Prop. 137 L (2018–2019)

Endringar i bilansvarslova (verkeområde, ansvarsgrense mv.)

Til innhaldsliste

8 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til § 2

Føresegna har i dag to ledd. Departementet foreslår å oppheve noverande andre ledd. Forslaget om å oppheve andre ledd første punktum er nærmare behandla i punkt 3.4. Av pedagogiske årsakar foreslår departementet å flytte noverande andre ledd andre punktum til § 17 første ledd ny bokstav i.

Reglane i noverande første ledd foreslår departementet å føre vidare med nokon endringar. Endringa av innleiingssetninga er av reint språkleg art og har til formål å synleggjere forholdet mellom § 2 og reglane om forsikringsplikt i § 15. Den foreslåtte ordlyden tek sikte på å tydeleggjere at § 2 berre gjer unntak frå ansvaret etter lova for enkelte skadesituasjonar.

Endringa i bokstav c er ei følgje av forslaget om å oppheve § 2 andre ledd første punktum, og er nærmare omtalt i punkt 3.5. Eit formål med endringa er å sørge for ei vidareføring av den rettstilstanden ein har i dag for motorsport.

Noverande § 2 første ledd bokstav c gjer unntak for «motorvognrenn». Dette er ført vidare ved ordet «konkurransekøyring». Ved at ein dessutan gjer unntak for treningskøyring, fører ein òg vidare rettstilstanden for motorsport som i dag følgjer av § 2 andre ledd første punktum, jf. forskrift 15. januar 2001 nr. 26 om motorsport på lukket bane eller annet avsperret område og om annen bruk av go-kart.

Som etter den noverande lova gjeld unntaket berre på avstengde område. Vidare inneber orda «trenings- eller konkurransekøyring» at berre konkurransesituasjonar og trening til dette er dekte av unntaket. Anna fartskøyring på lukka bane, til dømes for fart og spenning, fell utanfor. Kravet om at trenings- eller konkurransekøyringa må vere «organisert», inneber at ho må skje i regi av ein arrangør som har høve til å arrangere trenings- og konkurransekøyring, og som er knytt til eit motorsportforbund. Det blir òg stilt krav om at «det er teikna forsikring i samsvar med reglane som gjeld for slik køyring». Dette er drøfta i punkt 3.5, kor det er vist til krav til forsikring i forskrift og dei forsikringsordningane som motorsportmiljøet har organisert seg sjølv med. Viss det ikkje er teikna forsikring slik det skal, og skaden derfor ikkje er dekt av ei forsikring, vil skaden vere omfatta av bilansvarslova.

Det noverande kravet om «serleg politiløyve» er sløyfa i lovforslaget. Dette har neppe noko å seie i praksis, sidan eit politiløyve er nødvendig dersom ein vil overskride dei alminnelege fartsreglane, sjå vegtrafikkloven § 6 sjette ledd. I tillegg kjem at det ikkje er stilt krav om politiløyve etter forskrift 15. januar 2001 nr. 26 om motorsport på lukket bane eller annet avsperret område og om annen bruk av go-kart. Også i dag vil det derfor kunne finnast motorvognrenn utan politiløyve som fell utanfor verkeområdet for bilansvarslova. Ei anna sak er at det i praksis visstnok alltid blir innhenta politiløyve.

Til § 5

Departementet foreslår å oppheve noverande bokstav c. Grunngivinga går fram av punkt 4. Som ein konsekvens av at bokstav c blir oppheva, foreslår departementet ei redaksjonell endring ved at føresegna blir delt inn i ledd i staden for bokstavar, og at noverande bokstav a og bokstav b dermed blir nye første og andre ledd.

Vidare er uttrykket «godset sitt» erstatta med «eiget sitt» i nytt andre ledd. Ei tilsvarande språkleg endring er foreslått i § 9, jf. merknaden til denne føresegna. Departementet ser ikkje grunn til å endre ordbruken i første ledd. Her er ordet «gods» brukt med eit tillegg som klargjer meiningsinnhaldet («gods som vert ført med vogna»). Det same gjeld bruken av ordet «gods» i § 8 første ledd.

