Prop. 130 LS (2016–2017)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

9 Eingongsavgift for motorsyklar

I budsjettet for 2017 vart det varsla ei endring av eingongsavgifta for motorsyklar etter modell av endringane for personbilar. Vidare gjorde Stortinget i behandlinga av statsbudsjettet for 2017 fylgjande oppmodingsvedtak (vedtak 108 nr. 4):

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om miljødifferensiering av engangsavgiften på motorsykler etter modell av omleggingen i engangsavgiften for personbiler så snart det er mulig.»

For motorsyklar er eingongsavgifta basert på slagvolum og motoreffekt i tillegg til ei stykkavgift. Slagvolumavgifta gjeld for motorsyklar med slagvolum over 125 cm3 og med ein høgare sats for dei med slagvolum over 900 cm3. Effektavgifta gjeld for motorsyklar med motoreffekt over 11 kW, medan stykkavgifta i 2017 er på 8 254 kroner per sykkel. Innrettinga inneber at eingongsavgifta for lette motorsyklar berre er stykkavgifta, medan tunge motorsyklar òg har avgift på effekt og slagvolum.

Eingongsavgifta for personbilar er frå 2006 og fram til i dag endra frå ei avgift på vekt, slagvolum og motoreffekt til ei avgift på vekt og utslepp av CO2 og NOX. For å leggje avgift på utslepp òg for motorsyklar må slike opplysningar vere i typegodkjenninga og liggje inne i motorvognregisteret. Hittil har ikkje slike opplysningar vorte registrerte for motorsyklar. Dette er no endra slik at nye motorsykkelmodellar må ha opplysningar om utslepp av CO2 og NOX i typegodkjenninga. Framleis har mange av dei nye motorsyklane som vert registrerte, gamle typegodkjenningar utan utsleppsverdiar. Ifylgje Vegdirektoratet er det venta at delen nye motorsyklar med registrert utsleppsinformasjon vil auke i laupet av 2017, og at dei fleste nye motorsyklar vil ha utsleppsinformasjon i 2018.

Departementet gjer framlegg om å innføre ein progressiv avgiftskomponent for CO2-utslepp for motorsyklar med registrerte CO2-utslepp. Framlegget inneber ei avgift på utslepp av CO2 med ein sats på 630 kroner per gram CO2 per km for utslepp over 75 gram og 800 kroner per gram over 140 gram. Samstundes foreslår departementet å fjerne effektkomponenten og stykkavgifta for desse syklane.

Motorsyklar som vert registrerte utan CO2-utslepp skal framleis betale avgift etter reglane som gjeld no. Eit slikt dobbelt system gjeld i dag for personbilar utan registrerte CO2-utslepp, der avgifta i staden vert berekna ut frå slagvolum. Dette har særleg vore aktuelt for bilar som er importerte brukte.

Kvaliteten på opplysningane som vert registrerte om NOX-utslipp, er ifylgje Vegdirektoratet ikkje eigna som grunnlag for avgiftslegging, mellom anna fordi dette utsleppet ikkje er tilstrekkeleg konsistent innmeldt frå fabrikantane. Departementet foreslår difor ikkje no avgift på NOX.

Framlegget vil innebere at motorsyklar med høge registrerte CO2-utslepp relativt til effekt vil få høgare avgift samanlikna med i dag medan syklar med låge CO2-utslepp relativt til effekt vil få lågare avgift. Av motorsyklane med registrert utsleppsinformasjon får syklane med høgast utslepp størst auke i avgifta. Endringane vil gje insentiv til å velje motorsyklar med lågare CO2-utslepp. Framlegget inneber at eingongsavgifta fell bort for lette motorsyklar som har lågare utslepp enn 75 gram CO2 per km.

Endringane er utrekna på grunnlag av informasjon om motorsyklar som er registrerte med utsleppsinformasjon i 1. kvartal 2017. Endringane er anslåtte å vere om lag provenynøytrale. Sidan anslaga er baserte på eit utval av motorsyklar, er samla provenyendring særskild usikker.

Departementet viser til framlegg om endring i Stortingets vedtak om avgift på motorvogner mv. A Engangsavgift for budsjetterminen 2017. Endringane vil gjelde for eingongsavgift for motorsyklar som vert registrerte frå og med 1. juli 2017.

Til forsida