Prop. 143 L (2021–2022)

Endringar i havenergilova (utlysing og tildeling av areal)

Til innhaldsliste

6 Merknader til lovforslaget

I forslaget til ny føresegn i havenergilova § 2-3 første leddførste punktum foreslår departementet at hovudregelen for tildeling av eit eller fleire område innanfor eit opna område skal vere at området blir lyst ut og tildelt gjennom konkurranse. Departementet foreslår i andre punktum at departementet i særlege tilfelle kan tildele område etter søknad, men utan utlysing og konkurranse. Døme på slike særlege tilfelle kan vere der nokon vil utvikle eit prosjekt og ingen har fatta interesse for eit område som har vore opna ei stund. Føresegna skal gjere det mogleg for departementet å avgjere at område skal tildelast utan utlysing og konkurranse, der ein ser at det ikkje er tenleg med utlysing og konkurranse. I tredje punktum foreslår departementet at det kan bli kravd vederlag for tildelinga av eit område.

I forslaget til § 2-3 andre leddførste punktum heiter det at sjølve tildelinga av eit område skal gjerast anten ved auksjon, etter ei vurdering av andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår for søkaren, eller ved ein kombinasjon av desse. Departementet avgjer i det einskilde tilfellet kva type konkurranse området skal tildelast etter. Dersom eit areal vert tildelt ut frå kvalitative kriterium, kan departementet fastsette storleiken på eit eventuelt vederlag den som får eineretten må betale. Dette går fram av forslaget til § 2-3 andre ledd andre punktum.

Departementet foreslår i § 2-3 tredje leddførste punktum at det ved tildeling av areal må søkarane ha tilfredsstillande teknisk kompetanse og finansiell styrke og oppfylle relevante krav til helse, miljø og sikkerheit. I andre punktum foreslår departementet at departementet kan krevje at aktørane som vil delta i ein konkurranse om areal, skal prekvalifiserast før deltakelsen. Departementet kan etter forslaget til tredje punktum også fastsette andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår for prekvalifisering i utlysingsdokumentet. Alle aktørar som skal bli prekvalifiserte må vere i stand til å gjennomføre prosjektet, innanfor dei til ei kvar tid fastsette krava om helse, miljø og sikkerheit.

Departementet foreslår i § 2-3 fjerde ledd at den som får tildelt eit område, får ein tidsavgrensa einerett til å gjennomføre ei prosjektspesifikk utgreiing og søke om konsesjon. Departementet kan halde ein ny konkurranse om området, viss søkaren ikkje har gjennomført utgreiinga av prosjektet og søkt om konsesjon før den fastsette fristen.

Etter forslaget til § 2-3 femte ledd kan departementet gi forskrift om vilkår for tildelinga av område etter denne paragrafen. Vilkåra vil kunne variere ut frå området som vert lyst ut.