Prop. 148 L (2016–2017)

Endringar i matrikkellova m.m. (organisering av eigedomsoppmåling)

Til innhaldsliste

12 Overgangsordningar

12.1 Høyringsforslaget

I høyringsforslaget peika departementet på kor viktig det er å gjennomføre oppmåling utan avbrot også i overgangsfasen. Samtidig er det viktig å stimulere til at mange nok landmålarar søkjer autorisasjon, og til at det blir oppretta private landmålarføretak. Departementet meinte det er nødvendig med tre typar overgangsordningar:

For det første må dagens landmålarar kunne halde fram som landmålarar. Praktiserande landmålarar med reell kompetanse må kunne få autorisasjon sjølv om dei ikkje fyller krava til formell kompetanse. Denne ordninga bør vere knytt til dagens utøvarar. Departementet meinte det ikkje er nødvendig å setje ei særskild tidsavgrensing for desse utøvarane. Departementet la til grunn at krava til etterutdanning for denne typen landmålarar skal vere dei same som for landmålarar med ordinær autorisasjon. Nærare føresegner om krav til reell kompetanse, til dømes kor mange år med relevant praksis ein skal ha, blir fastsette i forskrift.

For det andre bør kommunar kunne halde fram oppmålingsverksemda si uendra i ein tidsavgrensa overgangsperiode utan at kommunen oppfyller alle formelle krav som gjeld slik verksemd. Kommunen bør i tillegg kunne operere utan ein autorisert person som ansvarleg landmålar. Nærare føresegner om dette blir fastsette i forskrift. Departementet så for seg at kommunar som bestemmer seg for å halde fram med eigedomsoppmåling i kommunal regi, bør tilfredsstille alle formelle krav til slik verksemd seinast i løpet av tre år.

For det tredje kom departementet til at det vil vere vanskeleg å få til ein samla (samtidig) overgang til ny ordning for matrikkelføring av oppmålingsforretningar for heile landet. Departementet foreslo derfor at dette skal skje kommunevis i puljar i løpet av eitt år. Departementet meinte det er mest tenleg at innføringa av fritt landmålarval og ny ordning for matrikkelføring blir gjord samtidig i dei enkelte kommunane. I praksis vil dette seie at ikraftsetjinga må skje puljevis for landet som heilskap i samsvar med ein vedteken plan. Planen blir utarbeidd av Kartverket i samråd med kommunane og fastsett av departementet i forskrift. Det må også bli avklart og vedteke i forskrift kva for kommunar som framleis skal føre eigedomsopplysningar sjølve. For å unngå å skape uvisse over lang tid er departementet innstilt på å setje reforma i verk så raskt som mogleg.

Frå ikraftsetjingsdatoen for kvar enkelt kommune kan eigarar fritt bestille oppmåling hos alle landmålarar som har autorisasjon, og oppmålingar skal gjennomførast som tenesteyting etter dei nye lovføresegnene. Fram til ikraftsetjingsdatoen må ein rekvirere og gjennomføre oppmåling etter den gamle lova. Alle oppmålingar som er rekvirerte hos kommunen før den nye lova blir sett i kraft, må gjennomførast av kommunen etter den gamle lova. Det gjeld også oppmålingar som er kravde før den nye lova blir sett i kraft, og som kommunen etter dei noverande føresegnene vel å sette vekk til eit privat føretak.

Når det gjeld dei andre endringsforslaga, som ikkje direkte er knytte til endringar i organiseringa av oppmålinga, kan det vere aktuelt å bruke andre overgangsordningar, mellom anna tilpassa systemendringar i matrikkelen. Det gjeld til dømes regelendringar for høvesvis endring av festegrunn og registrering av bruksrettar.

12.2 Merknader frå høyringsinstansane

Kartverket er einig i at overgangen må skje puljevis, og at planen for dette blir fastsett i samråd mellom Kartverket og departementet. Før Kartverket tek over føringa, må det gjennomførast kvalitetshevande tiltak for å komplettere matrikkelen. Tekniske løysingar må også vere på plass før ein kan starte på denne overføringa. Kartverket meiner eitt år ikkje er nok for å gjennomføre overføringa på ein forsvarleg god måte. Kartverket viser i denne samanhengen til overføringa av tinglysingsstyresmakta frå domstolane og det kvalitetshevande arbeidet som låg til grunn før ein begynte med overføringa. I samband med dei kvalitetshevande tiltaka må Kartverket få heimel til å rette matrikkelen av eige tiltak. Dersom det er dokumentert at det er høgt sannsyn for at matrikkelen er feil, må Kartverket ha tilgang til å rette matrikkelen. Det er heilt avgjerande for den framtidige utviklinga av matrikkelen at vi får heva kvaliteten på dei opplysningane som allereie ligg der. Kartverket trekkjer fram teig utan matrikkelnummer, teig med fleire matrikkeleiningar og uklare grenser, og grenser i vatn.

