Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

6 Auka CO2-avgift på naturgass og LPG

I 2015 er CO2-avgifta 0,67 kroner per Sm3 naturgass og 1,01 kroner per kg LPG (propan og butan). Desse satsane er lik 337 kroner per tonn CO2 og samsvarar om lag med nivået på den generelle satsen for mineralolje. Gass til bruk i produksjonsprosessar i industri og bergverk og bruk som gir kvotepliktige utslepp etter klimakvoteloven, får redusert sats for naturgass og nullsats for LPG. Den reduserte satsen er 0,05 kroner per Sm3 naturgass, som er lik 25 kroner per tonn CO2. Avgifta gjeld ikkje gass til bruk som råstoff i industriell verksemd når det ikkje oppstår utslepp av karbon til luft eller utsleppet er vesentleg mindre enn mengda råstoff som blir nytta. Det er òg fritak for gass til kjemisk reduksjon eller elektrolyse, metallurgiske og mineralogiske prosessar, veksthusnæringa, fiske og fangst, skip i utanriks sjøfart, gods- og passasjertransport i innanriks sjøfart og offshorefartøy.

Regjeringa foreslår å auke CO2-avgifta på naturgass og LPG frå 1. juli 2015. Avgiftssatsen på naturgass er foreslått auka med 0,15 kroner per Sm3 til 0,82 kroner per Sm3, medan avgiftssatsen på LPG er foreslått auka med 0,22 kroner per kg til 1,23 kroner per kg. Dette vil svare til ei avgift på 412 kroner per tonn CO2 for naturgass og 410 kroner per tonn CO2 for LPG, noko som er om lag på nivå med CO2-avgifta på bensin. Dei reduserte satsane er ikkje foreslått endra. Forslaget er anslått å gi eit auka proveny på om lag 16 mill. kroner påløpt og 13 mill. kroner bokført i 2015. I anslaget er det trekt frå kompensasjonar til inngåtte avtalar om offentleg kjøp av persontransporttjenester på 1 mill. kroner. Det blir vist til omtale i Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015.

Departementet viser til forslag til avgiftsvedtak § 1 første ledd bokstav c og d.

Biogass har fritak for CO2-avgift, og forslaget vil dermed stimulere til bruk av biogass. Forslaget blir sett i samanheng med at regjeringa foreslår å oppheve vedtaket om vegbruksavgift på naturgass og LPG, jf. omtale i kapittel 4. Regjeringa vil arbeide vidare med å innføre vegbruksavgift på gass, og vil komme tilbake i 2016-budsjettet med eit forslag om vegbruksavgift på nivå med det som var vedteke frå 1. juli 2015 og som, så langt det er råd, skjermar annan bruk enn vegbruk frå avgift. Inntil ei vegbruksavgift er på plass blir det oppretta ei mellombels tilskotsordning for å stimulere til bruk av biogass i kollektivtrafikken under fylkeskommunalt ansvar. Det blir vist til omtale i Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar i CO2-avgifta på mineralske produkt. Det blir vist til omtale i kapittel 5 og kapittel 7.

Til forsida