Prop. 140 S (2016–2017)

Finansiering av prosjektet fv 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

7 Samferdselsdepartementet si vurdering

Prosjektet Nordøyvegen er drive fram av lokale ynskje om fastlandssamband til fleire små lokalsamfunn som i lengre tid har vore prega av gradvis fråflytting. Samstundes har det vore ei offensiv næringsutvikling i området.

Ferjene som trafikkerer Nordøyane, har få avgangar, og dei er nattestengde. Eit fast vegsamband vil gje eit meir fleksibelt transportsystem og sparte transportkostnader for både næringsliv og privatpersonar. Nordøyvegen vil gje fastlandssamband for rundt 2 900 personar. Dei om lag 10 000 innbyggjarane i Haram og Sandøy kommunar vert samstundes knytte nærare saman med eit fast vegsamband.

Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing av bompengar i 20 år. For ferjeavløysingsprosjekt er alternativet i realiteten å betale bompengar i form av ferjebillett så lenge sambandet blir oppretthalde. For mange ferjeavløysingsprosjekt er det derfor lagt til grunn ein bompengeperiode på 20 år sjølv om hovudregelen er 15 år. Samferdselsdepartementet viser til at det er lokalpolitisk semje om det foreslåtte opplegget for utbygging og finansiering av Nordøyvegen, og Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å stille garanti.