Prop. 148 L (2016–2017)

Endringar i matrikkellova m.m. (organisering av eigedomsoppmåling)

Til innhaldsliste

14 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

14.1 Endringar i matrikkellova

Føresegnene om å gi forskrift

Departementet foreslår ei språkleg forenkling i ordlyden om heimelen til å gi forskrift. Formuleringa «kan i forskrift gi nærare reglar om» blir gjennomgåande endra til «kan gi forskrift om».

Til § 3

Bokstav f definerer matrikulering. Tilvisinga til § 10 er lite opplysande og er fjerna. Definisjonen er uendra. Matrikulering er å føre ei ny matrikkeleining inn i matrikkelen og danne den nye eininga. Det noverande skiljet mellom matrikulering av nytt jordsameige og registrering av eit eksisterande, men uregistrert jordsameige, blir ført vidare.

Bokstav g definerer oppmålingsforretning. Dei ulike sidene ved ei oppmålingsforretning er nærare regulerte i kapittel 7, sjå særleg § 33. Kva for saker som krev at det er halde oppmålingsforretning, går fram av §§ 6 og 7. Forretninga må alltid følgjast opp med eit krav om matrikkelføring. Den gjeldande definisjonen av «sentral matrikkelstyremakt» går ut, jf. § 5 a.

Bokstav h og i definerer landmålarføretak og ansvarleg landmålar. Definisjonane er nye. Landmålarføretaket gjennomfører oppmålingsforretning og utarbeider krav om matrikkelføring. Ei offentleg eining som tilfredsstiller krava, kan fungere som landmålarføretak. Forretninga skal utførast under leiing av ein ansvarleg landmålar. Den ansvarlege landmålaren står ansvarleg for forretninga og kravet om matrikkelføring. Den ansvarlege landmålaren må ha gyldig landmålarbrev. Ein innehavar av landmålarbrev som opererer åleine, må organisere verksemda i form av eit landmålarføretak. Krav til landmålarføretak og ansvarleg landmålar, og vilkår for tildeling av landmålarbrev, går fram av § 38.

Definisjonane av geodetisk grunnlag, grunnlagsmåling, fastmerke og signal i gjeldande bokstav i til l er flytte til bokstav j til m.

Til § 4

Nytt tredje ledd. Det er ikkje meininga at matrikkelen skal innehalde alle tenkjelege opplysningar som gjeld fast eigedom. Matrikkelen er, og skal vere, ein nasjonal felleskomponent med eintydige identifikatorar (matrikkelnummer, adresse og bygningsnummer) og nokre sentrale eigenskapsopplysningar. Andre meir detaljerte opplysningar må førast i register som er tilpassa formålet. I nokre tilfelle er det aktuelt at matrikkelen peikar til desse opplysningane. Dette gjeld til dømes i dag opplysningar om kulturminne.

Gjeldande tredje ledd om forskrift blir nytt fjerde ledd. Det blir opna for å kunne registrere geografiske opplysningar om rettar i fast eigedom, jf. §§ 17 og 19.

Til § 5 a

Lova skil i dag mellom lokal og sentral matrikkelstyresmakt. Når staten ved Statens kartverk skal overta ansvaret for å føre opplysningar om oppmålingsforretningar i matrikkelen, er dette skiljet ikkje lenger nødvendig. Nemninga «sentral matrikkelstyresmakt» blir derfor endra til «matrikkelstyresmakta».

Kommunar og andre offentlege organ skal framleis føre ei rekkje opplysningar i matrikkelen, jf. § 22. Kommunane skal mellom anna framleis føre opplysningar om bygningar, adresser og kommunale pålegg, jf. §§ 21 og 25.

Departementet legg til grunn at kompetente kommunar som ønskjer det, framleis skal føre opplysningar om oppmålingsforretningar og utføre andre oppgåver som er lagde til matrikkelstyresmakta. Det kan mellom anna gjelde oppgåver eller mynde etter §§ 6, 7, 8, 11 a, 19, 22 andre ledd, 23, 24, 26 og 29 andre ledd. Kommunar som på denne måten tek over oppgåver for matrikkelstyresmakta, utfører oppgåvene som sjølvstendig matrikkelstyresmakt. Nokre oppgåver kan likevel ikkje overførast, mellom anna overordna tilsyn, jf. §§ 22 femte og sjette ledd, 29 første ledd, 34 og 38.

Gjeldande andre ledd andre punktum er flytta til § 25 femte ledd.

Gjeldande tredje ledd om forskrift blir nytt andre ledd. Overføring av mynde og oppgåver som matrikkelstyresmakt, blir gitt i forskrift. Det gjeld både den generelle overføringa av mynde og oppgåver til Statens kartverk, og overføring av mynde og oppgåver på avgrensa område til spesifikke kommunar. I tillegg kan ansvar for føring av spesifikke opplysningar der det ligg til rette for det, bli lagt til eit anna offentleg organ, jf. § 22 tredje ledd, slik det til dømes er for opplysningar om forureina grunn.

Til § 6

Første ledd bokstav d opnar for å endre grenser for festegrunn også ut over reine justeringar. Reine justeringar blir behandla etter reglane for grensejustering.

