Prop. 134 S (2016–2017)

Samferdselspakke for Kristiansandsregionen i Vest-Agder, fase 1 – forlenging av bompengeordninga

Samferdselsdepartementet set i denne proposisjonen fram forslag om å forlengja bompengeordninga i samferdselspakke for Kristiansandsregionen i Vest-Agder med inntil 2 år. Samferdselspakke for Kristiansandsregionen, fase 1 vart vedteken av Stortinget i 2009. Etter prognosen vil pakken vera nedbetalt i 2018. Etter lokalt initiativ vert det sett fram forslag om å forlengja innkrevinga med inntil 2 år (til tidleg i 2020) eller til innkrevinga eventuelt vert avløyst av ein ny bompengepakke for Kristiansandsregionen.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget