Prop. 118 L (2016–2017)

Endringar i husbankloven (handsaming av personopplysningar)

Proposisjonen omhandlar endringar som gjev kommunane og Husbanken rettsleg grunnlag i husbanklova for å hente inn ei rekkje personopplysningar og bruke desse når dei handsamar søknader om lån og tilskot, utan at det er nødvendig med samtykke frå søkjaren. Departementet føreslår også nye heimlar for å hente inn oppdaterte personopplysningar og for å kontrollere personopplysningar, slik at ein kan avdekkje om utbetalingar har skjedd på eit feilaktig grunnlag.  Vidare føreslår departementet eit nytt rettsleg grunnlag for Husbanken til å handsame personopplysningar til statistikk- og analyseføremål. I proposisjonen blir det også føreslått å lovfeste at Husbanken kan lagre personopplysningar til forskingsføremål. Til slutt blir det foreslått eit nytt rettsleg grunnlag for Husbanken til å bruke personopplysningar til nødvendig testing, feilsøking og feilretting i det digitale sakshandsamingssystemet til Husbanken, men berre dersom ein ikkje kan oppnå føremålet ved å bruke anonymiserte opplysningar.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget