Prop. 137 L (2018–2019)

Endringar i bilansvarslova (verkeområde, ansvarsgrense mv.)

Til innhaldsliste

3 Skade som er unnateken frå verkeområdet for bilansvarslova – bilansvarslova § 2

3.1 Innleiing

Bilansvarslova omfattar all skade som motorvogner «gjer», jf. bilansvarslova § 4 første punktum. Frå dette utgangspunktet er det gjort unntak i § 2. Første ledd gjer unntak for enkelte skadetilfelle. Etter § 2 første ledd bokstav a gjeld ikkje lova dersom skaden «kjem av at motorvogna vert nytta til anna enn køyredoning». Bokstav b gjer unntak for skade som har skjedd mens vogna «er forsvarleg fråsegsett utanfor gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast». Bokstav c gjer på nærmare vilkår unntak for skade som har skjedd i motorvognrenn, mens bokstav d gjer unntak for atomskade. Andre ledd første punktum bestemmer at dersom ei uregistrert motorvogn gjer skade, og motorvogna ikkje er registreringspliktig etter reglane i vegtrafikkloven, så går skadetilfellet inn under lova berre «når skaden er gjord på gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast eller skaden kjem av at vogna er brukt der». Dersom skaden fell utanfor bilansvarslova, vil han ikkje vere dekt av bilansvarsforsikringa, sjå bilansvarslova § 15. Trafikkforsikringsforeningen vil i så fall heller ikkje ha noko subsidiært ansvar etter § 10 første ledd.

Bilansvarslova gjennomfører i norsk rett direktiv 2009/103/EF om ansvarsforsikring for motorkøyretøy og kontroll med at forsikringsplikta blir overhalden («motorvognforsikringsdirektivet»). Praksis frå EU-domstolen dei seinare åra om verkeområdet for direktivet gjer grunn til å vurdere om nokon av unntaka i bilansvarslova § 2 i dag går for langt. I punkt 3.2 blir det gjort greie for direktivet og praksisen til EU-domstolen, mens forholdet til unntaksføresegnene i bilansvarslova § 2 første ledd bokstav b, første ledd bokstav c og andre ledd første punktum blir vurdert i punkt 3.3 til 3.5.

3.2 Motorvognforsikringsdirektivet og rettspraksis frå EU-domstolen

3.2.1 Direktivet

Direktiv 2009/103/EF er ei konsolidering av dei tidlegare motorvognforsikringsdirektiva. Eit grunnleggjande poeng ved direktivet er at det erstatningsansvaret som kan oppstå ved bruk av motorvogn, skal vere forsikra. I artikkel 3 første ledd i den engelske språkversjonen heiter det at statane skal sikre at «civil liability in respect of the use of vehicles normally based in its territory is covered by insurance». Ordlyden knyter forsikringsplikta opp mot det erstatningsansvaret som kan oppstå ved «bruk» («use») av køyretøy. Også andre språkversjonar gjer det. Samtidig knyter blant anna den franske og spanske språkversjonen av direktivet forsikringsplikta opp mot «trafikk» («circulation» og «circulación»), mens atter andre, som den danske og svenske, refererer meir abstrakt til at erstatningsansvaret for «køretøjer» og «fordon» skal vere forsikra. Dels på grunn av desse språklege forskjellane har det dei seinare åra komme avgjerder frå EU-domstolen som har avklart og presisert innhaldet i artikkel 3 første ledd.

3.2.2 Rettspraksis frå EU-domstolen

Den første avgjerda er C-162/13 Vnuk, avsagd 4. september 2014. Avgjerda gjaldt skade som oppstod ved at ein traktor med hengar rygga inn i ein låve frå ein privat gardsplass. Tilhengaren trefte ein stige slik at personen som stod på stigen, fall ned og vart skadd. Spørsmålet var om traktormanøveren måtte reknast som «use of vehicles», slik at tilfellet skulle vere forsikra etter artikkel 3 første ledd i direktivet. Eit viktig punkt i dommen var om direktivet berre omfattar køyretøy i trafikk. Forskjellane mellom språkversjonane gjorde dette tvilsamt. På bakgrunn av formålet med direktivet om å liberalisere den frie rørsla av varer og personar og omsynet til skadelidaren slo EU-domstolen fast at motorvognforsikringsdirektivet omfattar meir enn berre skadar som oppstår i vanleg trafikk. Formuleringa «use of vehicles» i artikkel 3 første ledd vart tolka til å omfatte «any use of a vehicle that is consistent with the normal function of that vehicle» (avsnitt 59).

Den andre avgjerda er C-514/16 Andrade, avsagd 28. november 2017. Faktum var der at ein stilleståande traktor velta ned ei skråning og trefte ei kvinne slik at ho omkom. Mens traktoren stod stille, hadde motoren blitt brukt til å spreie ugrasmiddel. Samverkande årsaker som regn, motorvibrasjonane, vekta av traktoren og bruken av slangen til å spreie ugrasmiddelet utløyste eit jordras som tok med seg traktoren. Spørsmålet var om dette utgjorde «use of vehicles», slik at tilfellet var omfatta av forsikringsplikta etter artikkel 3 første ledd.

Domstolen bygde vidare på rettssetninga frå C-162/13 Vnuk om at «use of vehicles» i artikkel 3 første ledd omfattar «any use of a vehicle that is consistent with the normal function of that vehicle» (avsnitt 34). Domstolen presiserte deretter utsegna ved å uttale at «use of vehicles» omfattar «any use of a vehicle as a means of transport» (avsnitt 38). Grunnen til dette var dels at ingenting i direktivet avgrensa det saklege verkeområdet til «use of vehicles» (avsnitt 35 og 36). Vidare peika domstolen på at «motor vehicles», som er definerte i artikkel 1 nr. 1, er «irrespective of their characteristics, intended normally to serve as means of transport» (avsnitt 37). Det var ifølgje domstolen heller ikkje avgjerande om køyretøyet stod stille, eller om motoren var på (avsnitt 39). Sidan traktormotoren i dette tilfellet vart brukt til å drive ugraspumpa, kom domstolen likevel til at tilfellet ikkje var omfatta av forsikringsplikta. Avgjerda viser at det må trekkjast eit skilje mellom tilfelle der vogna blir brukt som motorvogn, og tilfelle der ho ikkje gjer det. Berre dei førstnemnde tilfella må etter direktivet vere dekte av ei forsikring.

