Prop. 114 LS (2021–2022)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og folketrygdloven (arbeidsavklaringspengar m.m.)

Til innhaldsliste

3 Meirverdiavgiftsplikt for naprapati og osteopati

Frå 1. januar 2021 vart det innført plikt til å svare meirverdiavgift for omsetjing og formidling av alternativ behandling. For omsetjing og formidling av naprapati og osteopati vart det vedteke å utsetje iverksetjinga av endringa til 1. juli 2021, jf. Prop. 1 LS (2020–2021) Skatter, avgifter og toll 2021 punkt 9.2. Bakgrunnen for å utsetje endringa for napapati og ostepati var eit pågåande arbeid med å endre helsepersonelloven slik at naprapatar og osteopatar vart omfatta av autorisasjonordninga etter helsepersonelloven § 48 fyrste ledd. Ei slik lovendring i helsepersonelloven er no vedteken, og naprapatar og osteopatar er omfatta av autorisasjonsordninga etter helsepersonelloven, jf. Prop. 236 L (2020–2021) Endringer i helsepersonelloven (autorisasjon av naprapater, osteopater og paramedisinere). Endringa i helsepersonelloven for naprapatar og osteopatar tok til å gjelde 1. mai 2022. Plikta til å svare meirverdiavgift for omsetjing og formidling av alternativ behandling for naprapatar og osteopatar vart utsett ytterlegare i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2022, jf. Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022. Då vart det vedteke å utsetje iverksetjing av endringa i merverdiavgiftsloven til 1. juli 2022 for dei som innan to månader frå tidspunktet for endringa i helsepersonelloven, søkte om autorisasjon som naprapat eller osteopat.

Naprapatar og osteopatar som vert autoriserte som helsepersonell er omfatta av unntaket for helsepersonell i merverdiavgiftsloven § 3-2 fyrste ledd bokstav d. Dei kan difor omsetje og formidle helsetenester utan at dei pliktar å svare meirverdiavgift. Endringane i helsepersonelloven tek til å gjelde noko seinare enn føresett i Statsbudsjettet for 2022, og departementet foreslår difor å utsetje iverksetjinga av endringa i merverdiavgiftsloven om avgiftsplikt for alternativ behandling for naprapati og osteopati frå 1. juli 2022 til 1. januar 2023. Som det vart føresett i Statsbudsjettet for 2022, vil utsetjinga omfatte dei som innan to månader frå tidspunktet endringane i helsepersonelloven tek til å gjelde, søkjer om autorisasjon som naprapat eller osteopat. Med denne utsetjinga vil dei som er omfatta, kunne få behandla sine søknader om autorisasjon.

Då det vart lagt opp til at naprapati og osteopati inntil vidare ikkje vert omfatta av avgiftsplikta, vart det ikkje budsjettert med proveny frå omsetjing og formidling av naprapati og osteopati for 2022. Vidareføring av unntaket fram til 1. januar 2023 har difor ikkje provenyverknad for 2022.

Departementet syner til framlegg til endring i romartal II i lov 21. desember 2020 nr. 168 om endringar i merverdiavgiftsloven. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Til forsida