Statsbygg meiner at i dei tilfella der kommunane ønskjer å avvikle dei kommunale oppmålingstenestene, er det viktig å sørgje for at kompetansen og tenestetilbodet blir halde ved lag i ein overgangsperiode. Ein bør vurdere ei overgangsordning der kommunane er ansvarlege for å halde oppe tilbodet om oppmålingstenester fram til det er ei tilstrekkeleg mengd aktørar på marknaden, både lokalt og nasjonalt, til at det blir ein reell konkurransesituasjon, slik at grunneigarane er sikra tilfredsstillande oppmålingstenester i heile overgangsfasen.

Alta kommune peikar på at den største faren med at kommunen framleis skal kunne uføre oppmåling, er at føretaket/selskapet heile tida vil bli møtt med påstandar om kryssubsidiering og reglane om offentleg støtte i EØS-avtalen.

Bergen kommune er einig med departementet i at dagens praktiserande landmålarar med reell kompetanse må kunne få autorisasjon sjølv om dei ikkje fyller krava til formell kompetanse. Kravet til autorisasjon må komme uavhengig av organiseringa. Kommunane må kunne føre oppmålingsverksemda si vidare uendra i opptil tre år etter ei eventuell endring av organiseringa. Dette er for at dei skal kunne gjennomføre dei sakene som kunden allereie har bestilt og betalt for (utsette oppmålingsforretningar). Dersom det skulle bli endringar i organiseringa av matrikkelføringa, vil det vere mest tenleg at endringa blir gjord puljevis over eit år. Dette må gjerast i samråd med dei enkelte kommunane.

Follo-kommunane meiner det er positivt at dagens landmålarar skal kunne halde fram som landmålarar, og at praktiserande landmålarar med reell kompetanse må kunne få autorisasjon sjølv om dei ikkje oppfyller krava til formell kompetanse. Dei peikar på at tre års overgangsordning nok er litt snautt dersom det framtidige utdanningsløpet for å utdanne landmålarar med formell kompetanse skal ta tre år.

Fjell kommune meiner det er viktig med klare overgangsreglar, og at reglane må sjåast i samanheng med kommunesamanslåingar. Dette gjeld spesielt i samband med at den nye storkommunen vil etablere eit føretak som skal drive oppmåling, og at dei sjølve vil føre matrikkelen. Dersom endringane som er lagde fram i høyringsnotatet, blir vedtekne, er det viktig med førebudde overgangsordningar. Desse må ta omsyn til både kundane og dei tilsette, slik at prosessen blir føreseieleg. Fleire kommunar, mellom andre Fjell, Sund og Øygarden, skal førebu ei kommunesamanslåing som vil gjelde frå 1. januar 2020. Korleis kommunen vil organisere oppmålingstenestene og matrikkelføringa, bør få vere ein del av forhandlingane mellom kommunane dei neste åra. Om den nye kommunen ønskjer å etablere eit aksjeselskap for å tilby oppmålingstenester eller sjølv gjennomføre matrikkelføringa, kan ikkje Fjell kommune avgjere åleine. Det vil heller ikkje vere tenleg for kommunane å måtte etablere separate mellombelse løysingar i forhandlingsperioden. Gjennomføringstakta for eventuelle endringar bør setjast i samanheng med dette.

Trondheim kommune er einig med departementet i at dagens praktiserande landmålarar med reell kompetanse må kunne få autorisasjon sjølv om dei ikkje fyller krava til formell kompetanse. Kommunane må kunne føre oppmålingsverksemda si vidare uendra i opptil tre år etter ei eventuell endring av organiseringa. Dette er for at dei skal kunne gjennomføre dei sakene som kunden allereie har bestilt og betalt for (utsette oppmålingsforretningar). Dersom det skulle bli endringar i organiseringa av matrikkelføringa, vil det vere mest tenleg at endringa blir gjord puljevis. Dette må gjerast i samråd med dei enkelte kommunane.

Tynset kommune er skeptisk til at det i høyringsnotatet er nemnt at det vil ta tid før alle elementa for tenesteyting er på plass, og at ein må akseptere at systemet ikkje er perfekt frå første dag. Matrikkelen er eitt av tre hovudregister i landet, saman med folkeregisteret og einingsregisteret, og kommunen meiner derfor det er heilt avgjerande å ha ein kontinuitet i føring av matrikkelen og gjennomføring av forretningar.

