Prop. 137 L (2019–2020)

Lov om endringar i deltakerloven og havressurslova (endringar i kvotesystemet)

Til innhaldsliste

6 Administrative og økonomiske konsekvensar, konsekvensar for det samiske folket

Denne lovproposisjonen er ei oppfølging av dei tiltaka i kvotemeldinga som Stortinget har gjeve si tilslutning til. Alle desse tiltaka har allereie vore gjenstand for ei grundig vurdering, og kvotemeldinga kapittel 7 gjev ein særkild omtale av dei administrative og økonomiske konsekvensane, og konsekvensane for det samiske folket. Det er såleis ikkje behov for ytterlegare utgreiingar av konsekvensar i denne lovproposisjonen.

Når det gjeld vedtak og føringar som Stortinget på eige initiativ har gjeve i samband med handsaminga av kvotemeldinga, så vil desse ikkje ha påverknad på utforminga av forslaga i denne lovproposisjonen. Deira konsekvensar vil derfor verte greidde ut på eit seinare tidspunkt, jf. at Stortinget i vedtak 558 (2019–2020) har bede regjeringa greie ut konsekvensar av vedtak og føringar som Stortinget har gjort på eige initiativ i samband med handsaminga av kvotemeldinga.

Forslaga i denne lovproposisjonen har heller ikkje særskilde konsekvensar for det samiske folket ut over det som er omtala i kvotemeldinga kapittel 7. Det er heller ikkje grunnlag for eigne konsultasjonar mellom Sametinget og departementet om lovproposisjonen, i tillegg til dei som vart gjennomførte i samband med framlegginga av kvotemeldinga. Vi viser til omtala av Sametinget si rolle i kapittel 3.4 ovanfor.

Departementet vil likevel peike på at vi har forsøkt å utarbeide dei nye lovføresegnene slik at dei i større grad reflekterer kva for rettsreglar og ordningar i kvotesystemet som er sentrale for aktørane. Vi vil i denne samanhengen særleg trekkje fram dei mange nye lovføresegnene om kvotefaktorar som bør kunne bidra til å avklare kva for rettsleg rolle desse faktorane har. Vi viser i denne samanhengen særleg til deltakarlova § 15 og havressurslova §§ 11 andre ledd og 12 andre ledd som direkte omtalar den rettslege funksjonen til kvotefaktorane. Saman med fleire andre føresegner bidrar desse til eit meir oversiktleg og tilgjengeleg regelverk som saman med fleire andre faktorar bør kunne bidra til ei meir føreseieleg fiskerilovgjeving.

Til forsida