Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

17 Opprettingar og presiseringar i lovtekst

17.1 Korttitlar til lover på skatte- og avgiftsområdet

I nyare tid har det blitt vanleg å gi ei lov ein offisiell korttittel dersom det fulle namnet til lova blir nokså langt. Til dømes har lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav korttittelen skattebetalingsloven. Det er praktisk å bruke korttittelen når ein viser til lova i andre lover og i anna omtale. Mange av lovene på skatte- og avgiftsområdet blei vedtekne utan offisielle korttitlar. Departementet foreslår å endre titlane til dei fleste av desse lovene slik at dei får korttitlar. Dei føreslegne titlane svarar til dei uoffisielle namna som lovene har fått i litteratur, lovsamlingar og hos Lovdata. Forslaget er derfor ei formalisering av gjeldande praksis.

Departementet viser til forslag om endringar i lov 19. mai 1933 nr. 11 om særavgifter, lov 28. juli 1949 nr. 15 om adgang for Kongen til å inngå overenskomster med fremmede stater til forebyggelse av dobbeltbeskatning m.v., lov 19. juni 1959 nr. 2 om avgifter vedrørende motorkjøretøyer og båter, lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane, lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v., lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard, lov 29. november 1996 nr. 69 om skattlegging av personer på Jan Mayen og i Antarktis, lov 13. desember 1996 nr. 87 om skatt på honorar til utenlandske artister m.v. og lov 12. desember 2003 nr. 108 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv.

Departementet foreslår at endringane trer i kraft straks.

17.2 Skattelova § 10-42

I skattelova § 10-42 tredje ledd a manglar eit «og» i siste setningsperiode. Departementet foreslår at dette blir retta.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.

17.3 Skattelova § 10-44

I skattelova § 10-44 er «personlig aksjonær» brukt i ein samanheng. Regelen gjeld deltakarlikna selskap, og formuleringa bør endrast til «personlig deltaker». Departementet foreslår ei slik endring.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.

Til forsida