Prop. 137 L (2019–2020)

Lov om endringar i deltakerloven og havressurslova (endringar i kvotesystemet)

Til innhaldsliste

4 Oversikt over gjeldande rett

4.1 Innleiing

Dei tre sentrale fiskerilovene er deltakarlova, havressurslova og fiskesalslagslova.

Deltakerlova, lov 26. mars 1999 nr 15 om retten til å delta i fiske og fangst, regulerer kven som kan delta i ervervsmessig fiske og fangst. Havressurslova, lov 6. juni 2008 nr 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar, regulerer kor mykje ein kan hauste og korleis, dvs. om utøvinga og gjennomføringa av haustinga. Fiskesalslagslova, lov 21. juni 2013 nr. 75 om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar, regulerer omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar.

Kvotesystemet i vid forstand, som er tema for kvotemeldinga, er regulert i og i medhald av deltakarlova og havressurslova. Vi vil derfor i det følgjande gå gjennom desse reglane.

4.2 Deltakarlova

Deltakarlova vart vedteken 26. mars 1999 og erstattar tidlegare lover som har regulert deltakinga i fiske og fangst, mellom anna lov 16. juni 1972 nr. 57 om regulering av deltagelsen i fiske, jf. Ot.prp. nr. 67 (1998–99) Om lov om retten til å delta i fiske og fangst.

Formålet til lova er dels å tilpasse fangstkapasiteten i fiskeflåten til ressursgrunnlaget for å sikre ei rasjonell og berekraftig utnytting av dei marine ressursane, dels å auke lønnsemda og verdiskapinga i næringa og gjennom dette tryggje busettinga i kystdistrikta, og dels å leggje til rette for at haustinga av dei marine ressursane framleis skal kome kystfolket til gode.

Stortinget har vedteke fleire endringar i deltakarlova. Mellom dei sentrale endringslovene finn vi:

  • Lov 17. desember 2004 nr. 88, jf. Ot.prp. nr. 70 (2003–2004) Om lov om endring i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven) m.v.

  • Lov 21. september 2012 nr. 66, jf. Prop. 70 L (2011–2012) Endringar i deltakerloven, havressurslova og finnmarksloven (kystfiskeutvalget)

  • Lov 31. mai 2013 nr. 24, jf. Prop. 59 L (2012–2013) Endringer i deltakerloven, fiskeriforbudsloven mv.

  • Lov 19. juni 2015 nr. 78, jf. Prop. 88 L (2014–2015) Endringer i deltakerloven (tildeling av spesiell tillatelse og adgang til å delta i fiske)

4.2.1 Ervervsløyve

Deltakarlova stiller krav om ervervsløyve for alle som vil drive ervervsmessig fiske og fangst med fartøy, jf. deltakarlova § 4. Ein tildeler ervervsløyve til eigaren av fartøyet, for eitt konkret fartøy, jf. deltakarlova § 4 andre ledd. Det inneber at berre denne eigaren kan drive fartøyet, for si rekning og risiko, innanfor ramma av og i kraft av dette løyvet, og innanfor dei reglane som er fastsette i det samla regelverket. Det inneber vidare at dersom fartøyeigar vil skifte ut sitt fartøy og halde fram med fisket med eit anna fartøy, må vedkomande søke styremaktene om ervevsløyve for det nye fartøyet. Ervervsløyvet fell bort dersom eigaren tapar eigedomsretten til fartøyet, jf. deltakarlova § 10.

Deltakarlova stiller fleire vilkår for tildeling av ervervsløyve. To sentrale vilkår er nasjonalitetskravet og aktivitetskravet, jf. deltakarlova §§ 5 og 6. Nasjonalitetskravet inneber at fartøyeigar må vere norsk statsborgar eller likestilt, og bidrar til at inntektene frå fiske og fangst kjem det norske samfunnet til gode. Som likestilt med norsk statsborgar vert rekna utlending busett i Noreg, men berre dersom fartøyet er under 15 meter. Dersom eit selskap eig fartøyet, må selskapet vere ått med minst 60 prosent av norske statsborgarar, og det gjeld eigne krav til mellom anna styresamansetninga.

