Prop. 137 L (2018–2019)

Endringar i bilansvarslova (verkeområde, ansvarsgrense mv.)

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget om å oppheve føresegna i § 2 andre ledd første punktum, jf. punkt 3.4, får berre følgjer for lovleg uregistrerte motorvogner. Det inneber ei utviding av forsikringsplikta for slike motorvogner, fordi dei etter forslaget må vere forsikra òg når dei er på ein stad der ålmenta ikkje kan ferdast. Departementet har ikkje oversikt over kor mange motorvogner forslaget får følgjer for, men det er ei nokså snever gruppe motorvogner, jf. forskrift 25. januar 1990 nr. 92 om bruk av kjøretøy § 2-2 og Engstrøm, Andresen og Bryn: Bilansvaret (2005) side 38. I samband med utarbeidinga av høyringsnotatet var departementet i kontakt med Finans Norge og Gjensidige Forsikring, som uttalte at forslaget først og fremst vil få følgjer for enkelte anleggsmaskiner og andre motorvogner som blir nytta på avstengde område. Dei opplyste òg at forsikringsbransjen truleg vil kunne tilpasse eksisterande ansvarsforsikringar eller tilby nye produkt som dekker bilansvaret også for ikkje-registreringspliktige motorvogner. Høyringsinnspela gir ikkje grunnlag for noka anna vurdering.

Forslaget kan føre til auka forsikringsutgifter for dei som har lovleg uregistrerte motorvogner. Samtidig vil det gi betre dekning for skadelidaren.

Dei foreslåtte endringane i § 2 første ledd bokstav c om motorsport, jf. punkt 3.5, er berre meinte som ei vidareføring av gjeldande rett og vil derfor i utgangspunktet ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Trafikkforsikringsforeningen kan likevel få eit noko utvida ansvar.

I punkt 4 foreslår departementet å oppheve unntaket for hund som går laus i § 5 bokstav c og § 10 andre ledd fjerde punktum. Det finst inga oversikt over kor mange hundar som årleg blir skadde i trafikken. Trafikkskadestatistikken TRAST er basert på skademeldingar til forsikringsselskapa og omfattar ikkje skadar som er utan forsikringsdekning, eller ulykker der påkøyrsle av dyr ikkje omfattar person- eller tingskade. Det er derfor ikkje mogleg å seie nøyaktig korleis talet på forsikringsutbetalingar vil bli påverka av at bilansvaret blir utvida til å omfatte lause hundar. Når det gjeld storleiken på erstatningsutbetalingane, er det grunn til å tru at det vil dreie seg om relativt små beløp samanlikna med dei vanlegaste ting- og personskadane. Den auken i forsikringsutbetalingar som lovforslaget kan gi, vil i siste omgang bli dekt gjennom forsikringspremiane. Departementet går ut frå at forslaget ikkje vil føre til ein nemneverdig auke i forsikringspremien.

Lovforslaget gir hundeeigarar eit sterkare erstatningsrettsleg vern. Det vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.

I punkt 5 foreslår departementet å heve ansvarsgrensa for tingskadar etter § 9 til 100 000 000 kroner. Det vil føre til at skadelidaren normalt får erstatta sitt økonomiske tap fullt ut, òg ved svært omfattande materielle skadar. Det å heve ansvarsgrensa kan gi auka forsikringspremiar og føre til høgare gjenforsikringskostnader for forsikringsselskapa. Det er nok særleg dei store, tunge køyretøya som får auka forsikringspremiar. Erfaringar frå Sverige, tidlegare aukar og høyringsinnspel tyder likevel på at verknadene samla sett ikkje blir store. Forslaget vil òg kunne få følgjer for ansvaret til Trafikkforsikringsforeningen etter § 10. For skadelidaren har forslaget positive konsekvensar. Det er særleg ved omfattande skadar på offentleg infrastruktur at ein vil kunne komme opp i så store beløp at den høgare ansvarsgrensa kan få praktiske følgjer. Det offentlege som skadelidar vil då få betre dekning.

Forslaget om endringar i §§ 10, 13 og 15, jf. punkt 6, inneber ei forenkling av regelverket. Det vil ikkje føre til endringar i det erstatningsrettslege vernet for skadelidaren eller i høvet til å søke regress for Trafikkforsikringsforeningen. Forslaget vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.

Til forsida