Prop. 12 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Til innhaldsliste

1 Endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar

1.1 Innleiing

Helse- og omsorgsdepartementet gjer med dette framlegg om endringar i budsjettet for legehjelp og psykologhjelp. Dette på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening, og at departementet får fullmakt til å gjere endringar i driftstilskot og folketrygdrefusjonar for fysioterapi frå 1. november 2020. Endringane for fysioterapi vert gjort på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane vert fastsett i forskrifter. Forhandlingane med dei nemde fysioterapeutorganisasjonane er enno ikkje avslutta. Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.

1.2 Fastsetting av basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar

Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år. Forhandlingane finn normalt stad i mai/juni. På grunn av koronapandemien vart forhandlingane i vår utsett til september. Det vart inngått avtalar med legeforeningen, psykologforeningen og fysioterapeutorganisasjonane om videreføring av inngåtte avtalar frå 1. juli 2020 til 1. november 2020.

Tingingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. november 2020 – 30. juni 2021, tok til 3. september 2020. Tingingane mellom fysioterapeutorganisasjonane og staten og KS om driftstilskot og takstar starta 14. september. Tingingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten og dei regionale føretaka starta 24. september.

I tingingane med Norsk Psykologforening er partane einige om ei regulering av honorartakstar, driftstilskot og avsetjing til fond tilsvarande 1,9 pst. frå 1. november. Dette inneber at kap. 2711, post 71 må aukast med 1,55 mill. kroner i 2020. Verknaden for 2021 er 9,3 mill. kroner. Budsjettet for 2021 må aukast med dette.

I tingingane med Den norske Legeforening er partane einige om ei nominell vidareføring av honorartakstane, basis- og driftstilskot og avsetjing til fond. Avtala inneber at 2,5 mill. kroner flyttast frå kap. 762 Primærhelsetjeneste, post 63 Allmennlegetjenester til kap. 2755 Helsetjenester i kommunene mv., post 70 Allmennlegehjelp.

Forhandlingane med fysioterapeutorganisasjonane er ikkje avslutta.

Eventuelle endringar i utgiftene til kommunar og folketrygda frå 1. november på bakgrunn av forhandlingane med fysioterapeutorganisasjonane kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i oktober. Regjeringa gjer difor framlegg om at det vert gitt fullmakt til å gjere endringar i budsjetta til trygderefusjonane og løyvingane til kommunane som følgje av forhandlingane, samt endra forskriftar. Desse løyvingssakene vil leggast fram for Stortinget seinare.