Aktivitetskravet inneber at aktive fiskarar som hovudregel må eige fartøyet. Kravet bidrar til at inntektene frå fiske og fangst kjem aktive fiskarar til gode, og ikkje passive kapitalinteresser. Som aktiv fiskar reknar vi person som har drive ervervsmessig fiske eller fangst på eller med norsk fartøy i minst tre av dei siste fem åra og framleis er knytt til fiske- og fangstyrket. Dersom eit selskap eig fartøyet, må det vere ått med meir enn 50 % av aktive fiskarar. Lova opnar for unntak frå aktivitetskravet i nokre høve, mellom anna kan departementet i særlege høve, når næringsmessige og regionale omsyn tilseier det, gjere unntak ved enkeltvedtak.

Styremaktene skal kalle tilbake ervervsløyvet dersom eigaren ikkje lenger oppfyller nasjonalitetskravet eller aktivitetskravet, jf. deltakarlova § 11 første ledd.

Denne lovproposisjonen legg ikkje opp til endringar i lovføresegnene om ervervsløyve.

4.2.2 Konsesjonar, deltakarrettar og andre deltakaravgrensingar

I tillegg til at all ervervsmessig fiske og fangst med fartøy er underlagt krav om ervervsløyve, gjeld i dei langt fleste kommersielt viktige fiskeria eit eige krav om konsesjon (spesiell løyve) eller andre deltakaravgrensingar for å kunne delta. Slike deltakaravgrensingar bidrar til å motverke overkapasitet i dei aktuelle fiskeria, og bidrar til meir føreseielege rammevilkår for aktørane.

Konsesjonsordningane er i første rekke gjort gjeldande for dei ulike fiskeria i havfiskeflåten, jf. deltakarlova § 12. Konsesjonen fungerer i stor grad på same vis som ervervsløyve ved at han vert tildelt til ein eigar for eitt konkret fartøy, jf. deltakarlova § 15, og ein må derfor tildele ny konsesjon når fartøyet skiftar eigar, når eigaren skiftar fartøy eller konsesjon skiftar fartøy, jf. deltakarlova § 17. Vidare fell konsesjonen bort dersom ervervsløyvet for fartøyet fell bort eller vert kalla tilbake, til dømes dersom eigaren tapar eigedomsretten til fartøyet, jf. deltakarlova § 18, jf. § 10. Vi har i dag 19 ulike konsesjonsordningar fastsette i forskrift 13. oktober 2006 nr. 1157 om spesielle tillatelser til å drive enkelte former for fiske og fangst (konsesjonsforskrifta), i medhald av deltakarlova § 12.

I kystfiskeflåten har det utvikla seg ei anna form for deltakaravgrensingar, såkalla årlege deltakaravgrensingar som departementet fastset i ei årleg deltakarforskrift med heimel i deltakarlova § 21. Deltakarforskrifta inneheld deltakaravgrensingar for totalt 14 kystfiskeri og for den konvensjonelle havfiskeflåten, og dei fleste av desse fiskeria er delte opp i ei lukka og ei open gruppe. Lukka gruppe skil seg frå open gruppe dels ved at deltaking i lukka gruppe som regel gjev rett til å fiske ein monaleg større kvote, og dels ved at deltakinga er avgrensa til fartøy som hadde rett til å delta i gruppa føregåande år. For deltaking i lukka gruppe er det dessutan som regel eit krav om at fartøyeigar står på blad B i fiskarmanntalet, som er reservert for heiltidsfiskarar. Rett til å delta i lukka gruppe omtalar ein gjerne som deltakarrett. For deltaking i begge grupper stiller ein gjerne krav om at fartøyet er registrert i merkeregisteret, har lasteromvolum som er mindre enn 500 kbm, og er eigna og utrusta og har mannskap for det aktuelle fisket, og at fartøyeigar og høvedsmann står i fiskarmanntalet.