Den tredje avgjerda er C-334/16 Torreiro, avsagd 20. desember 2017. Denne avgjerda gjaldt ein skade som skjedde under ei militærøving på eit militært område. Bilen hadde køyrt i eit terreng som han var ueigna for, og som var stengt for andre, då han velta slik at ein passasjer vart skadd. Etter spansk rett dekte ikkje forsikringa skadar oppstått ved at motorvogna vart brukt i eit område som var ueigna for ferdsel. Spørsmålet var om motorvognforsikringsdirektivet artikkel 3 første ledd tillét eit unntak for dette. Det kom an på om bruken var «use of vehicles». Domstolen bygde vidare på rettssetningane frå C-162/13 Vnuk og C-514/16 Andrade (avsnitt 28 til 31) og kom på den bakgrunnen fram til at tilfellet var omfatta av «use of vehicles» (avsnitt 33). Det at motorvogna var brukt på eit stengt militærområde, endra ikkje konklusjonen (avsnitt 34). Unntaket i spansk rett var ikkje i samsvar med direktivet.

I C-648/17 BTA Baltic Insurance Company, avsagd 15. november 2018, var spørsmålet om ein skade som oppstod då ein passasjer opna bildøra og skrapa opp sida på nabobilen på ein parkeringsplass, utgjorde «use of vehicles». Domstolen stadfesta dette, sidan handlinga var «consistent with its function as a means of transport, inasmuch as, among other things, it allows persons to get in or out of the vehicle or to load and unload goods which are to be transported in the vehicle or which have been transported in it» (avsnitt 36). Det var ikkje avgjerande at bilen stod stille og var parkert på ein parkeringsplass utanfor ein supermarknad (avsnitt 37–40).

3.2.3 Oppfølginga etter avgjerdene i EU

I kjølvatnet av avgjerdene frå EU-domstolen starta ein lovgivingsprosess i EU. EU-kommisjonen la 8. juni 2016 fram ei førebels konsekvensutgreiing av C-162/13 Vnuk, som bygde på ei tilsynelatande vid forståing av dommen. På side 2 står det at ulykker som er eit resultat av «agricultural, construction, industrial, motor sports or fairground activities» etter Vnuk, kunne vere omfatta av motorvognforsikringsdirektivet. Det vart òg uttrykt at det kunne vere aktuelt å gjere endringar i direktivet på grunn av dommen. Eitt av fleire forslag som vart nemnde, var å avgrense verkeområdet for direktivet til skadar som oppstår i samband med trafikk.

Den nemnde konsekvensutgreiinga vart 24. juli 2017 erstatta av ei ny utgreiing (referansenummer Ares (2017) 3714481). EU-kommisjonen viste her til at det skulle setjast i gang ei større evaluering av motorvognforsikringsdirektivet, og at denne skulle omfatte langt meir enn berre verkeområdet for direktivet. I evalueringa skulle ein blant anna sjå på eit mogleg krav til dekning frå eit garantifond dersom eit forsikringsselskap går konkurs, og ein skulle sjå på utveksling av skadehistorikk mellom forsikringsselskap. Samtidig heldt kommisjonen fast på synspunktet om at motorvognforsikringsdirektivet omfatta «motor sports».

24. mai 2018 fremma EU-kommisjonen forslag til endringar i motorvognforsikringsdirektivet, sjå COM (2018) 336 final. Eitt av forslaga var å definere uttrykket «use of a vehicle». Definisjonen var meint å kodifisere korleis EU-domstolen har fastlagt verkeområdet for direktivet gjennom Vnuk, Andrade og Torreiro. Forslaget lyder slik:

«’[U]se of a vehicle’ means any use of such vehicle, intended normally to serve as a means of transport, that is consistent with the normal function of that vehicle, irrespective of the vehicle's characteristics and irrespective of the terrain on which the motor vehicle is used and of whether it is stationary or in motion.»

Ved første gjennomlesing i EU-parlamentet vart det foreslått endringar, sjå T8-0110/2019. Parlamentet ønskte at direktivet skulle ha eit snevrare verkeområde. Det foreslo denne definisjonen:

«‘[U]se of a vehicle’ means any use of a vehicle in traffic that is consistent with the vehicle's function as a means of transport at the time of the accident, irrespective of the vehicle's characteristics and irrespective of the terrain on which the motor vehicle is used and of whether it is stationary or in motion.»

Som forslaga viser, var det noko usemje mellom EU-kommisjonen og EU-parlamentet. Ein kan merke seg at EU-parlamentet foreslo å avgrense verkeområdet til «in traffic». Det vart foreslått å halde motorsport utanfor verkeområdet for direktivet. På grunn av usemja vart forslaget sendt til forhandlingar mellom institusjonane i EU. Så vidt departementet forstår, rakk ein ikkje å gjennomføre forhandlingane og resten av lovgivingsprosessen før valet til EU-parlamentet våren 2019. Det er etter dette grunn til å vente at prosessen i EU vil dryge. Departementet ser derfor behov for å fremme forslag om endringar i bilansvarslova som følgje av dei omtalte dommane, sjølv om det ikkje er endeleg avklart kva rettstilstanden vil gå ut på i framtida. Departementet vil komme tilbake til saka dersom eventuelle endringar i direktivet krev endringar i norsk rett.

