Prop. 140 S (2016–2017)

Finansiering av prosjektet fv 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

6 Fylkeskommunal garanti

Gjennom vedtak i fylkestinget 14. desember 2016 har Møre og Romsdal fylkeskommune stilt sjølvskuldnargaranti for eit maksimalt bompengelån på 525 mill. 2016-kr, jf. kap. 3.

Den fylkeskommunale garantien er førehandsgodkjent av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, men blir ikkje endeleg godkjent før Stortinget har gjort vedtak i saka. Garantisten sitt utlegg kan dekkjast gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.