Prop. 143 L (2015–2016)

Endringar i jernbanelova og einskilde andre lover (reform av jernbanesektoren)

Til innhaldsliste

12 Særskilde merknader

Merknader til jernbanelova

Til § 2

Regelen vert formulert noko annleis ved at alternativet for unntak etter bokstav c vert tatt ut. Dei to andre grunnlaga for unntak vil framleis vere til stade, og ha same tyding som før.

Til § 6 annet ledd

Føresegna gjer det tydeleg at den einskilde verksemda har ansvaret for tryggleiken for sin del av jernbanesystemet. Dette gjeld òg når ein oppgåve eller aktivitet vert utført av ein leverandør. Verksemda må styre sine leverandørar på ein slik måte at tryggleiksnivået er like høgt som om verksemda sjølv hadde utført oppgåva eller aktiviteten. Dette er i tråd med prinsippa som følgjer av EØS-avtala, sjå særleg direktiv 2004/49/EF artikkel 4. Føresegna er særleg retta mot ansvaret for at jernbanelovgivinga er etterlevd. Straffansvaret vil framleis følgje av jernbanelova § 22.

Til § 6 b

Føresegna i framlegget følgjer jernbanelovas verkeområde og gjeld for alle som driv aktivitet knytt til jernbane. Dei sentrale aktørane vil særleg vere infrastrukturføretaket, jernbanedirektoratet og dei einskilde jernbaneføretaka. Det blir opna for at departementet kan presisere i forskrift kven som blir omfatta av verkeområda til føresegna og korleis ansvaret skal fordelast. Føresegna melder kva vernebuingsoppgåver departementet kan påleggje aktørane i jernbanesektoren.

Av omsyn til aktøranes økonomiske stilling vert det føreslått innført ei skjønnsmessig vederlagsordning for dei som blir pålagde vernebuingsoppgåver. Ordninga gjer det mogeleg å kome fram til konkrete og rimelege resultat basert på ei samla vurdering. Aktørane har ikkje noko rettskrav på fullt vederlag, men departementet føreset at ein så langt det er mogeleg skal søkje å dekkje vernebuingsbehov gjennom frivillige og avtalebaserte ordningar. Berre i dei tilfella når det ikkje er mogeleg å nå fram til slike ordningar, kan departementet gi pålegg. Departementet legg til grunn at det vert gitt forskrift med nærare vilkår om utmåling av vederlag.

Til § 11 fjerde ledd

Føresegna er utforma for å sikre at einskilde personar kan varsle tilsynsmyndigheiten om kritikkverdige høve i ein jernbaneverksemd utan å vere uroa for at deira identitet skal komme offentlegheita eller den aktuelle jernbaneverksemda til kjenne. Dette kan vere seg gjennom direkte identifikasjon ved offentleggjering av namn eller ved at innhaldet eller opplysingar i varslinga er av en slik art at dei er egna til å identifisere varslaren.

Informasjon om opplysningar som ikkje vil bidra til å identifisere varslaren kan gis ut. Føresegna i tredje punktum opnar for at dersom særlege grunner taler for det kan opplysningane bringast vidare. Slike særlege grunner kan t.d. vere at varslaren sjølv samtykker til det, at opplysningane allereie er offentleg kjende eller alminneleg tilgjengelege andre stader, at tungtvegande offentlege omsyn tilseier det og liknande.