Det er såleis enkelte prinsipielle skilnader mellom å deltakarregulere eit fiskeri med konsesjonar og å regulere det med deltakarrettar i ei lukka gruppe. Konsesjonar tildeler ein utan tidsavgrensingar, medan ein deltakarrett berre gjeld for eitt år om gangen. Vidare er ikkje ein deltakerrett eit løyve i rettsleg forstand, men berre eit uttrykk for at fartøyeigar og fartøyet fyller dei til einkvar tid gjeldande vilkåra for å delta i lukka gruppe i dei aktuelle fiskeria. Vilkåra for å delta kan endrast frå eit år til det neste, i samband med fastsetjinga av deltakarforskrifta for neste år, eller ved ei forskriftsendring i løpet av året. Deltakarretten fell automatisk bort dersom fartøyeigar eller fartøy ikkje lenger fyller vilkåra i forskrifta for å delta i lukka gruppe, medan ein konsesjon ikkje fell bort, men må kallast tilbake med mindre ein gjer endringar i eigarskapet, jf. deltakarlova §§ 18 og 19.

Det er likevel alle fellestrekka mellom konsesjonar og deltakarrettar som er mest påfallande. Begge gjeld berre for lukka fiskeri, med nokre få unntak for konsesjonar. Det er med andre ord ei avgrensa krets av aktørar i den enkelte fartøygruppa som har nytte av konsesjonar og deltakarrettar. Det er vidare slik at sjølv om deltakarrettar berre gjeld for eitt år om gongen, har ein i praksis frå år til år ført vidare uendra vilkår for å delta, slik at deltakarrettane på mange praktiske måtar har same permanente preg som konsesjonane som ikkje er underlagde tidsavgrensingar. Det har vore relativt brei politisk semje om denne stabiliteten i tildelinga av deltakarrettar, som gjev fartøyeigar føreseielege rammevilkår. Vidare er både konsesjonar og deltakarrettar alltid knytte både til ein fartøyeigar og eit konkret fartøy. Ved eigarskifte fell konsesjonar og deltakarrettar bort. Reglane for tildeling av konsesjon eller deltakarrett når ein sel fartøyet for fortsett drift, når fartøyeigar skiftar ut sitt gamle fartøy, eller når fartøyeigar splittar fiskeløyve, er i all hovudsak samanfallande.

Denne lovproposisjonen legg opp til ei rekke endringar i lovføresegnene om konsesjon og deltakaravgrensingar mellom anna som følgje av at kvotemeldinga foreslår å slå saman konsesjonar og deltakarrettar til eit felles fiskeriløyve, jf. mellom anna forslag til nye §§ 12 og 21 i deltakarlova.

4.2.3 Nytildeling og erstatningstildeling

Ein skil gjerne mellom to typar tildeling av konsesjonar og deltakarrettar i lukka fiskeri, høvesvis nytildeling og erstatningstildeling. Hovudskilnaden er at ved nytildeling kjem ikkje konsesjonen eller deltakarretten til erstatning for ein tilsvarande konsesjon eller deltakarrett, noko som inneber at talet på deltakarar aukar, medan ved erstatningstildeling skjer tildelinga som følgje av at ein annan konsesjon eller deltakarrett vert oppgjeven, til dømes ved utskifting av fartøy eller sal av fartøy for fortsett drift.

Det er ei klar politisk målsetting å sikre stabilitet i dei lukka fiskeria, enten dei er regulerte med konsesjonar eller deltakarrettar. Dette inneber at styremaktene normalt vil vere varsame både med å gjere endringar i inndelinga av konsesjonsgruppene, og med å auke talet på konsesjonar eller deltakarrettar i den enkelte gruppa. Dette er nødvendig for å oppretthalde lønnsemd, og ein sentral føresetnad for at strukturkvoteordningane skal kunne fungere slik dei gjer i dag. Regelverket er med andre ord meir restriktivt når det gjeld nytildeling enn når det gjeld erstatningstildeling av konsesjonar og deltakarrettar.

