Prop. 144 L (2020–2021)

Lov om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

4 Grunnlovsspørsmåla

4.1 Grunnlova § 116

Om heile eller delar av fondet kan overførast til Den norske kyrkja utan hinder av Grl. § 116, var blant spørsmåla som blei drøfta i stortingsmeldinga om fondet. I meldinga viste departementet til fråsegna 23. mars 2017 frå Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet. I fråsegna går Lovavdelinga inn på korleis Grl. § 116 er å forstå, og særskild om Grl. § 116 står i vegen for at Den norske kyrkja kan bli eigar av fondet med vid råderett. Heile fråsegna frå Lovavdelinga var med som trykt vedlegg til stortingsmeldinga.

Lovavdelinga kom fram til at Grl. § 116 ikkje står som eit hinder mot at Den norske kyrkja får eigedomsretten til fondet. I fråsegna heiter det mellom anna:

«Etter vårt syn er det i utgangspunktet rettslig adgang til å overføre eiendomsretten til Den norske kirke. Det gjelder selv om denne etter 1. januar 2017 ikke er en del av staten eller står i noe alminnelig underordningsforhold til staten, verken etter privatrettslige eller offentligrettslige regler (ut over det som følger av at ethvert rettssubjekt er underlagt statens lovgivning). Vi kan ikke se at et slikt eierskap i seg selv på avgjørende måte er til hinder for å etterleve de skrankene og kravene som finnes i Grunnloven § 116 første punktum, og som vi har redegjort for foran. Noen annen konklusjon er det etter vårt syn vanskelig å forestille seg, siden en i meget lang tid ved drøftelsen av konstitusjonelle spørsmål knyttet til Opplysningsvesenets fond nettopp har tatt høyde for at kirken kunne være eier. En slik konklusjon gjelder selv om det i den senere tid har skjedd fundamentale endringer i Den norske kirkes formelle status og dermed dens forhold til staten, som den juridisk sett tidligere var en del av.»

Lovavdelinga uttalte også:

«Vi kan heller ikke se at noen konstitusjonelt beskyttet interesse på avgjørende måte blir krenket dersom statens adgang til å prioritere til fordel for «opplysningens fremme» blir avskåret gjennom at Den norske kirke med endelig virkning gis full rådighet over formuesmassen. Riktignok må en trolig bygge på at statens frihet etter Grunnloven § 116 første punktum til å prioritere til fordel for «opplysningens fremme» ved forvaltning av formuesmassen, hittil ikke er falt bort, jf. punkt 4.3. Dette er imidlertid ikke til hinder for at staten kan avklare eierspørsmålet og overlate rådigheten til fordel for Den norske kirke, med den konsekvensen at den myndigheten staten har hatt til å forvalte formuesmassen med utgangspunkt i Grunnloven § 116 første punktum, i praksis blir gjenstandsløs.»

I spørsmålet om Grl. § 116 ville innebere at Den norske kyrkja, som eigar av fondet, i tilfelle ville få ein avgrensa råderett, uttalte Lovavdelinga:

«Hvis eierspørsmålet avklares i favør av Den norske kirke, kan gode grunner etter vårt syn tale for at det blir opp til kirken selv å avgjøre hvilke prinsipper som skal ligge til grunn for forvaltningen av formuesmassen.
I forlengelsen av dette vil det også gi liten mening å opprettholde et krav om at formuesmassen må holdes rettslig atskilt fra annen formue tilhørende Den norske kirke, sml. punkt 4.5.»

I meldinga slutta departementet seg til Lovavdelinga si forståing av Grl. § 116. Departementet la til grunn at dersom Den norske kyrkja kan få eigedomsretten til fondet med vid råderett utan hinder av Grl. § 116, kan Grl. § 116 heller ikkje vere til hinder for at Den norske kyrkja får eigedomsretten til ein del av fondet med vid råderett. I Innst. 209 S (2019–2020) hadde ikkje familie- og kulturkomiteen innvendingar til dei vurderingane som Lovavdelinga og departementet hadde om desse spørsmåla.

4.2 Grunnlova § 16

Grunnlova § 16 har slik ordlyd:

Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving. Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.

Etter Grl. § 16 siste punktum har staten ei plikt til å gi støtte til alle trus- og livssynssamfunn på lik linje. Dersom Den norske kyrkja får eigedomsretten til heile eller delar av fondet, oppstår spørsmålet om andre trus- eller livssynssamfunn vil ha krav på økonomisk kompensasjon frå staten i eit omfang som svarer til dei verdiane i fondet som Den norske kyrkja får tilført. I fråsegna 23. mars 2017 frå Lovavdelinga blei også dette spørsmålet vurdert og referert i Meld. St. 29 (2018–2019). Lovavdelinga kom til at trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja ikkje vil ha krav på slik kompensasjon i medhald av Grl. § 16. I fråsegna heiter det:

«Vår konklusjon er at det ikke følger av Grunnloven § 16 fjerde punktum at staten vil være forpliktet til å tildele andre tros- og livssynssamfunn økonomisk støtte tilsvarende verdiene som overføres til Den norske kirke ved en eventuell overføring av eiendomsretten.»

