Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

9 Presiseringar i skattereglane for verdipapirfond

Med verknad frå inntektsåret 2016 er det gitt nye skattereglar for verdipapirfond. Mens dei gamle reglane behandla alle verdipapirfond med ein eller fleire aksjar som aksjefond som fylgde prinsippa for aksjeskattlegging, tek dei nye reglane meir omsyn til samansettinga av aksjar og andre typar verdipapir i fondet. Dei nye reglane gir ein meir konsekvent og prinsipielt riktig skattlegging, og investeringar gjennom fond blir meir likestilt med direkteinvesteringar i aksjar. Risikoen for misbruk vert redusert, og konkurransevilkåra i marknaden blir meir like. Departementet viser til nærare omtale av reglane i Prop. 1 LS (2015–2016) punkt 7.4.

På to områder bør reglene justerast:

Den første justeringa gjeld reglane om skjerming for andel i verdipapirfond. Etter skattelova § 10-20 femte ledd skal berre den delen av andelen sin inngangsverdi som tilsvarar aksjeandelen i ervervsåret, vere skjermingsgrunnlag. Reglane byggjer i andre samanhengar på ein sjablong. Etter sjablongen skal ein behandle fond med aksjeandel over 80 pst som om dei berre eig aksjar, og med mindre enn 20 pst som om dei berre eig andre verdipapir. Lovteksten er ikkje klar på om denne sjablongen og skal gjelde ved utrekning av skjerming. Departementet meiner mykje talar for at sjablongen og blir brukt ved utrekning av skjerming. Ei slik løysing vil forenkle og gi best samanheng i regelverket. Departementet foreslår at lovteksten justerast slik at dette blir klart. Løysinga vil til dømes innebere at skjerming blir gitt for heile kostprisen for andelen, når aksjeandelen ved erverv var over 80.

Den andre justeringa gjeld forholdet mellom dei nye skattereglane for verdipapirfond og dei reglane om oppjustering av aksjeutbytte og aksjegevinstar som gjeld frå og med i år. Disse regelsetta må sjåast i samanheng, men på eit punkt kan det vere tvil om korleis oppjustering skal skje. Dette gjeld den nye regelen i skatteloven § 10-20 sjuande ledd om skattlegging av gevinst ved realisasjon av andel i verdipapirfond. Her oppstår spørsmål om oppjustering skal skje for heile gevinsten, eller berre den delen som samsvarar med berekna aksjeandel i fondet.

Departementet foreslår at det blir presisert i lovteksten at oppjustering berre skal skje for den delen som samsvarer med berekna aksjeandel i fondet. Det er ein skattytarvennleg løysing som og er prinsipielt mest riktig.

Departementet viser til forslag til skattelova § 10-20 femte ledd nytt anna punktum og § 10-20 sjuande ledd nytt sjette punktum.

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2016.

Departementet antar at endringane ikkje får monalege provenymessige konsekvensar.

Til forsida