Prop. 123 S (2016–2017)

Investeringar i Forsvaret og andre saker

Til innhaldsliste

3 Nye materiellprosjekt for godkjenning

3.1 Anskaffing av nye ubåtar

Ubåtar er ein sentral militær kapasitet for Noreg. Gjennom deira evne til å operere skjult i lang tid, over store område og med stor slagkraft, bidreg ubåtar i stort monn til Forsvaret si evne til avskrekking. Ubåtar har stor innverknad på militære operasjoner i det maritime domenet, både over og under vatn. Dei har ein høg kapasitet til å oppretthalde ein krigsførebyggjande terskel. For ein maritim nasjon som Noreg er ubåtar ein av dei viktigaste kapasitetane i vårt militære forsvar. Våre ubåtar er også ein viktig strategisk ressurs. I den vidare utviklinga av kapasitetane i Sjøforsvaret står anskaffinga av nye ubåtar sentralt. I samsvar med Stortinget si handsaming av Innst. 62 S (2016–2017), jf. Prop. 151 S (2015–2016), skal Noreg anskaffe fire nye ubåtar med innfasing frå midten av 2020-talet. Fire nye ubåtar vert rekna som heilt naudsynt for å vidareføre ubåt som ein moderne kapasitet og for å kunne ha eit tilstrekkeleg robust kompetansemiljø i Sjøforsvaret. Samstundes vert det også rekna som bærekraftig i eit lengre driftsperspektiv.

Våre seks Ula-klasse ubåtar vart fasa inn i Forsvaret i perioden 1989–1992, med ei forventa teknisk levetid på 30 år, det vil seie til tidleg på 2020-talet. Ved å oppdatere og oppgradere samt kjøpe inn kritiske reservedelar, legg departementet til grunn at Ula-klassen vil kunne haldast operativ til rundt midten av 2020-talet, med utfasing av siste farty rundt 2028.

Departementet har gjennomført utgreiingar i tre fasar sidan 2007 for å finne det beste alternativet for å kunne møte behovet for ubåtkapasitet etter 2020. Regjeringa gjorde hausten 2014 eit konseptval med omsyn til vidareføring av norsk ubåtkapasitet. Av alternativa anskaffing av ei ny ubåtklasse eller levetidsforlenging av dagens Ula-klasse, var anskaffing det klårt beste alternativet. Nye ubåtar, til erstatning for Ula-klassen, vil sikre at Noreg har ein relevant ubåtkapasitet for framtida.

Prosjekt Nye ubåtar er nå ferdig med definisjonsfasen, og framskaffingsløysinga har vore gjennom ei ekstern kvalitetssikring (EKS 2) i samsvar med retningslinene for store statlege investeringar. Prosjektet understøttar Stortinget sine prioriteringar og den vedtekne forsvarsstrukturen i langtidsplanen for forsvarssektoren.

Nye ubåtar vil gradvis overta for Ula-klassen frå midten av 2020-tallet. Ei anskaffing av nye ubåtar vil gå over eit tiår med leveranse av første ubåt om lag sju år etter bestilling, og påfølgande ubåtar leverte med ei takt på ein kvart år. For å sikre at ubåtkapasiteten vert oppretthalden, og for å sikre ein naudsynt overlapp mellom Ula-klassen og nye ubåtar, vert det planlagt å inngå kontrakt i 2019. Noreg får då levert nye ubåtar frå midten av 2020-talet og fram mot 2030. Dette bidreg til at Noreg opprettheld ein kontinuerleg ubåtkapasitet, både materiell- og personellmessig, slik at Forsvaret ivaretek evna til å utføre ubåtoperasjonar.

Prosjektet for nye ubåtar tek utgangspunkt i at anskaffinga vert basert på eit eksisterande design frå ein røynd leverandør. Dette reduserer risiko og usikkerheit i prosjektet samstundes som det er gunstig med omsyn til skalering og internasjonalt samarbeid.

