Prop. 137 L (2019–2020)

Lov om endringar i deltakerloven og havressurslova (endringar i kvotesystemet)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Hovudinnhaldet i lovproposisjonen

Nærings- og fiskeridepartementet legg i denne lovproposisjonen fram forslag til endringar i lov om retten til å delta i fiske og fangst (deltakarlova) og lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova).

Formålet med lovendringane er å leggje til rette for at fiskeriforvaltninga kan følgje opp dei tiltaka i Meld. St. 32 (2018–2019) Et kvotesystem for økt verdiskaping (kvotemeldinga) som Stortinget har slutta seg til. Dette krev også forskriftsendringar, og departementet vil sende ut eit høyringsnotat med forslag til dei forskriftsendringane som vil vere nødvendige for å gjennomføre tiltaka.

Stortinget har gjennom vedtak 549–559 (2019–2020) slutta seg til dei fleste av tiltaka i kvotemeldinga, jf. Innst. 243 S (2019–2020). Mellom dei tiltaka det vart gjort framlegg om i meldinga, og som kravde lovendring, er det berre to (kvotelageret til fellesskapet og næringsfinansiert kondemneringsordning) som Stortinget ikkje har gjeve si tilslutning til, jf. særleg stortingsvedtak 550, 556 og 559 (2019–2020). Desse to tiltaka vil derfor ikkje få særleg omtale i denne proposisjonen. I tillegg har Stortinget i vedtak 554 (2019–2020) bede regjeringa kome tilbake med eit forslag til fiskal avgift på fiskeria, som truleg vil krevje lovendring. Vi tek sikte på å kome tilbake til spørsmålet om lovendring når ein legg forslag til avgift fram for Stortinget.

I samband med handsaminga av kvotemeldinga har Stortinget dessutan på eige initiativ gjort vedtak og gjeve føringar som ikkje er vurderte nærare i kvotemeldinga. Desse vedtaka og føringane vil i liten grad verte omtala i denne lovproposisjonen fordi dei ikkje har direkte innverknad på utforminga av lovforslaga her, jf. likevel omtale av vedtak 554 (2019–2020) ovanfor. Stortinget har i vedtak 558 (2019–2020) bede regjeringa om å gjere utgreiingar av konsekvensane av desse vedtaka og føringane der det er behov, noko som inneber at forvaltninga vil måtte kome tilbake til den konkrete oppfølginga på eit seinare tidspunkt.

Departementet foreslår i tillegg nokre mindre endringar i deltakarlova og havressurslova for å rette feil og oppdatere utdaterte referansar.

Hovudsaka i denne lovproposisjonen er såleis å foreslå endringar i lovføresegner som gjeld kvotesystemet. Med kvotesystemet siktar vi her til reglane om kven som har høve til å delta i fiske (reglane om ervervsløyve, spesielle løyve og årlege deltakarreguleringar), kor mykje dei har rett til å fiske (reglane om årlege kvotar), og dei såkalla strukturkvoteordningane. Desse reglane er forankra i to sentrale fiskerilover, høvesvis deltakarlova kapittel II, III og IV om ervervsløyve, spesielle løyve og årlege deltakarreguleringar og havressurslova kapittel 3 om kvotar og fangstmengd.

Denne lovproposisjonen gjeld endringar i to av dei nemnde kapitla i deltakarlova, høvesvis kapittel III om spesielle løyve (konsesjonar) og kapittel IV om andre avgrensingar i kven som kan delta i fiske, forutan det nemnde kapittel 3 i havressurslova om kvotar og fangstmengd. Vi foreslår relativt omfattande endringar i lovføresegnene i alle desse tre lovkapitla.

Dette inneber vidare at vi ikkje foreslår endringar i deltakarlova kap. II om ervervsløyve for å følgje opp tiltaka i kvotemeldinga utover det som er nødvendig for å oppdatere utdaterte referansar mv. Deltakarlova kap. 2 regulerer mellom anna dei grunnleggjande krava til eigarskap i fiskefartøy, høvesvis nasjonalitetskravet i deltakarlova § 5 og det såkalla aktivitetskravet i deltakarlova § 6. Vi foreslår heller ikkje endringar i lovføresegner om avgrensingar i fiskeriaktiviteten til utlendingar eller i føresegner om verkeområde, kontroll, sanksjonar og straff utover nødvendige tekniske oppdateringar av referansar og liknande.

1.2 Lita ordliste nynorsk – bokmål

Nærings- og fiskeridepartementet nyttar i nokre høve ganske ulike faguttrykk på nynorsk og bokmål. Vi ser det derfor som formålstenleg med ei lita ordliste her som kanskje kan bidra til å unngå grunnlaus forvirring:

ervervsløyve ervervstillatelse
fiskeriløyve fiskeritillatelse
spesielt løyve (konsesjon)spesiell tillatelse (konsesjon)
deltakarrett

deltakeradgang

årlege deltakaravgrensingarårlige adgangsbegrensninger
kvotelageret til fellesskapetfellesskapets kvotebeholdning
deltakargruppeadgangsgruppe
Til forsida