3.3 Skade som forsvarleg fråsegsett motorvogn gjer ein stad ålmenta ikkje kan ferdast – bilansvarslova § 2 første ledd bokstav b

3.3.1 Gjeldande rett

Bilansvarslova § 2 første ledd bokstav b gjeld ansvaret for motorvogner som er forsvarleg sett bort. Det følgjer av føresegna at lova ikkje gjeld dersom skaden skjer «medan vogna er forsvarleg fråsegsett utanfor gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast». Det sentrale er at skaden må skje «medan vogna er forsvarleg fråsegsett» på ein stad der ikkje «ålmenta kan ferdast». Formuleringa «medan vogna er forsvarleg fråsegsett» refererer til at motorvogna ikkje er i bruk og står stille, som til dømes når ho er parkert eller lagra. Men unntaket gjeld ikkje alle former for parkering. Stansen må vere av ein viss varig art, jf. Ot.prp. nr. 24 (1959–60) side 40, der det står:

«Det er fortsatt ikke uten videre nok at kjøretøyet er stanset, f.eks. for kortvarig opphold under av- eller påstiging. Kjøretøyet må være ‘bortsatt’, dvs. være parkert etter en foreløpig avsluttet eller tydelig avbrutt kjøring. Men dette kan være tilfellet, selv om passasjerer oppholder seg i kjøretøyet mens det er hensatt, t.d. under rasting, hvil eller liknende. At kjøretøyet må stå stille i skadeøyeblikket, er presisert ved den nye formulering.»

I det at motorvogna må vere «forsvarleg» sett bort, ligg det ei normativ vurdering. Dersom ho ikkje er det, vil bilansvarsforsikringa fungere som ei ansvarsforsikring for eit eventuelt skuldansvar, sjå Nils Nygaard: Bilansvar (1990) side 47.

I tillegg må ho vere plassert «utanfor gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast». Det sentrale kriteriet i denne geografiske avgrensinga er «utanfor […] stad der ålmenta kan ferdast», sidan «gate» og «veg» berre er døme på ein slik stad. Uttrykket «ålmenta» antydar ei avgrensing i personkrinsen som kan ha tilgang til området. Vilkåret er presisert nærmare i Ot.prp. nr. 24 (1959–60) side 40:

«Med ‘sted som er åpent for alminnelig ferdsel’ menes ethvert område som er åpent for alminnelig trafikk, selv om stedet er i privat eie og/eller adgangen er betinget av betaling. Uttrykket omfatter såleis bl.a. parkeringplasser, åpne innkjørsler, offentlige eller private (åpne) bomveger eller bruer, bilferjer m.v.»

3.3.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet gjekk ein ut frå at føresegna ikkje må endrast i lys av C-162/13 Vnuk. Det heiter der at:

«Avgrensinga ‘utanfor gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast’ er isolert sett vanskeleg å sameine med forståinga av motorvognforsikringsdirektivet i Vnuk-dommen. Departementet reknar likevel med at føresegna i § 2 første ledd bokstav b som såvoren ikkje er problematisk i relasjon til direktivet. Årsaka til dette er at unntaket i første ledd bokstav b føreset at motorvogna er ‘forsvarleg fråsegsett’. I dette ligg at ‘kjøretøyet må stå stille i skadeøyeblikket’, jf. Ot.prp. nr. 24 (1959–1960) side 24. At motorvogna må stå stille i skadestunda, samtidig som fråsetjinga må vere forsvarleg, er ein sentral del av grunngivinga bak regelen, nemleg at den skaden motorvogna gjer i slike tilfelle, ikkje er eit typisk utslag av det skadepotensialet motorvogna representerer. Det er derfor haldepunkt for at ein eventuell skade i slike tilfelle ikkje skal reknast som ‘use of a vehicle that is consistent with the normal functioning of that vehicle’, jf. sitatet frå Vnuk-dommen nemnd over.»

3.3.3 Høyringsinstansane sine syn

Det var ingen høyringsinstansar som kommenterte dette.

3.3.4 Departementet sine vurderingar

Departementet held fast på standpunktet frå høyringsnotatet. Som påpeika der, er avgrensinga «utanfor gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast» åleine vanskeleg å sameine med praksisen til EU-domstolen. Men sidan det i tillegg er eit krav om at motorvogna må vere «forsvarleg fråsegsett», er føresegna truleg ikkje problematisk i lys av motorvognforsikringsdirektivet. Departementet viser til at skadar som oppstår når motorvogna er «forsvarleg fråsegsett», vanskeleg kan utgjere «use of vehicles» etter artikkel 3 første ledd i direktivet. Motorvogna vil då vere teken ut av bruk som motorvogn. Som nemnt i punkt 3.2.2 kom EU-domstolen i saka C-648/17 BTA Baltic Insurance Company til at det å skade nabobilen ved å opne ei dør utgjer «use of vehicles». Ein slik skade vil òg vere noko motorvogna «gjer» etter bilansvarslova § 4 første punktum, og fell utanfor bilansvarslova § 2 første ledd bokstav b. Ho vil nemleg neppe vere «fråsegsett» idet døra blir opna. Sjå her òg NUT 1957: 1 side 67. Departementet nemner elles at bilansvarslova må tolkast i lys av praksisen til EU-domstolen.

3.4 Skade som er gjord av lovleg uregistrerte motorvogner – bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum

3.4.1 Gjeldande rett

Bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum regulerer korleis lova skal gjelde for lovleg uregistrerte motorvogner. Det følgjer av føresegna at dersom ei uregistrert motorvogn gjer skade og «vogna ikkje skulle vore registrert eller ha kjennemerke etter vegtrafikklova»,​ går tilfellet inn under lova «berre når skaden er gjord på gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast eller skaden kjem av at vogna er brukt der». Når det gjeld vilkåret om «gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast», viser departementet til omtalen av det tilsvarande uttrykket i bilansvarslova § 2 første ledd bokstav b i punkt 3.3.1. Departementet nemner elles at unntaka i første ledd òg gjeld for lovleg uregistrerte motorvogner.

