Prop. 143 L (2015–2016)

Endringar i jernbanelova og einskilde andre lover (reform av jernbanesektoren)

Til innhaldsliste

7 Forvaltningslova

Statsføretak er i all hovudsak ikkje underlagd forvaltningslova, jf. statsføretakslova § 4. Dersom eit statsføretak blir gitt heimel til å treffe enkeltvedtak eller utferde forskrift, vil likevel forvaltningslovas reglar gjelde for denne delen av verksemda, jf. forvaltningslova § 1 tredje punktum og Ot.prp. nr. 32 (1990–91) s. 27.

Infrastrukturføretaket vil difor vere underlagd forvaltningslova sine sakshandsamingsreglar ved saksførebuing og vedtak mv. i saker der føretaket utøver offentleg myndigheit, men ikkje elles. Døme på slik maktutøving er dispensasjon etter jernbanelova § 10 og tildeling av ruteleie etter fordelingsforskrifta § 7-1.