4.2.3.1 Særleg om nytildeling

Styremaktene har likevel relativt omfattande høve til å tildele nye konsesjonar og deltakarrettar dersom ein skulle ønske det, enten ved å auke talet på konsesjonar eller deltakarrettar i ei eksisterande gruppe, eller ved å gjere endringar i gruppeinndelinga. Dette er regulert i deltakarlova § 16 når det gjeld konsesjonar. Ei tilsvarande føresegn finst ikkje for deltakarrettar, noko som i praksis inneber at handlingsrommet for styremaktene er større her, jf. dessutan at deltakarrettane i motsetning til konsesjonar gjeld for eitt år om gongen.

Deltakarlova § 16 opnar såleis for at departementet kan auke talet på konsesjonar i ei konsesjonsgruppe ved å tildele nye konsesjonar. Med mindre særlege grunnar tilseier noko anna, skal ein gjennomføre ei offentleg utlysing av slike nye konsesjonar, og berre om departementet ved ei vurdering ut frå formålet til lova finn at ein bør auke talet på konsesjonar i ei gruppe. Deltakarlova inneheld ikkje tilsvarande avgrensingar på når styremaktene kan tildele nye deltakarrettar i dei fiskeria dette er aktuelt.

Deltakarlova gjev dessutan fiskeristyremaktene stort handlingsrom til å gjere endringar i eksisterande konsesjonsgrupper og i eksisterande lukka fartøygrupper i kystfiskeria.

Det følgjer av deltakarlova § 19 at kongen kan kalle tilbake alle konsesjonar i ei gruppe, eller han kan avgrense gruppa til å gjelde eit snevrare geografisk område eller til eit mindre omfang av typar fiske eller fangst enn konsesjonane omfattar. Vidare følgjer det av §§ 12 og 14 at kongen kan opprette nye konsesjonsgrupper og utvide dei eksisterande. Det er heller ingen avgrensingar i kompetansen for departementet til ved årsskiftet å oppheve, endre eller opprette lukka fartøygrupper i kystfiskeria ut over det som følgjer av deltakarlova § 21.

Likevel har både konsesjonsgruppene og dei lukka kystfartøygruppene i fleire år vore kjenneteikna av stabilitet. Alle dei kommersielt viktigaste fiskeria er i dag lukka og regulerte enten med konsesjonar eller deltakarrettar, og behovet for å opprette nye grupper synest avgrensa. Talet på konsesjonar og deltakarrettar i dei enkelte fiskeria har gjennomgåande lege fast etter lukkinga, eller talet har vorte redusert etter at ein har opna for bruk av strukturordningar. Stabilitet i talet på deltakarar i dei lukka fiskeria vil ofte vere nødvendig for å oppretthalde lønnsemd, og er dessutan ein sentral føresetnad for at strukturkvoteordningane skal kunne fungere slik dei gjer i dag.

Denne lovproposisjonen legg opp til fleire tekniske endringar i lovføresegnene om nytildeling, mellom anna å lovfeste enkelte føresegner om lukking av fiskeri, jf. forslag til ny § 13 i deltakarlova.

4.2.3.2 Særleg om erstatningstildeling

Ein fartøyeigar kan søke om erstatningstildeling av konsesjon eller deltakarrett i tre høve: ved kjøp av fartøyet for fortsett drift, ved utskifting av fartøyet, og ved såkalla splitting av driftsgrunnlag. Splitting av driftsgrunnlag inneber at ein konsesjon eller deltakarrett vert overført mellom to fartøy i medhald av eige løyve frå forvaltninga til slik splitting. I slike tilfelle kjem konsesjonen eller deltakarretten til erstatning for ein tilsvarande konsesjon eller deltakarrett som vert oppgjeven i samband med kjøpet, utskiftinga eller splittinga. Det skjer med andre ord ikkje ein auke i talet på konsesjonar eller deltakarrettar i den aktuelle fartøygruppa. Slike erstatningstildelingar er regulert i deltakarlova § 17 og konsesjonsforskrifta for konsesjonane sin del og i den årlege deltakarforskrifta med heimel i deltakarlova § 21 tredje ledd for deltakarrettane sin del.