Ei lovleg uregistrert motorvogn vil seie ei vogn som er «uregistrert», og som heller «ikkje skulle vore registrert eller ha kjennemerke etter vegtrafikklova». Dette omfattar for det første motorvogner med ein art eller funksjon som gjer at dei er eksplisitt unnatekne frå registreringsplikta, sjå her vegtrafikkloven § 16, forskrift 25. januar 1990 nr. 92 om bruk av kjøretøy § 2-2 og forskrift 15. januar 2001 nr. 26 om motorsport på lukket bane eller annet avsperret område og om annen bruk av go-kart §§ 3 og 5. For det andre omfattar det dei motorvognene som ikkje er registreringspliktige fordi dei ikkje er i bruk, sjå føresetnadsvis vegtrafikkloven § 17 første ledd første punktum og forskrift om bruk av kjøretøy § 2-6 første ledd.

Føresegna har naturleg nok mest å seie for dei motorvognene som er unnatekne frå registreringsplikta etter sin art, sidan ei motorvogn som er teken ut av bruk, sjeldan gjer skade.

Bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum har ein nær samanheng med bilansvarslova § 15 andre punktum og § 10 første ledd første punktum. Det følgjer blant anna av § 15 andre punktum at lovleg uregistrerte motorvogner skal forsikrast dersom det kan «koma opp skadebotkrav etter denna lova». Dette er ei tilvising til § 2 andre ledd første punktum, sidan den bestemmer kva for skadar som uregistrerte motorvogner gjer som går inn under bilansvarslova. Av same grunn blir denne regelen styrande for kva skadar som lovleg uregistrerte motorvogner gjer, som Trafikkforsikringsforeningen må erstatte etter § 10 første ledd første punktum.

3.4.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo departementet å oppheve bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum. Dette vart grunngitt slik:

«Det følgjer av bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum at dersom ei uregistrert motorvogn gjer skade og motorvogna ikkje er registreringspliktig etter reglane i vegtrafikklova, såkalla lovleg uregistrert motorvogn, går skadetilfellet inn under lova berre ‘når skaden er gjord på gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast eller skaden kjem av at vogna er brukt der’. I praksis vil det normalt dreie seg om visse typar traktorar, gravemaskinar og liknande køyretøy med avgrensa motorkapasitet (køyrefart under 20 km/t), som er unntatt registreringsplikt etter forskrift om bruk av kjøretøy § 2-2. Dersom til dømes ein uregistrert traktor i fart valdar personskade på ein avstengd gardsplass eller annan stad der ålmenta ikkje kan ferdast, vil skadetilfellet ikkje vere omfatta av bilansvarslova, jf. § 2 andre ledd første punktum. Samtidig følgjer det av Vnukdommen at slike skadetilfelle er omfatta av motorvognforsikringsdirektivet. Den geografiske avgrensinga av forsikringsplikta etter bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum synest derfor å vere vanskeleg å sameine med den forståinga av motorvognforsikringsdirektivet som er lagd til grunn i Vnuk-dommen.
Framlegget om å oppheve § 2 andre ledd første punktum vil innebere at lovleg uregistrerte motorvogner kan kom inn under forsikringsplikta også når dei held seg utanfor gate, veg eller andre stader der ålmenta ferdast. Det vil likevel ikkje utan vidare vere forsikringsplikt i slike tilfelle. Forsikringsplikta etter bilansvarslova § 15 andre punktum gjeld berre dersom eigaren eller innehavaren lèt vogna ‘verta brukt, faren med eller fråsegsett på slik vis at det kan koma opp skadebotkrav etter denne lova’. Dette betyr for det første at det ikkje vil vere forsikringsplikt i situasjonar som dei som er nemnde i § 2 første ledd. Til dømes vil det ikkje vere forsikringsplikt dersom ein varebil blir avregistrert, sett på bukkar og gjord om til kebabkiosk. Her er varebilen ‘nytta til anna enn køyredoning’, slik at bilansvarslova ikkje vil gjelde eventuelle skadar som måtte oppstå, jf. § 2 første ledd bokstav a. Det vil heller ikkje vere forsikringsplikt for ei lovleg uregistrert motorvogn som er forsvarleg bortsett på eit lager, jf. § 2 første ledd bokstav b, der vilkåret er at vogna er ‘forsvarleg fråsegsett utanfor gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast’.
Vidare går det fram av Rt. 2007 side 1653 at det kan vere tilfelle også ut over dei som er nemnde i § 2 første ledd, der det ikkje er forsikringsplikt for uregistrerte motorvogner. Høgsterett la her til grunn at ein bilforhandlar ikkje hadde plikt til å forsikre ein avregistrert innbytebil, jamvel om denne bilen var plassert på ein stad som var open for ålmenta og dermed utanfor unntaket i § 2 første ledd bokstav b. Ifølgje Høgsterett er det ikkje alltid forsikringsplikt etter § 15 andre punktum i tilfelle der det er ein teoretisk risiko for at det kan oppstå ansvar etter bilansvarslova. Høgsterett meinte at § 15 andre punktum måtte forståast slik at ‘forsikringsplikten beror på en vurdering av risikoen for at motorvognene kan volde skade som omfattes av bilansvarsloven’, sjå Rt. 2007 side 1653 avsnitt 37. Framlegget i dette høyringsnotatet er ikkje meint å innebere endringar av denne rettstilstanden.»

3.4.3 Høyringsinstansane sine syn

Personskadeforbundet LTN støttar forslaget om å oppheve bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum. Det same gjer Syklistenes Landsforening og Norsk Motorcykkel Union. Det er ingen høyringsinstansar som går imot forslaget. Finans Norge og Trafikkforsikringsforeningen (felles høyringsfråsegn) gir likevel uttrykk for at kombinasjonen av det å oppheve bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum og det å innføre ei ordning med ei trafikkforsikringsavgift frå 1. januar 2018 kan skape problem. Ein kan nemlig unngå både trafikkforsikringsavgift og trafikkforsikring ved å avregistrere motorvogna og levere skilta. Dei to høyringsinstansane reknar med at fleire vil gjere dette.

