Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

3 Omtale av trafikkforsikringsavgifta

Regjeringa har tidlegare varsla at Finansdepartementet har sett i gang eit arbeid med sikte på å erstatte årsavgifta med ei avgift som blir pålagt forsikringsselskapa ved sal av obligatoriske ansvarsforsikringar på køyretøy.

Omlegginga vil ha fleire fordelar, mellom anna større fleksibilitet for bileigarane, til dømes ved kjøp av ny bil, eigarskifte, avregistrering og liknande, og ved at bileigaren blir belasta for avgifta berre for den tida køyretøyet er forsikra. Samstundes vil endringa gi meir effektiv ressursbruk. Den nye avgifta vil ha same struktur og nivå som dagens årsavgift, og den økonomiske belastninga på bileigarane vil bli om lag som i dag.

Departementet hadde saka på høyring våren 2015. Dei fleste høyringsinstansane stelte seg positive til forslaget. I høyringsforslaget blei det lagt opp til at den nye ordninga skulle fasast inn frå 1. januar 2016, og at 2017 skulle bli det første år der det ikkje vært kravd opp årsavgift. Omlegginga har seinare blitt utsett med eit år. Grunnen til dette er at forsikringsselskapa treng meir tid til å gjere tilpassingar i sine IT-system.

I høyringa blei høyringsinstansane bedne om å kommentere om det vil vere føremålstenleg å etablere ei særskilt ordning for innkrevjing av trafikkforsikringspremie og trafikkforsikringsavgift for påregistrerte køyretøy utan forsikring (TFF-ordning). Omlegginga til trafikkforsikringsavgift er ikkje avhengig av ei TFF-ordning, men vil gi auka inntekter frå avgifta, og vil truleg redusere talet på uforsikra køyretøy på vegane, noko som i seg sjølv er ein klar fordel. Høyringsinstansane var svært positive til eit slikt tiltak.

Omlegginga blei omtala i Revidert nasjonalbudsjett for 2015 og budsjettet for 2016. I si innstilling til budsjettet for 2016 (Innst. 5 S (2015–2016)) utalte stortingsfleirtalet følgjande om omlegginga:

«Flertallet viser til at regjeringen har satt i gang et arbeid med sikte på å erstatte årsavgiften med en forsikringsavgift med virkning fra 2018. F l e r t a l l e t støtter intensjonen i arbeidet og ber regjeringen om å arbeide videre med et forslag som kan legges fram for Stortinget i budsjettdokumentene for 2017, med sikte på å igangsette omleggingen i 2017. Flertallet legger til grunn at arbeidet skjer i tett dialog med forsikringsbransjen, og at den økonomiske belastningen på bileierne ved en ny ordning vil være omtrent som i dag.»

Departementet har i tida etter høyringa arbeidt vidare med omlegginga. Arbeidet har skjedd i samråd med bransjen. Det er ikkje avdekka behov for gjennomgripande endringar i forslaget som var på høyring, men det vil skje justeringar på nokre punktar. Dette gjeld mellom anna tidspunktet for avgiftsberekninga, og systemet for periodisering og rapportering av avgifta.

Departementet har òg starta arbeidet med å vurdere moglegheitene for etablere ei særskilt ordning for innkrevjing av trafikkforsikringspremie og trafikkforsikringsavgift for påregistrerte køyretøy utan forsikring.

Departementet vil komme tilbake til saka i budsjettet for 2017.

Til forsida