I stortingsmeldinga slutta departementet seg til dette synet og la til grunn at det same vil gjelde om Den norske kyrkja får overført delar av fondet. Heller ikkje i dette grunnlovsspørsmålet hadde stortingskomiteen i Innst. 209 S (2019–2020) innvendingar til dei vurderingane som Lovavdelinga og departementet hadde.

4.3 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet med utkast til ny lov om Opplysningsvesenets fond la departementet til grunn at Grl. § 116 ikkje er til hinder for at delar av fondet kan overførast til Den norske kyrkja, og at det ikkje følgjer av Grl. § 16 at andre trus- og livssynssamfunn vil ha krav på nokon kompensasjon for dei verdiane som Den norske kyrkja får tilført.

I den gjeldande lova om fondet § 1 er det vist til at fondet blei skipa ved lov 20. august 1821 og kva fondet består av. I høyringsnotatet peika departementet på at det av § 1 i den nye lova framleis bør gå fram kva fondet består av, men at det ikkje lenger er grunn til å vise til lova frå 1821.

I den gjeldande lova § 5 heiter det: «Eigedommane og kapitalen kan ikkje gjevast bort eller brukast opp». Med kapitalen er meint kapitalfondet, som er den delen av grunnkapitalen som er bokført, sjå ovanfor under punkt 3.6. Definisjonen av kva grunnkapitalen i fondet består av, og at kapitalfondet er den bokførte delen av grunnkapitalen, burde etter departementet sitt syn gå fram av § 1 i den nye lova om fondet.

Å halde det benefiserte godset rettsleg skilt frå anna formue er rekna å følgje av Grl. § 116, og frå langt tilbake har fondet vore rekna som eit eige rettssubjekt. Den sjølvstendige rettsstillinga til fondet er nedfelt i § 3 i den gjeldande lova, der det heiter at: «Fondet har sjølv rettar og plikter, er part i avtalar med private og offentlege styresmakter og har partsstilling overfor domstol og andre styresmakter».

Lovreguleringa av fondet si rettsstilling er ikkje ei direkte følgje av Grl. § 116. I høyringsnotatet peika departementet på at det er viktig å halde fast på fondet si stilling som eit eige rettssubjekt. Så lenge det er eit krav etter Grl. § 116 at det benefiserte godset (i dag Opplysningsvesenets fond) må haldast rettsleg skilt frå annan formue som staten forvaltar, burde den nye lova føre vidare den mangeårige rettsstillinga til fondet. Departementet meinte dette burde komme til uttrykk i den nye lova § 1, som dermed i det vesentlege ville ha forankringa si i Grl. § 116.

Med bakgrunn i dette føreslo departementet at den nye lova om fondet § 1 fekk slik ordlyd:

«Opplysningsvesenets fond er sett saman av den delen som er att av «det benefiserte godset til presteskapet» og seinare tileigna eller tillagde eigedommar og kapital.
Grunnkapitalen i fondet er eigedommane og kapitalfondet. Kapitalfondet er den bokførte delen av grunnkapitalen.
Opplysningsvesenets fond er eit eige rettssubjekt.»

Ingen høyringsinstansar hadde merknader til paragrafen.

I høyringsnotatet føreslo departementet å vidareføre føremålet med lova i § 2 med ei direkte tilvising til Grl. § 116 om å sikre at verdiane i fondet blir forvalta i samsvar med Grunnlova. Det blei også lagt til at lova regulerer staten sin eigarrett over fondet. Ingen av høyringsinstansane hadde merknader til denne paragrafen.

4.4 Departementet si vurdering

I § 1 blir Opplysningsvesenets fond nærare definert. Departementet meiner det er tenleg å gjere det slik då lovreguleringa av fondet si rettsstilling ikkje er ei direkte følgje av Grl. § 116. Departementet meiner derfor det er viktig å halde fast på fondet si stilling som eit eige rettssubjekt. Så lenge det er eit krav etter Grl. § 116 at det benefiserte godset (i dag Opplysningsvesenets fond) må haldast rettsleg skilt frå annan formue som staten forvaltar, føreslår departementet at den nye lova fører vidare den mangeårige rettsstillinga til fondet. Forslaget er det same som departementet la fram i høyringsnotatet, men med ei presisering av kva kapitalfondet er.

Lovforslaget får etter dette slik ordlyd:

§ 1 Opplysningsvesenets fond
Opplysningsvesenets fond er sett saman av det som er att av det benefiserte godset til presteskapet, og seinare tileigna eller tillagde eigedommar og kapital.
Grunnkapitalen i fondet er eigedommane til fondet og kapitalfondet. Kapitalfondet er bokført verdi av eigedommar og vinstar ved sal av eigedommar.
Opplysningsvesenets fond er eit eige rettssubjekt.

I § 2 vil departementet føreslå at det blir gjort ei teknisk endring samanlikna med fremlegget i høyringsnotatet. Fyrste punktum blir ført vidare, medan andre punktum går ut, då dette er noko lova faktisk gjer.

Lovforslaget får etter dette slik ordlyd:

§ 2 Føremålet med lova
Lova skal sikre at verdiane i Opplysningsvesenets fond blir forvalta i samsvar med Grunnlova § 116.
Til forsida