Prop. 137 L (2018–2019)

Endringar i bilansvarslova (verkeområde, ansvarsgrense mv.)

Til innhaldsliste

4 Erstatning for skade på hund som går laus – bilansvarslova § 5 bokstav c og § 10 andre ledd fjerde punktum

4.1 Gjeldande rett

Det objektive ansvaret etter bilansvarslova omfattar i utgangspunktet all skade som motorvogner «gjer på folk eller eige», jf. bilansvarslova § 1, dersom dei andre vilkåra i §§ 1 til 4 er oppfylte. Det er i § 5 nokon unntak knytte til objektet motorvogna gjer skade på. Eit av desse er § 5 bokstav c, som bestemmer at forsikringa dekker skade på «hund som går laus» berre når «eigaren eller brukaren åt vogna eller nokon som er med i henne, er skuld i skaden eller av andre grunnar har ansvar etter vanlege skadebotreglar». Det er altså ikkje eit objektivt ansvar for skade på hund som går laus, slik det er for andre dyr som blir skadde. Forsikringa fungerer i staden her som ei ansvarsforsikring, ved at ho berre dekker skaden når nokon er ansvarlege etter alminnelege erstatningsreglar. Om hunden derimot går i band, er det eit objektivt ansvar.

Unntaket for skade på lause hundar har bakgrunn i motorvognlova av 1926 § 30 og var grunngitt med at lause hundar langs landevegen kunne vere plagsame for trafikken, jf. Lagtingsforh. 28. januar 1926 side 28. Ved førebuinga av bilansvarslova valde ein å føre vidare unntaket, jf. NUT 1957: 1 side 62–63.

Bilansvarslova § 10 andre ledd bestemmer at person- og tingskadar som er valda av ei ukjend motorvogn, skal dekkast av forsikringsselskapa i fellesskap, jf. § 17 og forskrift 1. april 1974 nr. 3 om trafikktrygd mv. § 2. Regelen gjeld tilsvarande for fast eigedom og dyr, men det er gjort unntak for «lause hundar», jf. § 10 andre ledd fjerde punktum. Dersom ei ukjend motorvogn gjer skade på ein hund som går laus, blir dette med andre ord ikkje dekt av Trafikkforsikringsforeningen.

4.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo departementet å oppheve unntaksregelen i bilansvarslova § 5 bokstav c. Forslaget vart grunngitt slik:

«Det kan vere gode grunner for å oppheve unntaket i bilansvarslova § 5 bokstav c. Behovet for å gjere unntak for lause hundar synest ikkje å vere det same i dag som i 1920-åra og ved førebuinga av bilansvarslova i 1961. Det er ikkje lenger slik at lause hundar skaper problem for trafikken. Det synest i dag å vere liten grunn til å setje lause hundar i ei anna stilling enn andre husdyr.
Tradisjonelt har bilansvaret for skade på dyr stått sterkast når det gjeld dyr som beiter i utmark utan stadig tilsyn frå eigaren, jf. m.a. Innst. 1957 side 62–63 og Ot.prp. nr. 79 (1997–1998) side 2–3. I desse tilfella har eigaren berre i avgrensa utstrekning høve til å verne seg mot den risikoen trafikken representerer for skade på dyra. Omsynet til eigaren står ikkje like sterkt når det gjeld hundar og andre dyr som kan haldast under oppsyn og vernast mot faren frå bilar. På den andre sida kan det verke vilkårleg at bilansvarslova opererer med ulike ansvarsformer avhengig av kva slags husdyr eller kjæledyr som blir skadde.
Forskjellen kan illustrerast med eit døme. Om ein luftar hunden utan band på ein landeveg og hunden blir påkøyrd, er forsikringsselskapet til bilføraren ansvarleg berre dersom skaden er valda aktlaust (noko som for hundeeigaren kan vere krevjande å bevise). Byter ein ut hunden med eit anna husdyr eller kjæledyr, gjeld det eit objektivt ansvar. Elles vil det i begge dei nemnde døma kunne kome opp spørsmål om dyreeigaren aktlaust har medverka til skaden, jf. bilansvarslova § 7, men det gjeld uavhengig av ansvarsgrunnlaget på skadevaldarsida.
Det blir etter dette gjort framlegg om å oppheve unntaket i bilansvarslova § 5 bokstav c.»

