Prop. 130 LS (2016–2017)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om endring i lov 18. desember 2015 nr. 110 om endringer i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

I

I lov 18. desember 2015 nr. 110 om endringer i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjer ein følgjande endring:

Eigedomsskattelova § 8 C-1 tredje ledd skal lyde:

(3) Er verdet (taksten) for bustader sett ned ved fastsetjinga etter skatteloven § 4-10 første ledd andre eller tredje punktum, utgjer skattegrunnlaget det justerte verdet multiplisert med 2,67 for primærbustad og 0,83 for sekundærbustad.

II

Endringa under I tek til å gjelde straks med verknad for skatteåret 2018.

Til forsida