Prop. 130 LS (2016–2017)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

12 Vegbruksavgift på naturgass

Ved behandlinga av revidert statsbudsjett for 2016 vart vegbruksavgifta på naturgass redusert frå 5,96 kroner per Sm3 til null, jf. Innst. 400 S (2015–2016) s. 12. Stortinget gjorde samstundes fylgjande oppmodingsvedtak nr. 1002 (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen påse at midlertidig ordning for 2016 med kr 0,00 i sats for veibruksavgift for naturgass (LNG) opphører i 2017 ved snarest mulig å utarbeide grunnlag for notifisering og iverksette prosessen med ESA, slik at det 1. januar 2017 kan innføres 100 pst. veibruksavgift på LNG i kombinasjon med en overgangsordning med unntak for veibruksavgift på naturgass brukt som supplement som settes til 50 pst. som et første skritt, men nedtrapping mot 0 pst. i 2025.»

Finansdepartementet har i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet teke til med prosessen med å notifisere ordninga, og det er sendt over eit utkast til pre-notifikasjon til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA). Tilbakemeldingane frå ESA vil vere rettleiande for det vidare arbeidet med saka.

I budsjettet for 2016 viste departementet til at det kan ta noko tid før ein formell notifikasjon er klar og ordninga eventuelt kan setjast i verk. Med tilvising til at ordninga ikkje kunne gjerast gjeldande frå 1. januar 2017, vart det foreslått at Finansdepartementet fekk fullmakt til å setje ordninga i verk saman med auka vegbruksavgift på naturgass, så snart ESA eventuelt har godkjent ordninga. Stortinget slutta seg til dette.

Departementet vil arbeide vidare med så raskt som mogleg å notifisere tiltaket, og vil kome tilbake til saka i 2018-budsjettet. Etter Finansdepartementet si vurdering er saka krevjande, og det er usikkert om ESA kan godkjenne ordninga.

Til forsida