Prop. 123 S (2016–2017)

Investeringar i Forsvaret og andre saker

Til innhaldsliste

2 Nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt for godkjenning

2.1 Værnes – lager og forsyning av flydrivstoff

Værnes flystasjon har ei viktig rolle i forsvarskonseptet i Noreg, mellom anna som ein base for å ta imot allierte styrkar for forsterking. Den planlagde verksemda på Værnes krev mykje flydrivstoff, og det set store krav til kapasitet og tilgjenge.

Etter Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 18 (2006–2007), jf. St.prp. nr. 77 (2005–2006), vart ein avtale inngått mellom Noreg og USA om førehandslagring og forsterking av Noreg. I avtalen er forsyning av drivstoff ei av oppgåvene våre. Det er no naudsynt å betre tilstanden og kapasiteten på anlegga for flydrivstoff i Trøndelag.

Ulike løysingar for å lagre drivstoffet er vurderte. Forsvaret treng i hovudsak å lagre flydrivstoff i den nasjonale beredskapen og til støtte for allierte forsterkingar. Drivstoff kan ikkje lagrast over lang tid, for etter ei viss tid lyt ein sende det til destruksjon. Ei god løysing er difor å inngå eit samarbeid med ein part som kan levere flydrivstoff til den sivile verksemda på Værnes. Planen er at Forsvaret byggjer eit tankanlegg for flydrivstoff som òg kan nyttast i den daglege sivile drifta på Værnes.

I prosjekteringa har ein sett på fleire moglege plasseringar av tankar for flydrivstoff, og dei anlegga som finst i dag er kartlagde. Ut frå omsyn til tid og kostnad er den beste løysinga å byggje eit nytt anlegg på ei kai i Muruvik i Malvik kommune. I prosjektet skal ein skaffe naudsynt areal, utbetre og sikre kaia, og etablere tankar for flydrivstoff. Drivstofftankane skal vidare plasserast i eit oppsamlingsbasseng slik gjeldande krav er. Det skal og byggjast eit teknisk bygg med lager, verkstad, pumper og reservekraft, og vidare eit bygg med kaikontor som skal vere bemanna ved lossing av båtar. Ei leidning for drivstoff skal gå frå anlegget i Muruvik og inn på Værnes.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 309 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 284 mill. kroner.

2.2 Ørland – tiltak for å redusere støykonsekvensar

2.2.1 Innleiing

Med bakgrunn i Stortinget sitt vedtak om å etablere hovudbasen for Forsvaret sine kampfly på Ørland, er det gjort ei rekkje konsekvensutgreiingar. Utbygginga av Ørland flystasjon som hovudbase for F-35-flya inneber nær ei dobling av aktiviteten med kampfly samanlikna med i dag, samstundes med at F-35-flya gjev meir støy enn F-16-flya.

Ørland kommune vedtok ny reguleringsplan for Ørland flystasjon 13. november 2014. Kommunal- og moderniseringsdepartementet stadfesta reguleringsplanen 10. august 2015. Som ein direkte konsekvens av reguleringsplanvedtaket og krav i arbeidsmiljølova vil det vere naudsynt å gjennomføre støytiltak på Forsvaret sin eigen bygningsmasse inne på Ørland flystasjon, og gjennomføre støyreduserande tiltak på sivil eigedom i støysonene utanfor sjølve baseområdet.

2.2.2 Ørland – støytiltak på Forsvaret sine bygningar på flystasjonen

Prosjektet for gjennomføring av støyreduserande på bygningar med støysensitivt bruksføremål inneber å gjere bygningsmessige tiltak på bygningar inne på basen med eit støyømfintleg bruksføremål, som ikkje oppfyller krava til innandørs lydnivå og/eller arbeidsmiljølova. Reguleringsplanen set eit krav til innandørs støynivå tilsvarande lydklasse C (30 dB) slik det står i NS 8175:2012. Der dette ikkje let seg realisere på ein fornuftig måte med omsyn til kostnad og andre tilhøve, skal lydklasse D (35 dB) overhaldast, slik det står i NS 8175:2012. Prosjektet inneber å gjere naudsynte bygningstekniske tiltak på til dømes tak, fasadar og vindauge. Type og omfang av tiltak avheng av berekna utandørs støynivå, dei lyddempande eigenskapane i eksisterande byggkonstruksjon og vedlikehaldsstandard på bygget. For bygningar som skal vidareførast i strukturen, vil det verte gjennomført støyreduserande tiltak individuelt tilpassa den aktuelle bygninga. Det er rekna med eit behov for tiltak på inntil 47 bygningar inne på Ørland flystasjon.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 218 mill. kroner medrekna meirverdiavgifta og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er på 183 mill. kroner.

2.2.3 Ørland – tiltak for å redusere støykonsekvensane for omgjevnadene

Prosjektet for å gjennomføre støyreduserande tiltak utanfor baseområdet til hovudbasen på Ørland er inndelt i tre underprosjekt:

  • Innløysing av bygningar og eigedomar utanfor baseområda med støysensitivt bruksføremål i samsvar med dei gjevne grenseverdiane frå reguleringsplanen.