Finans Norge og Trafikkforsikringsforeningen uttaler:

«Fra 1.1.2018 er det forsikringsselskapene som krever inn trafikkforsikringsavgift til staten (tidligere årsavgiften). Forsikringsplikten (trafikkforsikringen) er automatisk tilknyttet registering av kjøretøyet og det betyr at dersom eier avskilter motorvognen, vil både trafikkforsikringsavgift og trafikkforsikring avbrytes inntil skiltene kommer på igjen. Vi tror derfor at flere eiere enn i dag vil avskilte kjøretøy som dermed vil stå uregistrert og uten forsikring på både offentlig og private områder.
Det kan bety at vi kan oppleve en økning av alle typer av uregistrerte motorvogner og ikke nødvendigvis begrenset til den typen som i Vnuk-dommen (traktor og kjøretøy som faller utenfor registreringsplikten). En problemstilling vi ønsker å påpeke er at eier (eller bruker) av slike ‘frasegsatte’ motorvogna vil ha liten kunnskap om at deres motorvogn da utløser forsikringsplikt og et mulig erstatningsansvar. Denne problemstillingen er ytterligere problematisk idet denne plikten, hvis vi har forstått det riktig, vil avhenge av hvordan man tolker lovens ordlyd om at motorvogna ‘verta brukt, faren med eller fråsegsatt på slik vis at det kan koma opp skadebotkrav etter lova’. Eller en teoretisk mulighet for skade under BAL (ref Rt. 2007, side 1653 avsnitt 37).
Finans Norge og TFF opplever det fort kan være vanskelig for eier eller bruker å kjenne til forsikringsplikten, og vi ber departementet vurdere nærmere hvordan man her kan ivareta forbruker dersom man endrer loven som foreslått.
Om en ulykke skulle skje, vil skadelidtes uansett være sikret gjennom TFF. Det burde imidlertid være et mål for lovgiver at det er tydelig for eier av motorvogner når de er pliktig til å kjøpe forsikring. Å lene seg på at man har et sikkerhetsnett gjennom TFF basert på de som kjøper forsikring bør kun være unntakstilfeller. Høringsnotatet nevner at TFF fortsatt har mulighet til å søke regress mot eier, og/eller bruker. Slike regresskrav blir sjeldent benyttet fordi det ikke er midler å hente fra eier, eller fordi eier eller bruker ikke oppfyller de subjektive kriteriene etter loven.»

3.4.4 Departementet sine vurderingar

Departementet foreslår i samsvar med forslaget i høyringsnotatet å oppheve bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum. Som høyringsnotatet gir uttrykk for, er bakgrunnen for forslaget utviklinga i praksisen til EU-domstolen. Eit omsyn som taler for å oppheve føresegna, er dessutan at ei slik endring vil utvide det erstatningsrettslege vernet for skadelidaren. Vidare kan dagens geografiske avgrensing verke vilkårleg. Det kan vere tilfeldige omstende som avgjer om ein blir skadd der ålmenta kan ferdast, slik at tapet blir dekt. Dersom regelen i § 2 andre ledd første punktum blir oppheva, kjem fleire skadelidarar til å vere dekte av ei forsikring. Forsikringsplikta etter bilansvarslova § 15 andre punktum blir ved dette meir omfattande. Samtidig blir ansvaret Trafikkforsikringsforeningen har etter bilansvarslova § 10 tilsvarande utvida.

Forslaget inneber at skade som lovleg uregistrerte motorvogner gjer, går inn under bilansvarslova òg når skaden skjer utanfor ein stad der «ålmenta kan ferdast». Dette fører til at dei motorvognene som skal registrerast, og dei lovleg uregistrerte motorvognene blir behandla tilnærma likt etter bilansvarslova. Forsikringa for dei to gruppene motorvogner vil etter lovforslaget omfatte det same, men forsikringsplikta kan, som i dag, ta til å gjelde på ulike tidspunkt. Grunnen til det er at forsikringsplikta for motorvogner som skal registrerast, er knytt til registreringsplikta. Forsikringsplikta for lovleg uregistrerte motorvogner tek derimot først til å gjelde når det kan oppstå krav «etter denna lova», jf. § 15 andre punktum. Men dette kan etter forslaget vere på eit tidlegare tidspunkt enn i dag, sidan også skade utanfor «gate, veg eller andre stader der ålmenta kan ferdast», vil gå inn under lova.

Unntaka i § 2 første ledd vil framleis gjelde. Det betyr at det ikkje vil vere forsikringsplikt dersom motorvogna blir brukt til noko «anna enn køyredoning», jf. § 2 første ledd bokstav a. Departementet viser her til dømet frå høyringsnotatet som er gitt att i punkt 3.4.2, om ein avregistrert varebil som er sett på bukkar og gjord om til ein kebabkiosk. Det vil heller ikkje vere forsikringsplikt for ei lovleg uregistrert motorvogn som er forsvarleg sett bort etter unntaksregelen i § 2 første ledd bokstav b.

Det følgjer av dommen som er teken inn i Rt. 2007 side 1653, at det kan vere tilfelle utover dei som er nemnde i § 2 første ledd, der det ikkje ligg føre forsikringsplikt for uregistrerte motorvogner. Høgsterett la her til grunn at ein bilforhandlar ikkje hadde plikt til å forsikre ein avregistrert innbytebil, sjølv om han var plassert på ein stad som var open for ålmenta, og dermed var utanfor unntaket i § 2 første ledd bokstav b. Ifølgje Høgsterett er det ikkje nødvendigvis forsikringsplikt etter § 15 andre punktum sjølv om det er ein teoretisk risiko for at det kan oppstå ansvar etter bilansvarslova. Høgsterett meinte at § 15 andre punktum må forståast slik at «forsikringsplikten beror på en vurdering av risikoen for at motorvognene kan volde skade som omfattes av bilansvarsloven», sjå Rt. 2007 side 1653 avsnitt 37. Forslaget er ikkje meint å innebere noka endring av denne rettstilstanden.