Departementet foreslo vidare å oppheve unntaket for lause hundar i bilansvarslova § 10 andre ledd. Det står i høyringsnotatet:

«Fram til 1999 gjaldt bilansvarslova § 10 andre ledd berre skade på personar, visse former for lausøyre og fast eigedom. Ved lov 26. mars 1999 nr. 16 om endringar i bilansvarslova vart regelen i andre ledd utvida til å femne om skade på dyr, med unntak for hund som går laus, jf. § 10 andre ledd første punktum. Avgrensinga mot lause hundar vart i Ot.prp. nr. 79 (1997–1998) side 3 mellom anna grunngitt slik:
‘Ei utviding av ansvaret bør anten vere mest mogleg allmenn eller berre omfatte dyr som naturleg beiter i utmark utan eigaren sitt tilsyn. Å velje ei anna løysing kan lett verke vilkårleg og skapa vanskelege grensespørsmål i praksis. Departementet er difor samd med Advokatforeningen i at det er ei god løysing at verkeområdet for § 10 andre leddet vert det same som for § 5 bokstav c. Denne lovføresegna gjeld skade som blir dekt når motorvogna er kjend, og det einaste som her er unnateke er «hund som går laus». Departementet ser ikkje grunn til å gje lause hundar same skadebotvern som andre dyr. Eigaren har etter lokale politivedtekter og anna lovgjeving i dei fleste tilfelle ein plikt til å halde hunden sin i band.’
Det går fram av sitatet at departementet la vekt på at rekkjevidda av bilansvaret skulle vere konsekvent og ikkje opne for vanskelege grensedragingar. Med det som utgangspunkt legg departementet til grunn at dersom ein opphevar unntaket for lause hundar i § 5 bokstav c som foreslått over i punkt 3.2, tilseier omsynet til konsekvens i regelverket at ein òg opphevar unntaket for lause hundar i § 10 andre ledd fjerde punktum. Dette vil innebere at hundeeigarar får same erstatningsrettslege vern uavhengig av om køyretøyet er kjent eller ikkje. Når det gjeld fråsegna i Ot.prp. nr. 79 (1997–1998) om at hundeeigarar ofte pliktar å halde hunden i band, vil departementet peike på at manglande etterleving av bandtvangen ikkje nødvendigvis bør vere avgjerande for om skade på lause hundar bør vere erstatningsrettsleg verna. Reglane om bandtvang tek primært sikte på å verne vilt og beitedyr mot å bli jaga av lause hundar, jf. lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundelova) § 6 første ledd. Det kan vere meir naturleg å vurdere ei eventuell eigeneksponering for skaderisiko frå hundeeigaren si side etter reglane i bilansvarslova § 7 om medverknad frå skadelidaren.
Departementet foreslår etter dette å oppheve unntaket for lause hundar i bilansvarslova § 10 andre ledd fjerde punktum.»

4.3 Høyringsinstansane sine syn

Finans Norge og Trafikkforsikringsforeningen (felles høyringsfråsegn) og Norsk Motorcykkel Union støttar forslaga. Ingen høyringsinstansar har hatt nokon innvendingar mot dei.

4.4 Departementet sine vurderingar

Departementet foreslår i samsvar med forslaget i høyringsnotatet å oppheve unntaket for lause hundar i bilansvarslova § 5 bokstav c og § 10 andre ledd fjerde punktum. Forslaget inneber at skade på lause hundar etter lova blir behandla som skade på alle andre dyr.

Ved at unntaket i bilansvarslova § 5 bokstav c blir oppheva, vil erstatning for skade på lause hundar ikkje lenger vere avhengig av skuld hos føraren. Slike tilfelle blir i staden omfatta av det objektive ansvaret i bilansvarslova § 4.

Ved at unntaket i bilansvarslova § 10 andre ledd fjerde punktum blir oppheva, vil skade som ei ukjend motorvogn gjer på ein hund som går laus, bli dekt av Trafikkforsikringsforeningen. Hundeeigarar får då det same erstatningsrettslege vernet uavhengig av om motorvogna er kjend eller ikkje. Departementet foreslår på grunn av dette òg redaksjonelle endringar i § 10 andre ledd, som vil gjere føresegna lettare tilgjengeleg.

Til forsida