Prop. 138 L (2014–2015)

Endringar i yrkestransportlova (lovbrotsgebyr knytt til tildeling av tenestekonsesjonskontraktar)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet forventar at innføringa av eit lovbrotsgebyr retta mot tildeling av tenestekonsesjonskontraktar på transportområdet vil redusere talet på ulovlege tildelingar av slike kontraktar. Dette vil på sikt styrke konkurransen og føre til innsparingar for det offentlege.

For departementet, som vil vere handhevingsorgan etter føresegna, kan framlegget innebere ei viss auke i arbeidsmengda. Departementet antar likevel at denne auka vil vere svært lita. Det vert difor ikkje forventa at framlegget vil innebere særlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Bakgrunnen er at saker om å påleggje lovbrotsgebyr allereie må vere handsama av eksterne organ, og brotet på regelverket må vere konstatert for at departementet skal kunne påleggje lovbrotsgebyr etter føresegna. Dette betyr at departementet ikkje vil vere klageorgan for konsesjonskontraktar på transportområdet. Dette vil venteleg føre til at det vert færre saker for departementet å handsame enn om private partar hadde hatt høve til å klage sakene direkte inn for departementet. Det vert lagt til grunn at framlegget ikkje inneber ein auke i administrasjonskostnadane hos departementet. Det vert dermed heller ikkje behov for ein auke i ressursane til departementet.

For oppdragsgjevaren vil lovheimelen innebere ein risiko for å verte pålagt eit lovbrotsgebyr. Belastninga for den aktuelle oppdragsgjevaren i dei einskilde sakene vil avhenge av brotet og storleiken på kontrakten. Som sagt ovanfor går departementet ut frå at føresegna i praksis vil gje eit fåtal av saker.

Departementet framhevar vidare at det er ein klar tendens til at oppdragsgjevarar tildeler tenestekontraktar i staden for tenestekonsesjonskontraktar på transportområdet. Ettersom lovheimelen ikkje vil gjelde for tenestekontraktar, vil denne tendensen gjere at lovheimelen vil få ein noko meir avgrensa verknad.

Til forsida