12.3 Vurderingar frå departementet

Det er få høyringsinstansar som har uttalt seg til forslaget om overgangsordningar. Dei mest vesentlege innvendingane gjeld lengda på overgangsfasen. Det er tilslutning til forslaget om at dagens utøvarar må kunne få autorisasjon sjølv om dei ikkje fyller krava. Når det gjeld forslaget om at ikraftsetjinga må skje puljevis for landet som heilskap ut frå ein vedteken plan, synest det å vere tilslutning også til dette forslaget, men fleire høyringsinstansar peikar på at det neppe er mogleg med ei slik overføring i løpet av berre eitt år, slik departementet har foreslått. Kartverket peikar særleg på at det kan vere behov for lengre tid, utan å foreslå eit meir konkret tidsrom.

Menon Economics AS reiser på side 44 i den samfunnsøkonomiske analysen spørsmål om det vil skape problem for næringslivet om det blir ei for rask innføring:

«Det viktigste forholdet, slik vi ser det, når det gjelder implementering av lovforslaget er overgangsordningene for å autorisere landmålere. Det bør fremgå tydelig av forskrifter og regelverk hva som kreves for å bli autorisert, både i overgangsfasen og generelt. Det er også viktig at overgangsordningen ikke diskriminerer mellom landmålere som i dag er kommunalt og privat ansatte. Det må være objektive kriterier som legges til grunn for autorisasjon. Videre bør det være tilstrekkelig kapasitet i Kartverket til å behandle disse søknadene og det må tas høyde for at det vil bli en vesentlig større pågang av saker i overgangsperioden enn hva som er normal situasjonen for autorisasjonsordningen.
Dersom datoen for ikrafttredelse av lovforslaget settes frem i tid av hensyn til kommunenes kapasitet, bør en samtidig søke å bruke denne tiden til behandling av søknader om autorisasjon. Jo flere landmålere som har fått autorisasjon når loven trer i kraft, jo større sannsynlighet er det for å få et velfungerende privat marked. Ved stor pågang av søknader om autorisasjon bør en vurdere å lage retningslinjer for prioritering som sikrer at det autoriseres landmålere over hele landet fremfor flere landmålere på samme sted. Det vil i første omgang sikre et tilbud fra private aktører, selv om det på kort sikt kan medføre mindre konkurranse dersom det ikke også eksisterer et kommunalt tilbud.»

For å unngå å skape uvisse over lang tid, la departementet i høyringsforslaget vekt på å setje reforma i verk så raskt som mogleg, og at det skulle skje i løpet av eitt år. Departementet meiner framleis at det er viktig at reforma blir sett i verk så raskt som mogleg, men vil opne for at den puljevise overføringa kan strekkje seg noko ut i tid. Puljevis overføring vil seie at ikraftsetjingstidspunktet ikkje vil bli det same for heile landet. Kvar kommune vil få ikraftsetjingstidpunktet definert ut frå den puljen kommunen høyrer til i. Departementet går derfor ut frå at den puljevise inndelinga bør vere felles for nærliggjande kommunar.

Departementet held fast ved høyringsforslaget om tre års overgangsordning for oppmålingsverksemda i kommunane. Forslaget om at dagens utøvarar må kunne få autorisasjon sjølv om dei ikkje fyller alle krav til utdanning, blir også ført vidare. Ordninga skal vere lik anten ein kan vise til praksis som privat eller offentleg tilsett landmålar. Departementet legg til grunn at autorisasjonsordninga er i funksjon i god tid før den puljevise overføringa tek til. Autorisasjonsordninga må vere operativ minst eit år før ein opphevar det kommunale forvaltningsansvaret for eigedomsoppmålinga. Ordninga bør frå starten vere open både for nye landmålarar som søkjer landmålarbrev på ordinære vilkår, og eldre landmålarar som søkjer landmålarbrev basert på overgangsreglane.

Det synest å vere tilslutning til forslaget om at kommunar skal kunne halde fram oppmålingsverksemda si uendra i ein tidsavgrensa overgangsperiode utan at kommunen oppfyller alle formelle krav som gjeld slik verksemd. Departementet legg til grunn at ei slik ordning ikkje blir ramma av konkurranselova. Departementet meiner at det ikkje vil vere mogleg å få til ein forsvarleg overgang til privat tenesteyting utan ei slik overgangsordning.

Kommunen vil ha to fordelar samanlikna med private landmålarføretak i overgangsperioden: Kommunen vil i treårsperioden for det første ikkje ha krav om landmålar med landmålarbrev. Kommunen vil for det andre kunne føre matrikkelen med det same personalet som utfører eigedomsoppmålinga innanfor den same verksemda som i dag. Departementet meiner likevel dette er fordelar som ikkje vil gjere overgangsfasen vanskeleg i nemneverdig grad, og som neppe undergrev sjansen for private landmålarføretak til å få oppdrag i kommunen.

Når oppmåling ikkje lenger er ei styresmaktsoppgåve, vil kommunen måtte rekne meirverdiavgift av tenesta. Det vil gjelde frå ikraftsetjinga av det frie landmålarvalet i kvar enkelt kommune.

Til forsida