Noreg har inngått eit strategisk samarbeid med Tyskland om anskaffing av nye ubåtar. Dette samarbeidet tek utgangspunkt i eit eksisterande tysk ubåtdesign og eit felles kravsett. Tyskland og Noreg kjem til å anskaffe identiske ubåtar. Samarbeidet vil omfatte utdanning, trening, vedlikehald, levetidsunderstøtting, reservedelar, oppdateringar og oppgraderingar. Produksjonen av nye ubåtar vil bli samordna. Noreg planlegg å anskaffe fire ubåtar, og Tyskland anskaffer to. Tyskland tek ubåt nr. 3 og nr. 6 av byggeserien på seks ubåtar. Dette sikrar identisk konfigurasjon på ubåtane.

Skalafordelane over tid i eit slikt samarbeid vil redusere drifts- og vedlikehaldskostnadane samt redusere kostnadane for oppdateringar og oppgraderingar. Det vil også skape ringverknader for viktige delar av norsk industri.

Dei nye ubåtane vil gjenbruke mykje av dagens infrastruktur på Haakonsvern og i Ramsund, men det vert naudsynt å tilpasse kaier samt at simulatorar for Ula-klassen må skiftast ut med simulatorar for dei nye ubåtane. Eksisterande bygningsmasse for administrasjon, utdanning og trening av mannskap vert gjenbrukt i størst mogeleg grad. Vedlikehaldsløysing for nye ubåtar er nylig utgreidd, og målsetjinga er ei kostnadseffektiv løysing som også kan handtere internasjonalt samarbeid. Regjeringa planlegg å kome tilbake med ei tilrådd løysing for vedlikehald av dei nye ubåtane i 2019.

3.2 Industrielle aspekt

Nye ubåtar vil måtte anskaffast frå utlandet då Noreg sjølv ikkje har verftsindustri med kompetanse eller tradisjonar for å byggje ubåtar. Hovuddelen av materiellet vil verte anskaffa frå utanlandske leverandørar.

Valet av Tyskland som hovudleverandør, og seinare val av underleverandørar og industrielle samarbeidspartnarar, vil i alle høve ta utgangspunkt i Forsvaret sitt behov, og i forholdet mellom pris og kvalitet. Ei anskaffing av ubåtar vil basere seg på eit eksisterande design frå den kvalifiserte tyske leverandøren ThyssenKrupp Marine Systems (tkMS). Industrielle aspekt har vore utgreidd i inneverande fase av prosjektet, og det er klårt at norsk industri har høg kompetanse på einskilde delsystem til ubåtar. Departementet legg til grunn at kvalifiserte norske bedrifter får viktige rollar i ubåtframskaffinga. Departementet vil også i tida framover leggje vekt på den norske industrielle deltakinga, mellom anna for å redusere prosjektrisiko.

Eksport og internasjonalt samarbeid er ein føresetnad for å oppretthalde ein nasjonal forsvarsindustri. Ei anskaffing av nye ubåtar vil difor bli aktivt brukt opp mot internasjonale partnarar for å vidareutvikle ein kompetent og konkurransedyktig norsk forsvarsindustri.

I tråd med dei gjeldande retningslinene for industrielt samarbeid ved forsvarsanskaffingar frå utlandet, vil det bli kravd industrisamarbeid tilsvarande verdien av kontrakten. Departementet har ansvaret for å forhandle fram forpliktande avtalar om myndigheits- og industrisamarbeid. Anskaffinga av ubåtar vil sikre marknadstilgang for norsk forsvarsindustri og dermed bidra til nasjonal verdiskaping innanfor dei prioriterte teknologiområda, som er nærare omtala i Meld. St. 9 (2015–2016).

Det er allereie innleidd eit strategisk samarbeid med Tyskland som vil opne for sal av norske missil til Tyskland og samarbeid om vidareutvikling av missil og missilteknologi. Samarbeidet omfattar og kampleiingssystem på dei norske og tyske ubåtane. I tillegg vil dette opne for eksport av norsk kampleiingssystem utover ramma av ubåtprogramma i Noreg og Tyskland. Dette samarbeidet vil også opne for oppdrag for ei rekkje små og mellomstore bedrifter i Noreg. Samarbeidet med Tyskland er positivt for høgteknologisk kompetanseutvikling i Noreg og for eksportpotensialet til norskutvikla produkt.

Det er viktig å bruke anskaffinga av ubåtar til å bidra til å oppretthalde sentrale nasjonale kompetansemiljø. Gjennom denne type industrielt samarbeid vert kompetansen i norsk forsvarsindustri oppretthaldt og vidareutvikla i samsvar med målsettinga i regjeringa sin forsvarsindustrielle strategi slik han er presentert i Meld. St. 9 (2015–2016).