  • Avhending, riving eller sikring av bygningar og eigedomar som vert innløyste.

  • Gjennomføring av støytiltak på bygningar med støysensitivt bruksføremål utanfor baseområda i samsvar med dei gjevne grenseverdiane i reguleringsplanen.

Prosjektet for innløysing av bygningar og eigedomar med støysensitivt bruksføremål inneber å gje tilbod om innløysing for eksisterande bygningar med støyømfintleg bruksføremål som overstig maksimalstøyverdi over 100 dB eller gjennomsnittstøyverdi over 62 dB, som er berekna tolerert (frittfelt) lydnivå. Dette inneber å kjøpe bustadar frå dei som ynskjer å verta innløyste, då bustadane deira ikkje kan verte nytta til sitt opphavlege føremål. Dersom eigarane ikkje ynskjer innløysing, vil dei, i samsvar med reguleringsplanen for Ørland flystasjon, få tilbod om støyreduserande tiltak ned til forureiningsforskrifta sitt krav til innandørs støynivå (42 dB). 176 bygningar på Ørland med støyømfintleg bruksføremål vil vere aktuelle for innløysing som ein konsekvens av F-35-anskaffinga.

Prosjektet for avhending, riving og sikring av bygningar og eigedomar som vert innløyste omfattar dei totalt 176 bustadane med støysensitiv funksjon på Ørland frå innløysingsprosjektet. I tillegg kjem avhending eller riving av inntil 137 garasjar og uthus på Ørland, som ein direkte konsekvens av innløysinga av bustadar. Totalt sett omfattar prosjektet avhending av inntil 313 bygningar.

Prosjektet for gjennomføring av støytiltak på bygningar med støysensitivt bruksføremål inneber å gje tilbod om tiltak på bygningar med støyømfintleg bruksføremål, som ikkje oppfyller krava til innandørs lydnivå. Reguleringsplanen set eit krav til innandørs støynivå tilsvarande lydklasse C (30 dB, sjå NS 8175:2012). Der dette ikkje er mogeleg ut frå bygningstekniske høve eller grunna urimeleg høge kostnader, skal lydklasse D (35 dB, sjå NS 8175:2012) overhaldast. Prosjektet inneber å gjere naudsynte bygningstekniske tiltak på til dømes tak, fasadar og vindauge. Type og omfang av tiltak avheng av berekna utandørs støynivå, dei lyddempande eigenskapane i eksisterande byggkonstruksjon og standarden for vedlikehald på bygga. Det vil verte gjennomført ei synfaring på alle aktuelle bygningar for å registrere status og foreta berekningar for utarbeiding av støyreduserande tiltak individuelt tilpassa dei einskilde bygningane. Før ein set i verk tiltak, må ein inngå avtale med og innhenta løyve frå bustadeigarane. Det er rekna med eit behov for å synfare og vurdere inntil 1 052 bygningar på Ørland.

Det er gjennomført eit pilotprosjekt for å gje eit tilstrekkeleg erfaringsgrunnlag for prising av støytiltaka på dei aktuelle bustadane i gul støysone. 78 bustadar vart identifiserte, detaljprosjekterte og lagt ut på anbod.

Vidare er det gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med Finansdepartementet sine retningsliner for store, statlege investeringar. Ekstern kvalitetssikrar konkluderer med at prosjektet kan førast vidare, men at det er eit potensiale i prosjektet for å redusere kostnadane til støytiltak på bygningar med støysensitivt bruksføremål i gul støysone med inntil 120 mill. kroner. Forsvarsdepartementet vil gjennomgå kost-nytte-kriteria som er lagt til grunn for delprosjektet for dei støyreduserande tiltaka i gul støysone, og justere kostnadskalkylane dersom vilkåra for det er til stades. Resultata frå kvalitetssikringa er lagt til grunn for den endelege ramma for kostnadar. Forsvarsdepartementet vil følgje opp dei tiltaka ekstern kvalitetssikrar tilrår for å redusere usikkerheita i prosjektet.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 1 320 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 1 110 mill. kroner.

2.3 Ørland – nye hangarar for F-35 kampfly

Bygging av hangarar for F-35 er eit særs viktig prosjekt for etableringa av kampflybasen på Ørland og anskaffinga av F-35 som Forsvaret sitt nye kampfly.

Hangarprosjektet inneber bygging av tolv hangarar, kvar med plass til to F-35, med ein robust konstruksjon som gjev tilstrekkeleg tryggleik mot inntrenging og godt vern mot ytre påverknad. Flya er fysisk åtskilt frå kvarandre i hangaren. Kvar einskild hangar vil innehalde rom og utstyr for å klargjere flya for oppdrag. Hangarane vil vidare verte lokaliserte på ein relativt kompakt måte nord på basen og i nærleiken av skvadronsbygget og vedlikehaldsfasilitetane for F-35. Det sikrar ei arealeffektiv løysing med god utnytting av dei tilgjengelege ressursane. Kort avstand frå hangarane til skvadrons- og vedlikehaldsbygget gjer det mogeleg å optimalisere den daglege drifta av F-35. Det vil gje ei trygg og effektiv handsaming av flya på bakken, noko som er ein føresetnad før å sikre krava til kampflyvåpenet si operative evne. Hangarane må stå klare seinast våren 2020 for at skiftet frå F-16 til F-35 kan gå som planlagd.

