Prop. 140 S (2016–2017)

Finansiering av prosjektet fv 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga

Nordøyvegen som prosjekt har ei lang historie. Prosjektet er drive fram av eit ynskje om fastlandssamband til fleire små lokalsamfunn som i lengre tid har vore prega av gradvis fråflytting, men som samstundes har ei offensiv næringsutvikling. På Nordøyane ligg det mellom anna store bedrifter som leverer utstyr til den maritime industrien.

Figur 2.1 Nordøyvegen – kartskisse

Figur 2.1 Nordøyvegen – kartskisse

Ferjer er ei ulempe for trafikantane då det ofte er lang tid mellom kvar avgang, og sambanda er nattestengde. Eit fast vegsamband vil gje eit meir fleksibelt transportsystem og sparte transportkostnader for både næringsliv og privatpersonar. Ferjekaiane som vart bygde i perioden 1965–1976, har alle blitt utbetra i løpet av dei siste ti åra, men vil trenge ny opprusting dersom ikkje Nordøyvegen blir realisert. Eksisterande veg har varierande vegbreidde og delvis dårleg kurvatur. Årsdøgntrafikk (ÅDT) er på om lag 700 køyretøy.

Trasé og standard vart fastsett gjennom vedtak av kommunedelplan med konsekvensutgreiing i 2006. Det vart den gongen lagt stor vekt på at tunnelane skulle vere kortast mogleg for å halde kostnadene på eit akseptabelt nivå. I arbeidet med reguleringsplanane vart vegstandarden vurdert på nytt på grunnlag av nye retningslinjer. Reguleringsplanane vart vedtekne av Haram kommune 21. juni 2012 og Sandøy kommune 19. september 2013.

Prosjektet Nordøyvegen omfattar bygging av eitt brusamband og tre undersjøiske tunnelar, og til saman om lag 5 km ny veg som skal binde nytt og eksisterande vegnett saman. Ei strekning på 2,5 km lengst inne mot fastlandet skal byggjast med 7,5 m vegbreidde. På resten av strekninga er det lagt til grunn 6,5 m vegbreidde og tunnelprofil T8,5. Utbygginga omfattar totalt om lag 24 km ny veg der dei viktigaste elementa er:

  • Bru/fylling Skjeltene (fastlandet) – Lausundholmen (Lepsøya) – Hestøya

  • Tunnel Hestøya – Austnes (Haramsøya) (3,5 km)

  • Tunnel Longva (Skuløya/Flemsøya) – Stongnes (Fjørtofta) (5,7 km)

  • Tunnel Kongsnes (Fjørtofta) – Myklebust (Harøya) (3,7 km)

  • Høgbru over skipsleia i Lepsøyrevet (800 m med 41 m seglingshøgde)

  • To lågbruer i sjøfyllinga mellom høgbrua og Lepsøya (110 m utan seglingsløp og 200 m med 7 m seglingshøgde).

Våren 2016 vart det gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet fv 659 Nordøyvegen (KS2). Kvalitetssikringa omfatta prosjektunderlag, kostnadsoverslag og trafikkgrunnlag. Ekstern kvalitetssikrar tilrådde ei styringsramme for utbygginga på 3 250 mill. 2016-kr og ei kostnadsramme på 3 670 mill. 2016-kr.

Som følgje av at tunnelsikkerheitsforskrifta for fylkesveg m.m. tredde i kraft 1. januar 2015, vart det behov for nokre mindre endringar av reguleringsplanane. Desse endringane vart vedtekne hausten 2016. Statens vegvesen har på bakgrunn av dette gått gjennom kostnadene for prosjektet på nytt. Etter dette legg Møre og Romsdal fylkeskommune til grunn ei styringsramme på 3 442 mill. 2017-kr og ei kostnadsramme på 3 786 mill. 2017-kr. I proposisjonen er dette lagt til grunn. Endringane i reguleringsplanane og kostnadene vart vurderte til å vere så små at det ikkje var behov for ny ekstern kvalitetssikring.

Prosjektet sin samfunnsøkonomiske netto nytte er rekna til om lag -0,3 mrd. kr. Netto nytte pr. budsjettkrone er rekna til -0,14. Netto nytte over totale kostnader er rekna til -0,09.