Denne lovproposisjonen legg opp til mindre tekniske endringar i lovføresegna om erstatningstildeling, jf. forslag til ny § 14 i deltakarlova.

4.3 Havressurslova

Havressurslova vart vedteken 6. juni 2008 og erstatta lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv., jf. Ot.prp. nr. 67 (1998–99) Om lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar.

Formålet til lova er å sikre ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske materialet. Lova inneheld mellom anna føresegner om kvotar og om utøving av fiske, forutan om enkelte avgifter. Det er føresegnene om kvotar som har størst interesse i samband med oppfølginga av kvotemeldinga. I tillegg er det generelle prinsippet om at dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg forankra i havressurslova § 2, gjerne omtala som retten til ressursane.

Havressurslova har ikkje vore gjenstand for like mange store endringar som deltakarlova. Mellom dei større endringane nemner vi følgjande:

  • Lov 21. september 2012 nr. 66, jf. Prop. 70 L (2011–2012) Endringar i deltakerloven, havressurslova og finnmarksloven (kystfiskeutvalget)

  • Lov 31. mai 2013 nr. 24, jf. Prop. 59 L (2012–2013) Endringer i deltakerloven, fiskeriforbudsloven mv.

  • Lov 16. juni 2017 nr. 73, jf. Prop. 119 L (2016–2017) Endringar i havressurslova m.m. (regulering av turistfiskenæringa m.m.)

4.3.1 Retten til ressursane

Havressurslova § 2 slår fast at dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg. Føresegna lovfestar eit grunnleggjande prinsipp om retten til desse ressursane. Føresegna er knytt til rolla til staten som forvaltar og ansvaret til staten for at ressursane og dei marine økosystema er i balanse og produserer eit haustingsverdig overskot. Føresegna gjeld ikkje det enkelte individet eller det enkelte eksemplaret av eit fiskeslag, men dei ressursane som til ei kvar tid er å finne i område underlagt norsk fiskerijurisdiksjon. Føresegna etablerer såleis ikkje statleg eigedomsrett til ressursane i juridisk forstand, men uttrykker fellesskapet sin rett til ressursane i motsetning til ein privateigd ressurs.

Føresegna er med andre ord ikkje til hinder for at staten kan regulere både uttaket frå og deltakinga i fisket på ein måte som avgrensar retten til fiske for nokre meir enn for andre, i medhald av dei relevante føresegnene i deltakarlova og havressurslova. Problemstillinga er mellom anna omtala slik i forarbeida til havressurslova, jf. Ot.prp. nr. 20 (2007–2008) kapittel 4.3.4:

«I Innst. O. nr. 38 (1998– 99) til deltakarlova vart dette utdjupa i kapittel 2.3, der det vert sagt følgjande:
Komiteen vil påpeke at fiskeressursene tilhører det norske folk, i fellesskap. Det er derfor i utgangspunktet ingen enkeltpersoner eller enkeltselskaper som kan gis evigvarende eksklusive rettigheter til vederlagsfritt å høste av (og tjene på) disse ressursene, mens andre stenges ute fra å delta i fisket. Komiteen erkjenner samtidig behovet for å begrense ressursuttaket av hensyn til en langsiktig og bærekraftig utnytting av ressursene i havet. Komiteen mener derfor at deltakerloven er viktig i forhold til å regulere deltakelsen i fisket og derved den samlede kapasitet i fiskeflåten.
Det går her fram at lovgjevar ikkje har sett noko motsetjing mellom avgrensing i deltakinga i fisket, og det at ressursane er ein nasjonal fellesressurs. Det kan mellom anna difor ikkje hevdast at den økonomiske verdien som vert skapt gjennom slike avgrensingar i deltakinga, og det at denne verdien vert utløyst gjennom transaksjonar mellom private partar, har endra det rettslege innhaldet i dei løyva som er gjevne eller fiskebåteigarane sin rettslege status og situasjon. Høvet til å kalle tilbake konsesjonar eller gjere andre endringar i konsesjonsgruppene i medhald av deltakarlova, står til dømes ved lag.»

