Prop. 141 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2016 under Forsvarsdepartementet (Endringar i «Regulativ for tillegg til utskrivne vernepliktige mannskap»)

Til innhaldsliste

2 Samandrag og tilrådingar

Staten har inngått to hovudtariffavtalar for perioden 2016–2018, ein med Akademikerne og ein med LO Stat, Unio og YS Stat. Forslaget til regulering er basert på resultatet av lønsoppgjeret mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat. Denne avtalen gir eit større generelt tillegg for dei vernepliktige enn det dei ville ha fått om avtalen med Akademikerne vart lagt til grunn. Med grunnlag i nemde lønsoppgjer for statstilsette, blir godtgjering til vernepliktige mannskap tilrådd auka med 1,2 prosent frå 1. juli 2016.

Meirutgiftene for 2016 er utrekna til 6 203 193 kroner.