Prop. 145 L (2020–2021)

Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.)

Til innhaldsliste

4 Bruk av retten til vidaregåande opplæring for ungdom som har gått Vg3 påbygging til generell studiekompetanse skuleåra 2020-2021 og 2021-2022

4.1 Bakgrunn for forslaget

Det følger av § 10 i den mellombelse lova om tilpassingar i blant anna opplæringslova (midlertidig lov 26. mai 2020 nr. 52 om tilpasninger i barnehageloven, opplæringslova og friskolelova for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19) at ungdom som er tekne inn til Vg3 påbygging til generell studiekompetanse (Vg3 påbygg) skuleåret 2020–2021, ikkje bruker av ungdomsretten til vidaregåande opplæring det skuleåret. Med heimel i den mellombelse lova § 10 andre ledd er det i forskrift fastsett tilsvarande utviding for dei som blir tekne inn til Vg3 påbygg skuleåret 2021-2022.

Den mellombelse lova gjeld, som tittelen viser, i ein avgrensa periode. Regelen i § 10 vil likevel ha verknad for inntak til vidaregåande opplæring eller utbetaling av lærlingtilskot fram i tid, også etter at den mellombelse lova er oppheva. På denne bakgrunnen sende departementet 24. februar 2021 på høyring forslag om at opplæringslova får ei føresegn som klargjer at dei som har gått Vg3 påbygging skuleåra 2020–2021 og 2021–2022, ikkje har brukt av ungdomsretten det aktuelle skuleåret.

4.2 Gjeldande rett

Det følgjer av den mellombelse lova § 10 første ledd at ungdom som går Vg3 påbygg skuleåret 2020–2021, ikkje har brukt av retten til vidaregåande opplæring det skuleåret. Med heimel i den mellombelse lova § 10 andre ledd er det i forskrift fastsett tilsvarande utviding for dei som blir tekne inn til Vg3 påbygg skuleåret 2021–2022.

Utvidinga i den mellombelse lova § 10 inneber at dei det gjeld, framleis har meir ungdomsrett igjen og kan teikne ein lærekontrakt og utløyse basistilskot I seinare, gå Vg3 i skule eller gjere omval i tråd med opplæringslova § 3-1 fjerde ledd. Dei som har teke Vg3 påbygg før læretida, har ikkje rett til Vg4 påbygging på eit seinare tidspunkt.

4.3 Høyringa

Høyringsforslaget innebar å ta inn ei føresegn i opplæringslova som klargjer at dei som har teke Vg3 påbygg skuleåra 2020–2021 og 2021–2022, ikkje har brukt av ungdomsretten til vidaregåande opplæring det året. Departementet foreslo ikkje å endre i rettane, men å presisere verknaden av rettane som følger av den mellombelse lova og forskrift gitt med heimel i den. Siktemålet med forslaget var å sikre at retten til meir opplæring er synleg også etter at den mellombelse lova blir oppheva.

Forslaget blei sendt på ei ekstraordinær kort høyring til instansar som denne saka særleg vedkjem. Høyringa var kombinert med forslag om å forlenge enkelte mellombelse reglar for fag- og yrkesopplæringa, blant anna å utvide unntaksordninga for skuleåret 2021–2022 i tråd med heimelen i den mellombelse lova § 10 andre ledd.

Departementet fekk inn elleve høyringssvar. Nærings- og fiskeridepartementet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Troms og Finnmark fylkeskommune og Vestfold og Telemark fylkeskommune hadde ikkje merknader til høyringa. Nordland fylkeskommune og Kristne Friskolers Forbund hadde merknader til høyringa, men kommenterte ikkje forslaget om bruk av rett for dei som blir tekne inn til Vg3 påbygg.

Elevorganisasjonen, Samarbeidsrådet for fagopplæringen (SRY) v/leiaren og nestleiaren og Viken fylkeskommune støtta forslaget. Rogaland fylkeskommune og KS uttala at dei støttar ei forlenging av unntaksordninga for dei som blir tekne inn til Vg3 påbygg, men er ueinige i at det skal bli gitt ei generell utviding av ungdomsretten. Desse høyringsinstansane meiner at unntaksordninga berre bør gi ein rett til læretid etter påbygg. Dei argumenterer med at høvet til omval ikkje var omtalt i høyringa då unntaksordninga opphavleg blei teken inn i den mellombelse lova, og at eit høve til omval kan gi fylkeskommunane monaleg auka kostnader. Dei argumenterer òg med at ordninga vil føre til at fleire vil falle inn under oppfølgingstenesta.

