Prop. 143 L (2015–2016)

Endringar i jernbanelova og einskilde andre lover (reform av jernbanesektoren)

Til innhaldsliste

10 Arkivlova

Arkivlova inneheld reglar om arkivplikt. Lova skil mellom offentleg arkiv og private arkiv.

Arkivplikt etter reglane om offentlege arkiv (kapittel 2) gjeld for alle offentlege organ med unntak for organ for Stortinget, jf. § 5. I Ot.prp. nr. 77 (1991–92) side 23 heiter det at:

«Etter dei definisjonane som er lagde til grunn i lovutkastet her, har offentlege forvaltningsorgan, institusjonar og forvaltningsbedrifter offentlege arkiv. Arkivet i føretak organiserte etter lova om statsføretak, eller reine næringsverksemder organiserte som aksjeselskap eller lutlag vert etter lovutkastet her derimot å definera som privat, jamvel om offentlege instansar eig alle aksjane eller lutane.»

Arkiva til statsføretak vil dermed vere underlagde reglane om privat arkiv etter kapittel 3.

Det følgjer av arkivlova § 20 at Riksarkivaren kan fatte avgjerd om at infrastrukturføretaket framleis skal vere underlagd reglane for offentleg arkiv, sjølv om det vart omdanna til eit sjølvstendig rettssubjekt åtskilt frå staten.

Samferdselsdepartementet meiner infrastrukturføretaket bør vere underlagd regelen om offentleg arkiv. Det er etter departementet sitt syn sterke grunnar som talar for at infrastrukturføretakets verksemd er av ein slik art at reglane om offentleg arkiv bør gjelde. Føretaket vil treffe vedtak som har monaleg påverknad for samfunnet, og det vil forvalte store verdiar og ressursar på vegne av det offentlege. Slik verksemd bør etter departementet sitt syn vere budd på offentleg kontroll ved m.a. å føre eit offentleg arkiv. Departementet vil difor be Riksarkivaren fatte avgjerd om at reglane om offentleg arkiv i arkivlova skal gjelde for føretaket.