Denne lovproposisjonen legg ikkje opp til endringar i havressurslova § 2 om retten til ressursane.

4.3.2 Kvotar

Sjølv om eit fartøy i medhald av deltakarlova er tildelt ervervsløyve og konsesjon eller har deltakarrett i eit fiskeri, gjev ikkje dette rett til å fiske meir enn det som følgjer av dei til einkvar tid gjeldande kvotereguleringar i medhald av havressurslova, jf. til dømes deltakarlova §§ 4 tredje ledd og 15 andre ledd for høvesvis ervervsløyve og konsesjonar og deltakerforskrifta § 3 for deltakarrettar.

Kvotar vert tildelte årleg til fartøy i medhald av dei årlege reguleringsforskriftene med heimel i havressurslova kap. 3. For ei haustingsverksemd vert det gjerne fastsett ein nasjonal kvote som igjen mellom anna vert fordelt på ulike fartøygrupper, jf. havressurslova § 11. Ein fordeler deretter gruppekvoten på fartøya i den enkelte gruppe, jf. havressurslova § 12.

Dersom haustingsverksemnda omfattar eit lukka fiskeri, vil storleiken på den årlege kvoten som vert fordelt til eit fartøy, avhenge av kva for fordelingsnøklar som ein nyttar i den aktuelle haustingsverksemda. Desse fordelingsnøklane går under mange namn, som kvotefaktorar, konsesjonskapasitet osv., men har same funksjon og vert i det følgjande omtala som kvotefaktorar, jf. mellom anna kapittel 4.4.

Denne lovproposisjonen legg opp til endringar i lovføresegnene om kvotefastsetjing i havressurslova §§ 11 og 12 mellom anna for å følgje opp forslaget i kvotemeldinga kapittel 3.1.2 om å innføre faste kvotefaktorar.

4.3.3 Strukturkvoteordningar

Eit fartøy kan i utgangspunktet berre fiske ein kvote av kvart fiskeslag i løpet av kvoteåret. Om ein ønsker større driftsgrunnlag for fartøyet, er det nærliggjande å nytte strukturkvoteordningane. Strukturkvoteordningane for høvesvis havfiskeflåten og kystfiskeflåten er regulerte i forskrift 4. mars 2005 nr. 193 om strukturkvoteordning mv. for havfiskeflåten (strukturforskrifta for havfiskeflåten) og forskrift 7. november 2003 nr. 1309 om spesielle kvoteordninger for kystfiskeflåten (strukturforskrifta for kystfiskeflåten). Begge forskriftene er fastsette med heimel i havressurslova § 14.

Strukturkvoteordningane tener to hovudformål: Dei legg til rette for auka lønnsemd i reiarlaga ved at ein kan tildele fartøya større kvotegrunnlag å fiske på, og dei motverkar overkapasitet i fangstleddet ved at ein tek fartøy ut av fiske. Hovedvilkåret for bruk av strukturkvoteordningane er at ein tek eit fartøy ut av fiske, og at ein gjev opp konsesjonar eller deltakarrettar som det uttekne fartøyet var tildelt. Strukturkvote kan ein berre tildele for eitt år om gongen for eit konkret fiskeslag, og det er ein føresetnad at fartøyet er tildelt konsesjon eller har deltakarrett i det aktuelle fiskeriet, jf. strukturforskrifta for havfiskeflåten § 5 og strukturforskrifta for kystfiskeflåten § 7. Dersom konsesjonen eller deltakarretten fell bort eller vert kalla tilbake, fell strukturkvoten automatisk bort. Det gjeld dessutan tidsavgrensingar på kor lenge strukturkvotene kan verte retildelte, høvesvis 20 og 25 år etter når dei vart tildelte første gongen.

