Prop. 130 LS (2016–2017)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

11 Eingongsavgift – innføring av ny køyresyklus

Eingongsavgifta for person- og varebilar vert i dag berekna på bakgrunn av vekt og utslepp av CO2 og NOX. EU er i gang med å innføre nye reglar for måling av avgassar som skal nyttast ved typegodkjenning av nye person- og varebilar. Mellom anna vert det innført ein ny køyresyklus (Worldwide harmonized Light vehicles Test Procedure (WLTP)) som gjev meir realistiske utsleppsverdiar enn den gjeldande (New European Driving Cycle (NEDC)). Dette får betyding for eingongsavgifta.

Dei nye reglane vert fasa inn gradvis. Frå 1. september 2017 skal WLTP nyttast ved alle nye typegodkjenningar av personbilar, medan personbilar som er typegodkjende før denne datoen vil vere målte etter NEDC. Frå 1. september 2018 skal alle nye personbilar vere målte etter WLTP. For varebilar er tidspunkta flytta eitt år fram. Fram til 2021 vil det òg verte fastsett CO2-utslepp etter NEDC for bilar som er typegodkjende etter 1. september 2017.

Ifylgje Vegdirektoratet gjev måling av CO2-utslepp etter WLTP rundt 10 pst. høgare verdiar enn målt etter NEDC. Det er ingen fast samanheng, og forskjellane varierer frå bilmodell til bilmodell. Departementet har ikkje tilgjengeleg datagrunnlag til å seie noko nærare om samanhengen. Førebelse testar viser òg høgare NOX-utslepp målt etter WLTP enn NEDC, men auken ligg i gjennomsnitt lågare enn auken for CO2. Dei tillatne grenseverdiane for utslepp av NOX vert ikkje endra med WLTP, og den nye målemetoden betyr difor i praksis ei skjerping av maksimalverdiane.

Fram til 2019 vil ein stor del av dei køyretøya som vert registrerte, ikkje ha utslepp målte etter WLTP. Utsleppsverdiane etter WLTP og NEDC er ulike, og kan ikkje utan vidare nyttast om kvarandre ved berekninga av CO2- og NOX-komponentane i eingongsavgifta. Det vil i fall favorisere køyretøy som vert registrerte på utgåande typegodkjenningar. Forskjellen vil i enkelte høve verte stor.

Som ei praktisk løysing legg departementet til grunn at CO2-utslepp målte etter NEDC inntil vidare vert nytta for alle køyretøy. Dette vil verte presisert i forskrift eller instruks. Det vert lagt opp til at utsleppsverdiar målt etter ny køyresyklus vil liggje til grunn for berekning av CO2-komponenten frå 2019.

Det vil ikkje verte fastsett NOX-utslepp etter NEDC for køyretøy som er typegodkjende etter 1. september 2017. Ved berekninga av eingongsavgifta vil difor den verdien som er tilgjengeleg, måtte nyttast. Dette inneber at NOX-utslepp målte etter ny køyresyklus vert lagde til grunn for køyretøy som er typegodkjende etter 1. september 2017. Det vil i gjennomsnitt gje ei lita skjerping av avgifta. NOX-komponenten utgjer ein liten del av avgifta, og forskjellane i avgift grunna måling etter ulik køyresyklus vil vere tilsvarande små.

Til forsida