Prop. 124 S (2016–2017)

Utbygging og finansiering av prosjektet E6 Vindåsliene – Korporalsbrua i Sør-Trøndelag

Til innhaldsliste

2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga

Strekninga E6 Vindåsliene – Korporalsbrua er smal og svingete og har låg standard. Vegbreidda varierer frå i underkant av 7 meter til rundt 9 meter i dei krappaste kurvene. Fartsgrensa varierer frå 50 til 80 km/t. Vegstandarden er hemmande for næringslivet i Trøndelag og for transporten elles mellom Nord- og Sør-Norge.

Tunge køyretøy utgjer ein stor del av trafikken. Trafikkteljingar i 2016 viste at talet på køyretøy over 5,6 meter utgjorde 24 prosent av alle køyretøy som passerte eit teljepunkt på strekninga. Dette, saman med den gjennomgåande dårlege vegstandarden, gjer at tungtransport på strekninga er ei stor belastning for både yrkessjåførar og annan trafikk.

Figur 2.1 E6 Vindåsliene – Korporalsbrua – kartskisse

Figur 2.1 E6 Vindåsliene – Korporalsbrua – kartskisse

I perioden 2007–2016 blei det registrert 13 ulykker med 19 personskadar på denne strekninga av E6. Av dei skadde var ein person hardt skadd og 12 personar lettare skadde.

E6 går i dag langs elva Sokna og gjennom tettstaden Soknedal. Både bratt sideterreng og elva er avgrensande for val av veglinje. Dette gir ein krapp kurvatur som ikkje er i tråd med dagens krav til riksvegstandard. Hovsbrua nord for sentrum er dessutan i dårleg forfatning og har behov for opprusting. Gjennom tettstaden Soknedal går dagens veg i ein krapp sving, og gjennom sentrumsområdet er fartsgrensa 50 km/t.

Prosjektet omfattar bygging av 6,4 km to-/trefelts veg med midtrekkverk og fartsgrense 90 km/t i ny trasé på vestsida av Sokna. Vegen blir lagt utanom Soknedal sentrum med tilkopling til tettstaden gjennom eit planskilt kryss sør for sentrum. Nord for sentrum vil E6 gå på ny bru over Sokna før vegen går inn i ein om lag 3,6 km lang tunnel med eit løp. Tunnelen vil komme ut i dagen 500–600 meter sør for Korporalsbrua. Bygging av samanhengande gang- og sykkelveg inngår i prosjektet. Dagens E6 i sentrum av Soknedal og nordover til Korporalsbrua vil bli lokalveg når ny veg er ferdigstilt.

Prosjektet vil føre til at reisetida på strekninga Vindåsliene – Korporalsbrua blir redusert frå 9 til 6,5 minuttar, noko som vil redusere avstandskostnadene for godstrafikken. Det er rekna med ei halvering av både ulykkesfrekvens og ulykkeskostnader etter at prosjektet er ferdigbygd. I Soknedal sentrum vil trafikktryggleiken og miljøtilhøva bli vesentleg betra.

Reguleringsplanen for delstrekninga Vindåsliene – Soknedal sentrum blei endeleg vedteke av Midtre-Gauldal kommune i juni 2015. Reguleringsplanen for delstrekninga Soknedal sentrum – Korporalsbrua blei vedteke i januar 2016.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av E6 Vindåsliene – Korporalsbrua. Kvalitetssikringa har omfatta prosjektstyringsunderlag, kostnadsoverslag og trafikkgrunnlag. Prosjektet blir vurdert som godt beskrive og planlagt, og ekstern kvalitetssikrar påpeiker at prosjektet er godt tilpassa trafikkgrunnlag og planlagt vegstandard i tilgrensande parsellar. Vidare finn dei at prosjektet vil oppfylle effektmåla med god margin, og finansieringsplanen er vurdert å vere rimeleg robust også ved ei negativ utvikling i trafikk og kostnader.

Statens vegvesen har foreslått ei styringsramme på 1 610 mill. 2015-kr og ei kostnadsramme på 1 750 mill. 2015 kr. Rekna om til 2017-prisnivå utgjer dette ei styringsramme på 1 680 mill. kr og ei kostnadsramme på 1 830 mill. kr.

Den eksterne kvalitetssikraren har tilrådd ei styringsramme som ligg om lag 10 mill. kr lågare enn det Statens vegvesen har foreslått. Skilnaden mellom dei to kostnadsoverslaga er så liten at det i realiteten ikkje er nokon skilnad. Basert på erfaringar med tilsvarande prosjekt held Statens vegvesen fast ved sitt opphavelege forslag til styrings- og kostnadsramme. Samferdselsdepartementet sluttar seg til Statens vegvesen si tilråding.

Prosjektet sin samfunnsøkonomiske netto nytte er rekna til om lag -540 mill. kr. Netto nytte pr. budsjettkrone er rekna til -0,6. Netto nytte over totale kostnader er rekna til -0,2.