3.3 Ambisjonsnivå og tidsplan

Forsvarsdepartementet er i forhandlingar med tyske styresmakter med sikte på å etablere eit bilateralt avtaleverk innan medio 2017. Dette avtaleverket skal danne grunnlaget for dei komande felles forhandlingane med verftet om samkjøp av nye ubåtar. Når avtaleverket er på plass, vert ein felles forhandlingsprosess med den tyske leverandøren sett i verk. Forhandlingane med verftet vil krevje om lag to års arbeid før inngåing av kontrakt.

For å kunne få levert fire nye ubåtar frå 2026 og fram mot 2030, vil det vere naudsynt å inngå kontrakt i 2019. Tid frå kontraktsignering til første operative ubåt kan leverast, er sju år. Leveransetakt for nye ubåtar vert planlagt slik at dei vert sette i operativ teneste så snart dei er leverte, i perioden 2026 til 2030, parallelt med utfasinga av Ula-klassen fram mot 2028. Overlapping med dei då 38 år gamle Ula-ubåtane vert marginal. Det er difor viktig å sikre kontinuitet i overgangen til nye ubåtar, noko som gjev sterke føringar for prioriteringa av framdrift i prosjektet.

3.4 Ekstern kvalitetssikring

Det er gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene for store statlege investeringar. Rapporten frå ekstern kvalitetssikrar støttar hovudkonklusjonane i beslutningsunderlaget. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den føreslegne kostnadsramma, men det har vore naudsynt å justere opp rammene med tre prosent grunna endringane som følgjer av samarbeidet med Tyskland. Tyskland produserer fleire ulike typar ubåtar, primært for eksportmarknaden. Noreg har vurdert fleire modellar, men for å få til eit samarbeid rundt identiske ubåtar, vart det naudsynt å ta utgangspunkt i den modellen som allereie er i teneste i Tyskland. Denne modellen var tidlegare ikkje tilgjengeleg for eksport, men samarbeidet med Tyskland har no opna opp for at Noreg saman med Tyskland kan anskaffe nye ubåtar basert på denne såkalla 212-klassen. Dei nye ubåtane vil vere robuste og framtidsretta. Det har vore ei målsetjing å finne samarbeidspartnarar vi kan drifte saman med. I avtalen med Tyskland har vi funne gode kompromissar for godt samarbeid, men kompromissa har auka sjølve investeringskostnadene med tre prosent. Samstundes vil like ubåtar bidra til reduserte kostnadar i levetidsperspektivet. Samarbeid om utdanning, trening, vedlikehald, levetidsunderstøtting, reservedelar, oppdateringar og oppgraderingar vil totalt sett bidra til lågare levetidskostnader enn det vi ville fått til utan eit samarbeid. I tillegg vil dei nye ubåtane kunne vere attraktive for fleire land, og fleire partnarar vil vanlegvis gjeve stordriftsfordelar.

Ekstern kvalitetssikrar har konkludert med at ubåtar framleis er ein relevant kapasitet for Forsvaret, og at prosjektet framstår som solid utgreidd. Departementet vil følgje opp alle forhold som er peika på i den vidare styringa av prosjektet. Likeså vil departementet syte for at dei usikkerheitsreduserande tiltaka, som ekstern kvalitetssikrar har tilrådd, vert fylgt opp innan prosjektet vert sett i gong.

3.5 Kostnadar

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 41 370 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit og gjennomføringskostnadar. Prosjektet si styringsramme vert sett til 35 730 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

Den samla kostnadsramma for prosjektet er i tråd med dei planføresetnadane som ligg til grunn for den nye langtidsplanen for Forsvaret, jf. Prop. 151 S (2015–2016). Utbetalingsprofilen for prosjektet strekkjer seg frå kontraktsinngåinga i 2019, gjennom byggjeperioden på 2020-talet, og fram til utgangen av garantifasen i 2032. Dei største utbetalingane kjem rundt midten av 2020-tallet. Det vert og planlagt med utbetalingar i 2018 som er knytte til risikoreduserande tiltak som vert gjennomført saman med vår tyske partnar.