Prop. 124 S (2016–2017)

Utbygging og finansiering av prosjektet E6 Vindåsliene – Korporalsbrua i Sør-Trøndelag

Til innhaldsliste

7 Samferdselsdepartementet si vurdering

E6 Oppland grense – Trondheim er ein viktig del av det nasjonale vegnettet og den viktigaste hovudvegen for Midt–Norge. Utbygging av E6 på strekninga Vindåsliene – Korporalsbrua vil fjerne ein flaskehals på E6. Ei ulykkes- og miljøbelasta strekning av E6 med stor gjennomgåande trafikk og mykje tungtransport vil bli utbetra, og trafikken vil bli ført utanom Soknedal sentrum. Utbygginga er viktig for næringsutvikling på aksen nord-sør i Norge, og for Trondheimsregionen.

Det er lokalpolitisk semje om delvis bompengefinansiert utbygging av prosjektet E6 Vindåsliene – Korporalsbrua, og Sør-Trøndelag fylkeskommune har vedteke å stille garanti for føresett bompengelån.

Som omtalt i Prop. 1 S (2015–2016), legg regjeringa opp til ei ny organisering av bompengesektoren med fem regionale bompengeselskap. Samferdselsdepartementet føreset at E6 Vindåsliene – Korporalsbrua blir lagt inn i eit av dei nye regionale bompengeselskapa når dei er etablert.