Prop. 114 LS (2021–2022)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og folketrygdloven (arbeidsavklaringspengar m.m.)

Til innhaldsliste

5 Fritak for elavgift for eigenproduksjon av straum – utsett iverksetjing

Ved behandlinga av Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022 vart det vedteke eit fritak i elavgifta for eigenproduksjon av straum frå fornybare energikjelder, jf. Stortinget sitt vedtak om avgift på elektrisk kraft romartal II § 2 fyrste ledd bokstav f. Bakgrunnen er at vilkåra for det gjeldande fritaket for solkraft gjer det vanskeleg for mellom anna burettslag å utnytte fritaket for straum produsert ved solceller, jf. vedtaket § 2 annet ledd bokstav e.

I Prop. 1 LS (2021–2022) vart det synt til høyring av nye føresegner innan kort tid. Høyringa skal skje samstundes med høyring av varsla endringar i plusskundeordninga under Olje- og energidepartementet som ansvarleg fagdepartement for nettleige.

Då det er naudsynt å samordne ulike omsyn for høyring under Finansdepartementet og Olje- og energidepartementet, treng ein noko meir tid på høyringa enn forventa. Framlegg vil verte sendt på høyring sommaren 2022.

I Prop. 1 LS (2021–2022) er det òg lagt til grunn at fritaket i elavgifta kan reise spørsmål om offentleg støtte etter EØS-avtalen. Fritaket må difor avklarast med EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) før iverksetjing.

Provenyverknaden av framlegget vart i statsbudsjettet for 2022 anslått til 6 mill. kroner påløpt og 4 mill. kroner bokført i 2022. Det vart forutsett fritaket kunne ta til å gjelde frå 1. april 2022.

Av omsyn til høyringa, og tida det normalt tek for ein prosess med ESA, er det uvisst når fritaket i elavgifta kan ta til å gjelde. Finansdepartementet arbeider for at fritaket vert sett i verk så snart som mogleg, men det er lite truleg at vedtaket kan ta til å gjelde i 2022. Utsett iverksetjing til 2023 vil gje eit meirproveny på 6 mill. kroner påløpt og 4 mill. kroner bokført i 2022 samanlikna med saldert budsjett.

Til forsida