I tillegg til desse hangarane vil vedlikehaldsbygget og verte nytta til å huse F-35 i den daglege verksemda ved Ørland flystasjon. Dei resterande F-35 vil førebels verte lokaliserte i den eksisterande bygningsmassen ved Ørland flystasjon og på Evenes.

Føresetnadane for prosjektet har endra seg undervegs. Gjennom Prop. 73 S (2011–2012) vart det lagt til grunn at kampflybasen skulle tilfredsstille behovet for sikring i fredstid. Det skulle planleggjast for fleire tiltak dersom trugsmålsbiletet endra seg. I samband med handsaminga av Innst. 62 S (2016–2017), jf. Prop. 151 S (2015–2016), vart det vedteke at dei flybasane som skal nyttast til krise og væpna konflikt må få auka sikring og vern mot åtak samanlikna med føresetnadene frå Prop. 73 S (2011–2012). Med den korte varslingstida som no vert lagt til grunn, må kampflybasen verte konstruert slik at den frå første dag i størst mogeleg grad kan fungere som ein fullverdig base i fred, krise og krig.

Det er gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet. Etter kvalitetssikrar si vurdering er det ikkje godtgjort at prosjektet er optimalisert med omsyn til hangarane si plassering/spreiing sett opp mot krava om at basen skal vere ein fullverdig stridsbase, slik han er omtalt i den gjeldande langtidsplanen for Forsvaret. For å gjere det mindre sannsynleg med ei feilinvestering, føreslår kvalitetssikrar å byggje seks hangarar i eit første byggetrinn saman med infrastrukturen (drivstoff, straum, vatn, osv.), før dei siste seks på same staden. Vidare føreslår ekstern kvalitetssikrar ein opsjon der bygginga av dei siste seks hangarane vert bestemd når det er laga ein samla plan for utviklinga av Ørland flystasjon som ein stridsbase.

Dersom prosjektet vert gjennomført i to etappar, slik kvalitetssikrar tilrår, må styrings- og kostnadsramma aukast med høvesvis omlag 40 mill. kroner, og omlag 60 mill. kroner dersom opsjonen vert nytta og alle hangarane vert bygd på same staden som dei seks første. Om denne opsjonen ikkje vert nytta, vil prosjektet levere seks hangarar til ein kostnad på omlag 1 520 mill. kroner, det vil seie til ca. 3/4 av prisen for tolv. I tillegg kjem kostnadene for å byggje ytterlegare seks hangarar ein annan stad på basen. Forsvarsbygg reknar med at dette vil koste omlag 1 000 mill. kroner. Ei slik løysing inneber og at det vil verte for få hangarar tilgjengeleg i tide for å støtte opp under innfasinga av F-35. Forsvarsdepartementet vurderer at risikoen ved ei opsjonsløysing, når det gjeld kostnadar og tid, er for stor. Opsjonsløysinga vil kunne verke negativt for den daglege drifta og den vil krevje meir personell og større økonomiske ressursar utan at sikringa naudsynleg vert særleg betre. Departementet føreslår difor at prosjektet vert godkjend med ei samla bygging av dei tolv hangarane slik planen har vore.

Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma. Prosjektet for etablering av hangarløysing for F-35 på Ørland er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 2 266 mill. kroner medrekna innreiing, IKT-utstyr og meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 2 044 mill. kroner.

Eit samla konsept for korleis basen sine funksjonar skal oppretthaldast i fred, krise og krig er under utarbeiding. Der vert det skildra korleis dei ulike tiltaka, til dømes luftvern, baseforsvar, drivstoffanlegg, hangarar og annan infrastruktur, skal innrettast for best mogleg drift. Departementet vil kome attende til Stortinget med nærmare informasjon om dette når utgreiinga er ferdig og handsama i departementet.

2.4 Kampflybase Ørlandet – etableringskostnadar

Stortinget vart gjennom Prop. 113 S (2014–2015) og Prop. 151 S (2015–2016) informert om kostnadsbilete for utviklinga av Ørland flystasjon som hovudbase for Forsvaret sine nye kampfly. Dei auka kostnadane for å gjennomføre støyreduserande tiltak på Ørland og etablering av ny beskytta hangarløysing for F-35 er innanfor det kostnadsbilete Stortinget har slutta seg til for utbygginga av Ørland flystasjon som ny hovudbase for F-35, jf. Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016). Det er viktig å understreke at desse endringane i baseløysinga for F-35 òg ville gjeve auka kostnadar i dei andre føreslegne basealternativa frå Prop. 73 S (2011–2012). Samla meiner Forsvarsdepartementet at skilnaden mellom det reviderte kostnadsbilete på Ørland og dei andre alternativa ikkje er vesentleg endra sidan basevalet i 2012.