Forslaget vil ha mest å seie for motorvogner som i dag er unnatekne frå registreringsplikta etter sin art, som motorvognene nemnde i forskrift 25. januar 1990 nr. 92 om bruk av kjøretøy § 2-2, jf. vegtrafikkloven § 16 første ledd. Slike motorvogner er ikkje underlagde noka forsikringsplikt i dag – i motsetning til dei som er omfatta av forskrift 15. januar 2001 nr. 26 om motorsport på lukket bane eller annet avsperret område og om annen bruk av go-kart.

Finans Norge og Trafikkforsikringsforeningen (felles høyringsfråsegn) har i høyringsrunden uttrykt bekymring for at forbrukarar kan vere uvitande om den forsikringsplikta dei kan få dersom bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum blir oppheva. I fråsegna viser dei til «frasegsatte» motorvogner, og departementet går ut frå at dei siktar til motorvogner som i dag er unnatekne frå registreringsplikta fordi dei ikkje blir brukte. Til dette vil departementet seie at desse motorvognene i dag berre er lovleg uregistrerte og omfatta av bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum så lenge dei ikkje «brukes» etter vegtrafikkloven § 17 første ledd første punktum og forskrift om bruk av kjøretøy § 2-6 første ledd. Desse fråsegnene skil ikkje mellom stader ålmenta kan eller ikkje kan ferdast. Vidare skal uttrykket «brukes» i vegtrafikkloven § 17 første ledd første punktum forståast vidt, sjå Bjørn Engstrøm (red.) mfl.: Vegtrafikkloven og trafikkreglene med kommentarer (5. utgåve, 2012) side 217. Det er derfor vanskeleg å sjå korleis denne gruppa motorvogner ved ei oppheving av § 2 andre ledd første punktum vil få ei nemneverdig meir omfattande forsikringsplikt enn dei har i dag. Departementet viser til at dersom slike motorvogner gjer skade i dag, vil det i praksis truleg vere i samband med bruk, og då har dei uansett registreringsplikt etter vegtrafikkloven § 17 første ledd og forskrift om bruk av kjøretøy § 2-6 første ledd og dermed også forsikringsplikt etter bilansvarslova.

3.5 Skade oppstått under motorvognrenn – bilansvarslova § 2 første ledd bokstav c

3.5.1 Gjeldande rett

Bilansvarslova § 2 første ledd bokstav c held skadar som oppstår under motorvognkonkurransar, utanfor verkeområdet for lova. Det følgjer av føresegna at lova ikkje gjeld dersom skaden er «gjord medan vogna er med i motorvognrenn som vert halde på avstengde stader i samhøve med serleg politiløyve».

Som ei grunngiving for unntaket viste motorvognansvarskomiteen til at det ikkje var «rimelig at trafikkforsikringen skal belastes den spesielle risiko som motorløp på avsperret bane representerer», jf. NUT 1957: 1 side 79. Dette har dels bakgrunn i dommen som er teken inn i RG. 1951 side 776 (Oslo), der situasjonen var at ein deltakar i eit billøp køyrde ut av bana og drap to tilskodarar. Sidan bilen ikkje var forsikra, måtte det dåverande «Felleskontoret til oppgjør av ansvarsskader for ukjente og uforsikrede motorvogner» betale erstatninga.

Uttrykket «motorvognrenn» avgjer kva for aktivitetar som er omfatta av unntaket. Det er eit vidt omgrep, som dekker forskjellige former for motorsport så framt det er i ein konkurransesituasjon. Øvingar fell utanfor ordlyden. Dette følgjer òg av forarbeida, jf. NUT 1957: 1 side 79, der det heiter at «[d]en foreslåtte bestemmelse gjelder alle slags motorveddeløp, pålitelighetsløp og andre tevlinger eller liknende med motorvogner», men at «[u]tafor faller derimot demonstrasjoner, prøver og eksperimenteringer som ikke kan karakteriseres som motorløp».

Formuleringa «avstengde stader» viser at konkurransen må skje på eit definert område, som på ein eller annan måte er fysisk avgrensa. I tillegg er det eit krav om at konkurransen har politiløyve. Dersom desse vilkåra er oppfylte, er skade som skjer mens motorvogna «er med» i konkurransen, ikkje dekt av bilansvarslova. Motorvogna er openbert «med» under sjølve løpet, men grensa for når ho blir rekna for å vere «med» må nok trekkjast litt vidare, sjå Nygaard: Bilansvaret (1990) side 53.

Sjølv om slik aktivitet ikkje er omfatta av bilansvarslova, er det føresett at ein skal vere sikra under motorvognrenn. Det heiter i Ot.prp. nr. 24 (1959–60) på side 41 at «politiet bør sørge for sikkerhetstillelse som gir like god eller noenlunde like god dekning som trafikkforsikringen». Det er òg viktig å merke seg at anna regelverk kjem inn og krev at utøving av motorsport er dekt av ei forsikring. Sjå nærmare om dette nedanfor.

3.5.2 Høyringsnotatet

Det vart ikkje foreslått å gjere endringar i unntaksføresegna i bilansvarslova § 2 første ledd bokstav c i høyringsnotatet. Det heiter der at:

«Bilansvarslova § 2 første ledd bokstav c gjer unntak frå forsikringsplikta for skade i ‘motorvognrenn som vert halde på avstengde stader i samhøve med særleg politiløyve’. Dette unntaket lèt seg tilsynelatande ikkje sameine med fråsegna frå Kommisjonen i konsekvensutgreiinga om at ‘motor sports’ er omfatta av direktivet. Det kan likevel diskuterast kor stor vekt ein bør leggje på denne delen av Kommisjonen si tolking. Vnuk-dommen gjaldt ein traktormanøver på ein gardsplass. Premissane i dommen gir ikkje haldepunkt for at direktivet skal omfatte motorvogner som deltek i billøp eller liknande på avstengde område. Ei slik tolking harmonerer heller ikkje godt med formålet i direktivet om å sikre trafikkskadde likt erstatningsvern på tvers av medlemslanda. Billøp er kjenneteikna av at trafikkreglane ikkje gjeld, at deltakarane tek ein bevisst risiko, at risikoen er konsentrert til eit fysisk avgrensa område, og at køyretøya som deltek, ikkje representerer ein risiko for andre trafikantar. I tillegg kjem at obligatorisk ansvarsforsikring etter bilansvarslova for deltakarar i billøp vil kunne føre til ein auke i forsikringspremien for alle trafikantar. Samla sett synest det derfor å vere rom for å leggje til grunn ei noko anna tolking av motorvognforsikringsdirektivet enn Kommisjonen på dette punktet. Departementet viser til at Finland i sin nye trafikförsäkringslag har valt å halde på ein unntaksregel for billøp, trass i Vnuk-dommen og Kommisjonen si tolking, jf. RP 123/2015 rd side 29. Finland har valt å halde på det nemnde unntaket fordi spørsmålet er rettsleg usikkert, fordi reelle omsyn taler imot at det skal vere forsikringsplikt for motorvogner som deltek i billøp, og dessutan fordi Kommisj onen har signalisert at det kan kome endringar i direktivet.»

3.5.3 Høyringsinstansane sine syn

Advokatforeningen meiner unntaksregelen i § 2 første ledd bokstav c må endrast. Dei skriv:

«Advokatforeningen antar at bilansvarsloven § 2 bokstav c må endres for å ikke komme på kollisjonskurs med Vnuk-dommen (sak C-162/13). Vi foreslår følgende ny ordlyd i bestemmelsen: ‘deltakere i motorvognrenn som avholdes på avstengte steder i samsvar med polititillatelser omfattes av loven bare i den utstrekning det foreligger erstatningansvar etter alminnelig erstatningsrett.’ Vi antar at denne lovendringen er tilstrekkelig til å unngå motstrid med direktivet og EU-domstolens praksis.»

Personskadeforbundet LTN gir òg uttrykk for at motorsport er omfatta av motorvognforsikringsdirektivet. Denne høyringsinstansen meiner dette harmonerer med formålet om å sikre trafikkskadde erstatning. Forbundet understrekar òg behovet for å sikre tilskodarar mot skadar dei kan bli påførte.

3.5.4 Departementet sine vurderingar

I høyringsnotatet vart det lagt til grunn at bilansvarslova § 2 første ledd bokstav c var i samsvar med motorvognforsikringsdirektivet. Grunngivinga bygde blant anna på forskjellane mellom motorsport og saksforholdet i C-162/13 Vnuk. Det vart òg vist til at EU-kommisjonen hadde signalisert endringar i direktivet. Dei seinare avgjerdene frå EU-domstolen som er omtalte i punkt 3.2.2, kan likevel gi grunnlag for ei anna vurdering.

EU-domstolen la til grunn i Vnuk at «use of vehicles» i artikkel 3 første ledd omfattar «any use of a vehicle that is consistent with the normal function of that vehicle» (avsnitt 59). Dette gir rettleiing for ei vurdering av om bruken som førte til skaden, er i samsvar med funksjonsmåten til motorvogna. Om han er det, skal eit mogleg erstatningsansvar vere dekt av ei forsikring.

Formuleringa har blitt presisert gjennom den seinare praksisen til domstolen. I C-514/16 Andrade la EU-domstolen til grunn at motorvogner etter direktivet er «irrespective of their characteristics, intended normally to serve as means of transport» (avsnitt 37). Dels derfor vart det uttalt at «the concept of ‘use of vehicles’ within the meaning of Article 3(1) of that directive covers any use of a vehicle as a means of transport» (avsnitt 38). Utsegna er vid og utan atterhald. Ho dekker alle situasjonar der ei motorvogn blir brukt som eit transportmiddel. I alle slike situasjonar skal eit mogleg erstatningsansvar vere dekt av ei forsikring, jf. artikkel 3 første ledd. Dette er følgt opp og lagt til grunn også i C-334/16 Torreiro avsnitt 29 og C-648/17 BTA Baltic Insurance Company avsnitt 34 og 35.

Motorvognrenn er mangfaldige og kan vere alt frå rally til dragracing. Som regel er målet å føre køyretøyet gjennom ei løype på kortast mogleg tid. Sjølv om det er ein forskjell mellom dette og alminneleg bruk av ei motorvogn, blir motorvognene også i slike tilfelle nytta som eit transportmiddel. Dette er eit argument som taler for at motorvognrenn er omfatta av artikkel 3 første ledd.

Samtidig er det nokon særtrekk ved motorvognrenn som kanskje kan tilseie eit anna resultat.

Bilansvarslova gjer unntak berre for motorvognrenn på «avstengde stader». Praksisen til EU-domstolen tilseier at dette ikkje er relevant etter motorvognforsikringsdirektivet. Det heiter i C-514/16 Andrade at «the scope of the concept of ‘use of vehicles’ does not depend on the characteristics of the terrain on which the motor vehicle is used» (avsnitt 35). Utsegna er følgd opp i C-334/16 Torreiro avsnitt 30. I Torreiro var bilen i eit militært øvingsområde som var stengt for alle ikkje-militære køyretøy, då han velta (avsnitt 34). Likevel var dette «use of vehicles» etter artikkel 3 første ledd.

Sidan motorvognrenna blir haldne på avstengde stader, utgjer motorvognene normalt ikkje nokon risiko for tredjepersonar, men venteleg har heller ikkje dette noko å seie etter direktivet. EU-domstolen uttalte i C-514/16 Andrade at det er «nothing in the compulsory insurance directives that would limit the scope of the insurance obligation and of the protection which that obligation is intended to give to the victims of accidents caused by motor vehicles to the use of such vehicles on certain terrain or on certain roads» (avsnitt 36). Sjå òg C-334/16 Torreiro avsnitt 31.

Departementet nemner elles at eit spørsmål for EU-domstolen i C-334/16 Torreiro var om motorsport var omfatta av motorvognforsikringsdirektivet. EU-domstolen tok ikkje stilling til spørsmålet fordi det ikkje hadde nokon samanheng med faktum i saka (avsnitt 38).

