Prop. 143 L (2015–2016)

Endringar i jernbanelova og einskilde andre lover (reform av jernbanesektoren)

Til innhaldsliste

6 Plan- og bygningslova

Plan- og bygningslova har mellom anna til føremål å samordne statlege, regionale og kommunale oppgåver og gje grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressursar. Planlegging og vedtak skal sikre openheit, medverknad og ein føreseieleg prosess for alle rørde interesser og styresmakter. Det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar, og konsekvensar for miljø og samfunn skal gjerast greie for.

Jernbaneverket har i dag fleire roller knytt til planlegging etter plan- og bygningslova. Dei to viktigaste er som:

  1. tiltakshavar (utarbeider arealplanar for større samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur)

  2. forvaltningsstyresmakt (handsamar og gir fråsegner til planar etter plan- og bygningslova utarbeida av andre)

Føresegnene i plan- og bygningslova kan for Jernbaneverket sin del gjelde for rolla som tiltakshavar, rolla som forvaltningsstyresmakt eller begge.

Organisasjonsmodellen for ein reformert jernbanesektor baserer seg på ei gjennomgåande arbeidsfordeling mellom direktoratet og infrastrukturføretaket der direktoratet skal vere strategisk og styrande medan infrastrukturføretaket skal vere operativt og utførande.

Direktoratet vil mellom anna ha ansvar for gjennomføring av konseptvalutgreiingar (KVU) og ekstern kvalitetssikring (KS1). Ved gjennomført konseptvalutgreiing og kvalitetssikring vil prosjektet overleverast til infrastrukturføretaket, som i sin tur vil starte planprosessane etter plan- og bygningslova.

I den framtidige organiseringa av oppgåve- og ansvarsdeling mellom direktorat og infrastrukturføretak er det lagt til grunn at infrastrukturføretaket får ansvar for å gjennomføre all planlegging etter plan- og bygningslova. I tillegg vil infrastrukturføretaket få ansvaret for gjennomføring av byggjefasen og ivaretaking av byggherrefunksjonen. Infrastrukturføretaket vil vere tiltakshavar og forvaltningsstyresmakt i prosessar som følgjer plan- og bygningslova kapittel 9, 10, 11 og 12. Dette inneber at alle kommuneplanar og reguleringsplanar som omfattar jernbaneinteresser og som fremjast av andre, vert handsama av føretaket som forvaltningsstyresmakt. Det er i samband med dette naturleg at infrastrukturføretaket òg kan fremje motsegn («innsigelse») etter plan- og bygningslova § 5-4 for å ta vare på jernbanen sine interesser på sama måten, og innanfor dei same rammar som Jernbaneverket gjer det i dag, jf. rundskriv H-2014-2 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Likevel vil direktoratet òg ha behov for å føre ein dialog med lokale og regionale styresmakter og ha moglegheit til å gi innspel til planer som er fremja av andre, sidan direktoratet får ansvar for å etablere utviklingsplanar for den framtidige jernbanen i Noreg, gjennomføre KVUar mv. Departementet vil i den vidare dialogen med direktoratet og infrastrukturføretaket gi føringar for korleis desse interessene skal ivaretakast i ein reformert sektor.

Dei siste åra har Jernbaneverket fremja motsegn i om lag 40 plansakar kvart år. Dei fleste sakene om motsegn vert fremja mot planløysingar i reguleringsplanar, og dei fleste sakene løysast i forhandlingar med kommunane som planstyresmakt. Eit fåtal sakar går til mekling hjå fylkesmannen jf. plan- og bygningslova § 5-6. I gjennomsnitt er det berre ei plansak kvart år som vert sendt vidare til departementet for avgjerd.

Den organiseringa som er nemnt ovanfor medfører i seg sjølv ikkje behov for lovendringar. Samferdselsdepartementet kan som fagdepartement peike ut den verksemda som skal løyse vedkomande sektor sine interesser i planlegginga etter plan- og bygningslova.