Prop. 114 LS (2021–2022)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og folketrygdloven (arbeidsavklaringspengar m.m.)

Til innhaldsliste

9 Omtalesaker

9.1 Eigedomsskatt på grunn under kraftnett

Det er ikkje regulert i eigedomsskattelova i kva grad grunnen under kraftliner skal inngå ved verdsetjing av nettanlegg, og heller ikkje kven som eventuelt er debitor for skatt på denne delen av verdien. Praksis synest no å vere å skrive ut eigedomsskatt til netteigaren, òg for den delen av anleggsverdien som fell på grunnen.

I Borgarting lagmannsrett sin dom LB-2020-166690 av 11. oktober 2021 har retten avsagt dom om eigedomsskatt på grunn under kraftnett. Retten har kome til at eigarane av grunnen er skattedebitor for den delen av verdien til nettanlegget som kan tilskrivast grunnen. Dette inneber at det skal skrivast ut eigedomsskatt på kvar enkelt grunneigar. Dommen vart anka til Høgsterett, men slapp ikkje inn til behandling, og er dermed rettskraftig. Resultatet er ei upraktisk løysing og vil føre til at svært mange kommunar må leggje om praksis for skattlegging av nettanlegg.

Finansdepartementet vil så raskt som mogleg sende på høyring eit lovframlegg som vil bøte på dei uheldige sidene ved dommen frå lagmannsretten. Framlegget vil innebere at grunneigaren ikkje vert debitor for skatt på nettanlegget. Dette vil samstundes bøte på dei administrative konsekvensane av dommen for kommunane.

9.2 Differensiert tvangsmulkt – oppmodingsvedtak nr. 176 (2020–2021)

Stortinget fatta følgjande oppmodingsvedtak i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2021, sjå Innst. 2 S (2020–2021):

Vedtak 176: «Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til en ordning med differensiert tvangsmulkt, og komme tilbake med en vurdering av et slikt forslag til Stortinget på en egnet måte.»

Opplysingspliktige som ikkje gjev opplysingar til skattestyresmaktene til rett tid, får ein ny frist for å gje opplysingane. Om den opplysingspliktige ikkje leverer innan denne nye fristen, startar tvangsmulkta å laupe. Satsen for tvangsmulkt er eitt eller eit halvt rettsgebyr per dag. Skattestyresmaktene kan i særskilde høve setje ned eller fråfalle tvangsmulkt. Den opplysningspliktige får ikkje tvangsmulkt om det er umogleg å oppfylle opplysningsplikta på grunn av tilhøve som den ansvarlege ikkje sjølv har skulda for.

Ordninga med tvangsmulkt har gjort at fleire skattepliktige og tredjepartar leverer opplysingar til skattestyresmaktene til rett tid. Dette har igjen redusert talet på skjønnsfastsetjingar. Det kjem både den skattepliktige og skattestyresmaktene til gode.

Skattedirektoratet fekk i april 2021 oppdrag om å vurdere om ei ordning med differensiert tvangsmulkt kan innførast, og i tilfelle korleis. I Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022 kapittel 25 vart det varsla at departementet ville arbeide vidare med å vurdere alternative måtar å justere tvangsmulkta på, og kome attende til saka i Revidert nasjonalbudsjett 2022.

Eit alternativ er å differensiere tvangsmulkta etter omsetjinga i verksemdene. Gruppa av opplysingspliktige er samansett, og det er ikkje praktisk mogleg å finne eit omsetjingsomgrep som passar for alle. Ei ordning med differensiering etter omsetjing vil difor verte kompleks, med mange føresetnader og vilkår. Reglane vil kunne verte uklåre og krevjande å praktisere. Dette kan gjere ordninga mindre føreseieleg for dei opplysingspliktige og auke risikoen for feil og forskjellsbehandling. Styresmaktene vil måtte bruke meir ressursar på saker om tvangsmulkt og ved seinare behandling av klager. I tillegg vil Skatteetaten måtte endre IT-systema sine betydeleg. Skattedirektoratet tilrår difor sterkt å ikkje innføre ei ordning der tvangsmulkta vert differensiert etter omsetjing.

Skattedirektoratet har òg vurdert å differensiere tvangsmulkta etter alderen på verksemda, selskapsform, talet på tilsette, eigenkapital, talet på aksjonærar/deltakarar eller bransje. Heller ikkje desse kjenneteikna vert vurderte som eigna for å differensiere tvangsmulkta.

Etter å ha vunne røynsle med tvangsmulkt over fleire år, har Skattedirektoratet likevel sett at det er grunn til å gjere justeringar. I staden for å differensiere tvangsmulkta etter kjenneteikna som er nemnde ovanfor, meiner direktoratet det er grunn til å differensiere mellom dei ulike meldingstypane.

Røynsla til Skatteetaten syner at tvangsmulkta på utvalde område ser ut til å verke mindre etter ei viss tid. Skatteetaten har dei siste åra sett ned talet på dagar tvangsmulkta lauper (laupedagar) på fleire av områda med flest leverte meldingar og mest tvangsmulkt. Dette gjeld skattemeldinga for formues- og inntektsskatt, skattemeldinga for meirverdiavgift og aksjonærregistermeldinga. Når talet på laupedagar vert sett ned, vert den maksimale tvangsmulkta òg mindre. Skattedirektoratet følgjer med på verknaden av desse endringane og vurderer å setje ned talet på laupedagar for fleire typar av meldingar.

Skattedirektoratet vurderer òg å setje ned satsen for tvangsmulkt for enkelte meldingar. Det er Skattedirektoratet som har heimel til å endre satsen i forskrift, og direktoratet vil sende framlegg om slike endringar på allmenn høyring.

Slik Skattedirektoratet vurderer det, vil det å setje ned satsane og talet på laupedagar for tvangsmulkt, vere betre tiltak for å minke belastninga på dei opplysningspliktige, enn ei differensiering etter omsetjing eller liknande. Desse tiltaka vil krevje mindre ressursar, vareta omsynet til enkle reglar og fører ikkje til at Skatteetaten må endre IT-systema sine vesentleg. Skattedirektoratet arbeider òg for å tryggje likebehandling av saker om tvangsmulkt, mellom anna gjennom oppdatering av retningsliner, handbøker og andre avklaringar.

Departementet deler Skattedirektoratet sine vurderingar. Det er ikkje naudsynt med lovendringar for å endre satsane eller talet på laupedagar for tvangsmulkt. Det er naudsynt med forskriftsendringar, og Skattedirektoratet vil sende framlegg om slike endringar på allmenn høyring.

Regjeringa legg med dette til grunn at oppmodingsvedtak nr. 176 (2020–2021) er følgt opp.

Til forsida