Det synest etter dette å vere ein del haldepunkt for at unntaksregelen i bilansvarslova § 2 første ledd bokstav c ikkje er i samsvar med motorvognforsikringsdirektivet slik direktivet har blitt tolka av EU-domstolen den seinare tida.

Departementet foreslår likevel ikkje å oppheve unntaksføresegna for motorvognrenn no. Ei viktig årsak til dette er uvissa om kva som vil skje med motorvognforsikringsdirektivet i EU. Som nemnt i punkt 3.2.3 er det i gang ein lovgivingsprosess med sikte på endringar i direktivet. Basert på forslaget frå EU-kommisjonen må unntaksregelen for motorvognrenn venteleg endrast. På den andre sida gjekk EU-parlamentet ved første gjennomlesing inn for å halde motorsport utanfor verkeområdet for direktivet. Sidan ei endring for motorsport kan vise seg å vere mellombels, meiner departementet det vil vere uheldig å forskotere utfallet av denne prosessen no. Departementet nemner i den samanhengen at det er signalisert at det neppe vil dreie seg om fleire år før endringane av direktivet blir vedtekne.

Departementet viser òg til at det har vore stor motstand frå motorsportmiljøet i Europa mot å inkludere motorsport i direktivet.

Departementet legg stor vekt på at det er andre føresegner i lovverket som uansett pålegg forsikringsplikt ved utøving av motorsport. Sjølv om motorsport i dag fell utanfor verkeområdet for bilansvarslova, betyr det derfor ikkje at deltakarane ikkje må ha forsikring. Departementet viser til forskrift 15. januar 2001 nr. 26 om motorsport på lukket bane eller annet avsperret område og om annen bruk av go-kart § 4, der det går fram at «[f]or kjøretøy som benyttes til kjøring etter dette kapittel må det være tegnet forsikring som minst tilsvarer dekning etter lov av 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogn gjer». Etter det departementet er kjent med, har motorsportmiljøet organisert seg med eigne forsikringsordningar, som ser ut til å fungere godt.

Tryggleiken ved motorsport ser òg ut til å vere god, med få alvorlege skadar. Det er her verdt å nemne at både banene og motorvognene er utforma og utstyrte for å hindre eller minimere eventuelle skadar, sjå høyringsnotatet frå Statens vegvesen 7. februar 2019 om forslag til endring av regelverket for motorsport, side 10 og 32.

Dersom ein opphevar denne føresegna, blir motorsport omfatta av det objektive ansvaret i lova. Det er ikkje openbert at dette vil vere den riktige løysinga for motorsport. Kanskje bør det heller gjelde eit skuldansvar for tingskadar. Departementet viser her til at motorvognene ofte kan komme borti kvarandre ved utøvinga av sporten. Motorvognforsikringsdirektivet lar det i utgangspunktet vere opp til statane sjølve å bestemme erstatningsansvaret. Det direktivet krev, er at det ansvaret som følgjer av intern rett, skal vere dekt av ei forsikring, sjå C-484/09 Ferreira Santos avsnitt 31. Forslaget frå Advokatforeningen til ny § 2 første ledd bokstav c må truleg lesast på den bakgrunnen.

Bilansvarslova § 2 første ledd bokstav c gjer berre unntak for sjølve konkurransesituasjonen. Trening og øving kan òg vere utanfor verkeområdet for lova, men i så fall vil det følgje av regelen i § 2 andre ledd første punktum om skade gjord av lovleg uregistrert motorvogn utanfor ein stad der ålmenta kan ferdast. Departementet viser her til at forskrift 15. januar 2001 nr. 26 om motorsport på lukket bane eller annet avsperret område og om annen bruk av go-kart § 3 første ledd, jf. § 1, gjer unntak frå registreringsplikta for motorvogner som deltek i «trenings- og konkurransekjøring på lukket bane eller annet avsperret område».

Departementet foreslår å oppheve unntaksregelen i § 2 andre ledd første punktum, sjå punkt 3.4. For å unngå at denne endringa får konsekvensar for motorsport, foreslår departementet å endre § 2 første ledd bokstav c slik at dette unntaket òg tek opp i seg dei unntaka for motorsport som i dag følgjer av andre ledd første punktum. Dei argumenta som taler for at ein ventar med å gjere noko med unntaksføresegna i bilansvarslova § 2 første ledd bokstav c, tilseier nemleg at ein òg ventar med å gjere noko med dei unntaka for motorsport som følgjer av § 2 andre ledd første punktum. Krav om forsikring følgjer som nemnt av forskrift, og motorsportmiljøet synest å ha organisert seg godt. Vidare må ein gå ut frå at det vil komme ei avklaring i EU om ikkje lenge. Lovforslaget inneber at alle spørsmål om motorsport og forholdet til bilansvarslova kan vurderast samla når ein har fått svar på kva motorvognforsikringsdirektivet vil innebere i framtida. Departementet foreslår derfor å oppretthalde både § 2 første ledd bokstav c og dei innhaldsmessige delane av andre ledd første punktum når det gjeld motorsport. Departementet vil likevel foreslå å presisere i lova at det skal vere teikna forsikring i samsvar med reglane som gjeld for motorsport.

Forslaget til departementet går etter dette ut på å endre § 2 første ledd bokstav c slik at føresegna gjer unntak for skade som er gjord «medan vogna er med i organisert trenings- eller konkurransekøyring på lukka bane eller anna avsperra område, og det er teikna forsikring i samsvar med reglane som gjeld for slik køyring». Formuleringa byggjer på ordlyden i forskrift 15. januar 2001 nr. 26 om motorsport på lukket bane eller annet avsperret område og om annen bruk av go-kart § 1 første punktum. Kravet til forsikring inneber at viss det ikkje er teikna forsikring slik det skal, og skaden derfor ikkje er dekt av ei forsikring, vil skaden vere omfatta av bilansvarslova. Trafikkforsikringsforeningen kan i så fall måtte bera skaden.

Til forsida