Prop. 123 S (2016–2017)

Investeringar i Forsvaret og andre saker

Til innhaldsliste

4 Andre saker

4.1 Multirolle tank- og transportfly – inngåing av eit fleirnasjonalt samarbeid

Stortinget har, gjennom handsaminga av Innst. 62 S (2016–2017), jf. Prop. 151 S (2015–2016), vedteke at Noreg skal inngå i det europeiske samarbeidsprogrammet om ei felles framskaffing, drift og bruk av ei fleirnasjonal flåte av multirolle tank- og transportfly (MRTT).

Luft-til-lufttanking er ein viktig føresetnad eksempelvis i luftoperasjonar. For å kunne møte framtidas operative utfordringar, samt ivareta ei effektiv utnytting av vårt kampflyvåpen, er det naudsynt å ha lufttankingskapasitet. Forsvaret nyttar i dag kjøp av, eller leige av, tankflytimar frå allierte kapasitetar for å halde norske kampflygarar operative på luft-til-lufttanking.

Fly med tank- og transportkapasitet er ein høgt etterspurd kapasitet i NATO. Det fleirnasjonale MRTT-samarbeidet, som er eit europeisk initiativ for å auke MRTT-kapasiteten i Europa, vil og bidra til meir balanse i byrdefordelinga mellom Europa og USA. Det vil vidare bidra til å dekke Noreg sitt behov ved at vi går forpliktande inn med eit visst tal på flytimar per år. Nederland og Luxembourg har vore forplikta i MRTT-samarbeidet sidan juli 2016, og det er inngått kontrakt på dei to fyrste tankflya med opsjon på ytterlegare seks fly frå leverandøren Airbus Defence Systems. Det fyrste flyet er venta å vere operativt frå 2020.

Regjeringa vil ta stilling til ambisjonsnivået for Noreg sin del av dette samarbeidsprosjektet, og vil forplikte seg til samarbeidet gjennom å signere ein bindande avtale om anskaffinga (Memorandum of Understanding – MoU) i løpet av 2017. Saman med Belgia og Tyskland underteikna Noreg ein intensjonsavtale (Declaration of Intent – DoI) om dette på NATO sitt forsvarsministermøte våren 2017. Kostnadane for Noreg si deltaking i MRTT-samarbeidet vil bli dekt innanfor Forsvarsdepartementet sine gjeldande budsjettrammer.

4.2 Endring i grunnregel § 1-4 for Det frivillige Skyttervesen

I samsvar med gjeldande grunnreglar til Det frivillige Skyttervesen (DFS) krev vesentlege endringar i oppbygginga, føremålet og verksemda til organisasjonen godkjenning av Forsvarsdepartementet og Stortinget. DFS ynskjer, i tråd med fatta vedtak på Skyttertinget, å endre grunnregel § 1-4 for å opne for at utanlandske statsborgarar kan verte medlemar i deira skyttarlag. På denne bakgrunnen, og i tråd med DFS sitt ynskje, tilrår regjeringa at grunnregel § 1-4 vert endra til:

«Norske statsborgere og personer med permanent oppholdstillatelse, som respekterer gjeldende lover og bestemmelser, kan være medlemmer av et tilsluttet skytterlag.

Ungdom under 18 år med midlertidig oppholdstillatelse kan være medlemmer i skytterlag på lik linje med norske ungdommer».