Denne lovproposisjonen legg opp til endringar i lovheimelen for strukturkvoteordningane, jf. forslag til ny deltakarlov § 15.

4.4 Kvotefaktorar – bindeleddet mellom deltakarlova og havressurslova

For å kunne fastsetje årleg kvote til enkeltfartøy må forvaltninga ta omsyn til fordelingsnøklar, til dømes for å fordele gruppekvoten på fartøya i gruppa. Desse fordelingsnøklane er forma på ulike vis og går under ulike namn avhengig av kva for fartøygruppe dei gjeld. Stikkord kan vere heimelslengd, basistonn, konsesjonskapasitet, fartøylengd og kvotefaktorar. Av praktiske grunnar vel vi å omtale fordelingsnøklane som kvotefaktorar i det følgjande.

Kvotefaktorane er i dag ikkje omtala verken i deltakarlova eller havressurslova, men har nær samanheng med begge lovene fordi dei ofte vil gå fram av løyve gjevne i medhald av deltakarlova, og fordi dei tener som nøklar til å fordele kvotar mellom fartøy i medhald av havressurslova.

Kvotefaktorane vil gjerne vere knytte direkte til den enkelte konsesjonen som fartøyet er tildelt, eller til den enkelte deltakarretten som fartøyet har, og dei vil som regel følgje med dersom konsesjonen eller deltakarretten er gjenstand for erstatningstildeling. Ved bruk av strukturkvoteordninga vil fartøyeigar måtte oppgje kvotefaktorar samtidig som ho oppgjev konsesjonar eller deltakarrettar. Dei oppgjevne kvotefaktorane vil verte erstatta av nye kvotefaktorar som vert knytte til nytildelte strukturkvotar etter eventuell avkorting. Slike kvotefaktorar vert gjerne omtala som strukturkvotefaktorar, og dei har ikkje same binding til konsesjonen eller deltakarretten som andre kvotefaktorar, gjerne omtala som grunnkvotefaktorar, mellom anna fordi regelverket opnar for erstatningstildeling av strukturkvotefaktorar utan at konsesjonen eller deltakarretten følgjer med, under føresetnad av at forvaltninga gjev nødvendig løyve (splitting), jf. strukturforskrifta for havfiskeflåten § 7 b og strukturforskrifta for kystfiskeflåten § 11 b.

Kvotefaktorane vil ha same formelle tidsavgrensingar som konsesjonen, deltakarretten eller strukturkvoten som dei måtte vere tilknytte, med mindre noko anna er fastsett. I dette ligg det at kvotefaktorar knytte til konsesjonar normalt ikkje vil vere underlagde tidsavgrensingar, medan kvotefaktorar knytte til deltakarrettar og strukturkvotar vil gjelde for eitt år om gongen. Strukturkvotefaktorar vil kunne tildelast årleg innanfor tidsavgrensinga på 20 eller 25 år som gjeld for den aktuelle årlege strukturkvoten. Prøving av om vilkåra for tildeling av strukturkvotar er oppfylte skal ein gjere ved tildeling første gong. Den årlege tildelinga skjer utan ny prøving, med mindre det kjem fram opplysningar som tyder på at vilkåra likevel ikkje er oppfylte eller det av andre grunnar er nødvendig å ta saka opp til ny prøving.

Denne lovproposisjonen legg opp til å innføre nye føresegner i deltakarlova om tildeling og overføring av kvotefaktorar, jf. deltakarlova § 15, forutan nye føresegner i havressurslova om kvotefaktorane si rolle ved tildeling av kvotar, jf. havressurslova §§ 11 og 12. Føresegnene har som formål å bidra til rettsavklaring ved å lovfeste grunnleggjande element ved kvotesystemet. Dei er dessutan ei oppfølging av forslaget i kvotemeldinga kapittel 3.1.2 om å innføre faste kvotefaktorar, dvs. at det enkelte fartøyet sin del av disponibel kvote skal gå fram av kvotefaktorar som er tildelte fartøy.

Til forsida