Prop. 140 S (2016–2017)

Finansiering av prosjektet fv 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Trafikken gjennom den planlagde bomstasjonen på Skjeltene er vurdert av Statens vegvesen gjennom bruk av Regional transportmodell for Region midt (RTM), empiriske trafikkdata og elastisitetsvurderingar. Vurderingar som vart gjennomførte i 2013, gav ein ÅDT på 750 køyretøy gjennom bomstasjonen dersom prosjektet hadde vore realisert i 2012. Dette inneber ein ÅDT gjennom bomstasjonen som er om lag 50 pst. høgare enn trafikken i dei to ferjesambanda mellom fastlandet og Nordøyane. Etter at Nordøyvegen er opna for trafikk, vil det framleis gå ferje mellom Småge i Aukra kommune og Finnøya. Det er ikkje rekna med overføring av trafikk til dette sambandet som følgje av bompengeinnkrevjing på Skjeltene. Ekstern kvalitetssikrar konkluderte med om lag same trafikknivå.

I inntektsprognosane som var lagde til grunn ved den lokalpolitiske behandlinga, var det føresett ein årleg trafikkvekst på 0,9 pst. frå og med 2013 og ut heile bompengeperioden. Dette vart gjort med utgangspunkt i prognosane som var utarbeidde for Møre og Romsdal i samband med Nasjonal transportplan 2014–2023. Det gav ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 820 køyretøy i opningsåret 2023. Den reelle, årlege trafikkveksten frå 2012 til 2016 har vore på 2,8 pst. Dersom prognosen vert korrigert for dette fram til og med 2016, aukar ÅDT til 890 køyretøy i 2023. Dette er lagt til grunn i finansieringsanalysen.