Prop. 138 L (2014–2015)

Endringar i yrkestransportlova (lovbrotsgebyr knytt til tildeling av tenestekonsesjonskontraktar)

Til innhaldsliste

6 Merknader til paragrafen i lovframlegget

Til § 40 b om lovbrotsgebyr knytt til tildeling av tenestekonsesjonskontraktar

Første ledd slår fast at lovbrotsgebyr kan påleggjast oppdragsgjevarar som bryt reglar som skal sikre openheit og ikkje-diskriminering i prosessen med å tildele konsesjonskontraktar for transporttenester etter yrkestransportlova. Etter gjeldande regelverk skal reglar i kollektivtransportforordninga, den maritime kabotasjeforordninga og EØS-avtalen artikkel 4 og 48 sikre dette.

Hovudregelen vil vere at lovbrotsgebyr vert pålagt dersom dei andre vilkåra er oppfylte. Kan-regelen opnar likevel for at departementet i særskilte tilfelle kan unnlate å påleggje lovbrotsgebyr der dette ville vere unødvendig eller særskilt urimeleg. I vurderinga av om lovbrotsgebyr skal verte pålagt vil departementet særleg leggje vekt på om brotet er lite eller om partane har avbøtt brotet på anna måte, til dømes ved terminering eller avkorting av kontrakten, eller om oppdragsgjevar har betalt skadebot for brotet.

Føresegna stiller i første ledd bokstav a) – c) opp tre vilkår der minimum eitt må vere oppfylt for at lovbrotsgebyr kan påleggjast. Etter bokstav a) og b) kan lovbrotsgebyr verte pålagt dersom brotet er konstatert ved dom i ein norsk domstol eller EFTA-domstolen. Dette inneber at brotet må vere slått fast i domsslutninga. Dommen må vere rettskraftig. Etter bokstav c) kan lovbrotsgebyr påleggjast der norske styresmakter har innrømt brotet etter at saka har vore handsama i ESA. Dersom oppdragsgjevaren ikkje har hatt høve til å uttale seg i saka før innrømminga fann stad, og det er grunn til å rekne med at dette har hatt verknad på innrømminga, kan innrømminga ikkje gje grunnlag for lovbrotsgebyr.

Lovbrotsgebyret kan ikkje overstige 15 % av kontraktsverdien. Ved utmåling av gebyret skal det særleg leggjast vekt på kontraktsverdien, kor grovt brotet er, om oppdragsgjevaren har gjort gjentekne brot, den preventive verknaden av lovbrotsgebyret, kor langt tilbake i tid brotet har skjedd, og om brotet har ført til skadebot, terminering eller avkorting av kontrakten.

Ei avgjerd om lovbrotsgebyr skal følgje reglane om enkeltvedtak etter forvaltningslova så langt dei høver. Dette inneber mellom anna at avgjerda kan påklagast etter forvaltningslova sine reglar for dette. Avgjerd om lovbrotsgebyr kan òg bringast inn for ein domstol. Domstolen kan prøve alle sider ved saka og gje dom for realitet. Domstolen vil kunne prøve om det ligg føre eit brot på regelverket der brotet er konstatert ved innrømming frå norske styresmakter.

Det er ei grense i tid for når lovbrotsgebyr kan verte pålagt. Denne er satt til tre år frå konsesjonskontrakten vart inngått. Foreldingsfristen vert avbroten ved at det vert teke ut søksmål ved ein norsk domstol eller for EFTA-domstolen for å få dom i saka, eller ved at ESA tek opp saka skriftleg med norske styresmakter.

I saker der det er eit statleg organ som har brote reglane, kan departementet delegere kompetansen til å påleggje lovbrotsgebyret til Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA).

Det følgjer av siste ledd i føresegna at departementet kan gje forskrift om fastsetjing av lovbrotsgebyret, medrekna utmåling av gebyret, renter og tilleggsgebyr og avgrensing av kva tenestekonsesjonskontraktar som fell inn under føresegna. Forskriftsheimelen inneber følgjeleg mellom anna høve for departementet til å gje utfyllande reglar om utmåling og kva renter og tilleggsgebyr som skal verte lagt til grunn dersom lovbrotsgebyret ikkje vert betalt ved forfall. Departementet vil på eit seinare tidspunkt vurdere om det er behov for slike utfyllande reglar. Vidare vil departementet i forskrift kunne avgrense kva tenestekonsesjonskontraktar som fell inn under føresegna. Å avgrense verkeområdet på denne måten vil kunne vere nødvendig dersom konsesjonskontraktar for sjøtransporttenester vert omfatta av ny forskrift om tildeling av konsesjonskontrakter og lov om offentlige anskaffelser.

Til forsida