4.4 Departementets vurderingar

Den mellombelse lova § 10 seier at ungdom som blir tekne inn til Vg3 påbygg skuleåret 2020–2021, «bruker ikke av retten til videregående opplæring». Departementet peikar på at det ikkje er blitt foreslått endringar i § 10 i den mellombelse lova, men det er foreslått å ta inn ei føresegn i opplæringslova som presiserer verknaden av § 10 i den mellombelse lova. Ingen av høyringsinstansane har hatt innvendingar mot ei slik tydeleggjering i opplæringslova.

Oppfølgingstenesta skal gi tilbod til ungdom under 22 år som har ungdomsrett til vidaregåande opplæring, og som ikkje er i opplæring eller arbeid, jf. opplæringslova § 3-6. Den foreslåtte føresegna for dei som blir tekne inn til Vg3 påbygg, inneber at dei det gjeld, ikkje bruker av retten og derfor framleis har meir ungdomsrett i behald sjølv om dei har fullført tre års opplæring. Det inneber òg at det kan vere ungdom som har fullført og bestått vidaregåande opplæring, som likevel vil bli omfatta av tilbod frå oppfølgingstenesta. Formålet med oppfølgingstenesta er å fange opp dei som ikkje er under opplæring eller i jobb, og gi dei tilbod om opplæring, arbeid eller andre kompetansefremjande tiltak, jf. forskrift til opplæringslova § 13. Etter departementets vurdering er det ikkje formålstenleg at dei som studerer, skal omfattast av tilbod frå oppfølgingstenesta. Dette følger ikkje direkte av føresegna i dag, men føresegna føreset at ein ikkje har fullført og bestått, det vil seie at ein ikkje har fått studiekompetanse.

At dei som har ungdomsrett igjen etter § 10 i den mellombelse lova, kan ha rett til omval etter dei ordinære reglane, blei presisert i merknad til føresegna i Prop. 102 L (2019-2020). Den første høyringa om mellombelse reglar omtala ikkje omval direkte. Samtidig meiner departementet at lovteksten heile tida har vore klar på at dei det gjeld, ikkje bruker av ungdomsretten. Etter departementets vurdering er det ikkje grunn til å gjere om på ordninga for dei som går Vg3 påbygg skuleåret 2020–2021, eller å justere unntaksordninga for dei som blir tekne inn til Vg3 påbygg skuleåret 2021–2022.

Unntaket i § 10 inneber at ungdom som tek Vg3 påbygg før læretida, og som ikkje tidlegare har gjort omval, i staden for å velje læretid innanfor aktuelt programområde kan velje eit nytt utdanningsprogram på Vg1. Dei vil då ha rett til tre nye år med vidaregåande opplæring. Eit eventuelt auka omfang av omval kan gi fylkeskommunane auka kostnader. Departementet viser til at retten til omval følger av andre føresegner og ikkje blir endra av det mellombelse unntaket. Det er vanskeleg å vurdere korleis ei mellombels utviding av ungdomsretten vil påverke talet på unge som gjer omval. Etter departementets vurdering er det rimeleg å legge til grunn at det er få unge som vil ønske å gjennomføre vidaregåande opplæring to gonger, og at det sannsynlegvis vil vere få som ønsker å gjennomføre eit nytt opplæringsløp etter å ha oppnådd studiekompetanse gjennom påbygg. Departementet viser elles til vurderingane av økonomiske og administrative konsekvensar av forslaget i Prop. 102 L (2019–2020) og legg til grunn at føresegna ikkje vil medføre vesentlege økonomiske eller administrative kostnader for fylkeskommunane.

4.5 Departementes forslag

Departementet viser til forslag til ny § 3-1 a i opplæringslova.

Til forsida