld mellom anna pensjon og supplerande stønad. Supplerande stønad til uføre flyktningar kan difor både falle inn under bokstav a og bokstav b.

Departementet foreslår at skattebetalingsloven § 5-7 fyrste ledd bokstav b vert endra, slik at føresegna berre gjeld supplerande stønad til personar som har fylt 67 år. Supplerande stønad til uføre flyktningar vert då berre dekka av bokstav a, slik at forskotstrekk av stønaden vert behandla på same vis som lønsinntekt. Departementet foreslår òg å fjerne frasen «med kort botid i Norge» frå føresegna, fordi frasen ikkje er naudsynt og heller ikkje vert nytta i samband med aldersvilkåret i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg.

Departementet syner til framlegg om endring i skattebetalingsloven § 5-7 fyrste ledd bokstav b. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde 1. januar 2023.

Til forsida