Til § 9

Departementet foreslår at den noverande ansvarsgrensa på 10 000 000 kroner ved tingskadar i første ledd første punktum og andre ledd første punktum blir endra til 100 000 000 kroner. Vidare foreslår departementet å oppheve heimelen for indeksregulering av ansvarsbeløpet i fjerde ledd. Forslaga er nærmare omtalte i punkt 5.

I overskrifta og i første ledd første punktum er ordet «gods» erstatta med «eige», mens det i andre ledd første punktum er erstatta med «eiget». Forslaget er grunngitt slik i høyringsnotatet:

«Ansvarsgrensa i bilansvarslova § 9 gjeld ved skade på ‘gods’. Ordet ‘gods’ er i denne samanhengen meint å ha same innhald som uttrykket ‘eige’ i bilansvarslova § 1. ‘Gods’ er likevel eit fleirtydig ord, som òg kan forståast i ei meir trong tyding, som gjenstandar som er under transport. For å klargjere at ansvarsgrensa gjeld for alle tingskadar, medrekna skade på fast eigedom, blir det foreslått at uttrykket ‘gods’ blir erstatta av ‘eige’. Med ei slik endring blir òg ordbruken i § 1 og § 9 konsekvent.»

Til § 10

Departementet foreslår å erstatte ordet «gods» i første ledd første punktum med «eige», sjå merknaden til § 9, der det er foreslått ei tilsvarande språkleg endring.

Departementet foreslår i første ledd nytt andre punktum at Trafikkforsikringsforeningen skal dekke skaden òg når ei uforsikra motorvogn blir brukt urettmessig, til dømes av ein biltjuv. Som påpeika i punkt 6.4 skal skade som er omfatta av lova, vere dekt av ei forsikring. Dette må vektleggjast ved tolkinga av føresegna. Det inneber at formuleringa «nytta urettmessig» må sjåast i samanheng med kor langt formuleringa «let vogna verta brukt, faren med eller fråsegsett» i § 15 andre punktum rekk. Det skal ikkje vere noko tomrom mellom desse situasjonane.

Departementet foreslår redaksjonelle endringar i andre ledd. Hovudregelen i andre ledd første punktum skal gjelde ved skade på «folk, fast eigedom eller dyr». Dette inneber at ein flyttar regelen om skade på «fast eigedom» og «dyr», som i dag går fram av andre ledd fjerde punktum, til første punktum. Samtidig blir det presisert at særregelen i andre ledd andre punktum skal gjelde for skadar på andre ting enn fast eigedom og dyr.

Unntaket for skade på hund som går laus, foreslår departementet å oppheve, sjå punkt 4. Bakgrunnen er forslaget om å oppheve unntaket for skade på hund som går laus, i § 5 bokstav c.

Til § 13

I første ledd første punktum er det føydd til at den som «brukte» ei uforsikra motorvogn, kan få eit regressansvar på same vilkår som den som køyrde. Sjå nærmare omtale av dette i punkt 6.

I første ledd nytt andre punktum er det teke inn at ein urettmessig brukar, til dømes ein biltjuv eller ein annan urettmessig førar, er regressansvarleg i staden for eigaren, sjå punkt 6.

Til § 15

Forsikringsplikta etter andre punktum skal gjelde «anna motorvogn». Det vil seie motorvogner som ikkje er registrerte, og som heller ikkje skulle vore registrerte eller ha kjennemerke etter vegtrafikkloven.

Departementet foreslår òg ei anna endring i andre punktum ved at ein går bort frå ordninga med forsikringsplikt for innehavar, køyrar og brukar. Dette får ikkje noko å seie for høvet til dekning for skadelidaren etter § 10 eller for regresskravet til Trafikkforsikringsforeningen etter § 13 første ledd. Endringa er nærmare omtalt i punkt 6.

Til § 17

Endringa inneber at regelen i noverande § 2 andre ledd andre punktum blir føydd til som ny bokstav i.

Til § 21

Departementet foreslår å endre tilvisinga til direktiv 2000/26/EF i første ledd. Det riktige skal no vere direktiv 2009/103/EF.

Til forsida