Andre ledd gjeld matrikulering utan fullført oppmålingsforretning. Matrikkelstyresmakta kan etter søknad føre ei ny matrikkeleining inn i matrikkelen utan at oppmålingsforretninga er fullført. Oppgåva og myndet kan overførast til den aktuelle kommunen, jf. § 5 a. Framgangsmåten er særleg aktuell når det er formålstenleg og tilsikta at grensene først blir nøyaktig fastsette når området er ferdig opparbeidd med vegar og liknande infrastruktur. Føresetnaden er at grensene blir spesifiserte så nøyaktig som mogleg. Grensene skal leggjast inn i matrikkelen sjølv om dei ikkje er endeleg målte inn. Nærare reglar, mellom anna om tidsfristar, blir gitt i forskrift. Dersom oppmålingsforretninga ikkje blir fullført som føresett før den fastsette fristen er ute, kan matrikkelstyresmakta bli nøydd til å gjere vedtak om å inngå avtale med eit anna landmålarføretak for å få fullført forretninga. Vedtaket er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova. I førehandsvarselet skal det setjast ein ny frist, som ikkje må vere kortare enn tre veker, for å fullføre forretninga. Den ansvarlege landmålaren som stod bak søknaden, og dei noverande heimelshavarane er solidarisk ansvarlege for kostnadene ved dette. Det vil i praksis vere mest aktuelt å rette kravet mot landmålarføretaket. Kostnadene for matrikkelstyresmakta for å få fullført oppmålinga vil vere særleg tvangsgrunnlag for utlegg og kan tvangsfullførast etter reglane i lov26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse § 7-2 bokstav e.

Dersom berre grensemerkinga står tilbake, medan resten av forretninga er fullført, vil dette til vanleg ikkje bli rekna som ein så stor mangel at det krev offentleg vedtak om fullføring. Den som har bestilt forretninga, kan uansett rette krav mot landmålarføretaket for dette.

Fjerde ledd. Departementet kan i forskrift gi nærare reglar om når og korleis matrikulering kan skje utan fullført oppmålingsforretning, inkludert reglar om krav til førebels merking og beskriving, og reglar som sikrar at oppmålingsforretninga faktisk blir fullført.

Til § 7

Føresegna set krav om at grensene for grunneigedom, anleggseigedom og festegrunn skal vere klarlagde før dokument som overfører grunnboksheimelen, kan tinglysast. Føresegna er så langt ikkje sett i kraft.

Endringa i overskrifta er av språkleg art.

Tredje ledd. Krav om matrikkelføring av oppmålingsforretning skal rettast til matrikkelstyresmakta. Matrikkelstyresmakta har samtidig ansvaret for å notere i matrikkelen dei eigedommane som har klarlagde grenser. Oppgåva og myndet kan overførast til den aktuelle kommunen, jf. § 5 a.

Departementet legg til grunn at det må vere etablert eit tilbod av landmålarføretak som på tenleg vis kan dekkje behovet for slik oppmåling før føresegnene i paragrafen kan bli sette i verk. Det kan vere aktuelt å tilpasse iverksetjinga til dei lokale forholda i kvar enkelt kommune og overføre mynda etter tredje ledd til kommunar som ønskjer dette.

Til § 8

Føresegna omfattar felles vilkår for matrikkelføring, både i saker som krev oppmålingsforretning, jf. §§ 6, 7 og 9 til 17, og i andre saker som byggjer på krav om matrikkelføring, jf. §§ 18, 19, 20 og 22.

Første ledd. Rekvisisjon av oppmålingsforretning fell bort. I staden skal det setjast fram krav om matrikkelføring av forretninga. Den ansvarlege landmålaren står ansvarleg for kravet, og det går i namnet til vedkommande. Kravet skal sendast til matrikkelstyresmakta eller den aktuelle kommunen når oppgåva og myndet er overført til kommunen, jf. § 5 a. Landmålarføretaket må ha fullmakt frå den som kan krevje matrikkelføring i den aktuelle saka, jf. §§ 9, 15, 16 og 17. Festaren må samtykkje både i føring av forretning for festegrunn og føring av forretning over heil grunneigedom som er festa bort, jf. § 12 fjerde ledd.

Det er resultatet av oppmålingsforretninga som blir matrikkelført, basert på dokumentasjonen som er lagd fram – ikkje kravet i seg sjølv. Dokumentasjonskravet blir fastsett i forskrift. Departementet føreset at det blir utvikla standardformular for krav om matrikkelføring, mellom anna for å sikre at alle nødvendige fråsegner og liknande blir tekne med. Endringa i andre punktum er av rein språkleg art.

Andre ledd. Nærare reglar om vilkår for å matrikkelføre oppmålingsforretning og andre saker som byggjer på krav om matrikkelføring, blir gitt i forskrift. Den generelle heimelen til å gi forskrifter om matrikkelføring, er flytt frå § 9 til § 8.

Til §§ 9 og 10

Redaksjonen i kapittel 3 er endra. §§ 9 og 10 gjeld etter dette i utgangspunktet berre matrikulering. Reglar om kven som kan krevje anna føring av opplysningar om matrikkeleiningar, til dømes endring av grenser for festegrunn, arealoverføring og registrering av jordsameige, og andre reglar om slik matrikkelføring, går fram av dei andre paragrafane i kapittelet. Det er likevel framleis slik at fleire av føresegnene om anna føring viser tilbake til dei generelle reglande om matrikulering i §§ 9 og 10. Føresegnene i § 10 fjerde og femte ledd gjeld til dømes tilsvarande for registrering av jordsameige. Eit anna døme er arealoverføring som kan krevjast av dei som er nemnde i § 9 første ledd bokstav a og f.

Nærare reglar om kven som kan krevje matrikulering, blir gitt med heimel i § 9 fjerde ledd. Nærare reglar om kven som kan krevje anna matrikkelføring, blir gitt med heimel i dei respektive føresegnene om slik føring, til dømes § 14 tredje ledd om registrering av jordsameige og § 15 tredje ledd om arealoverføring. Slike reglar kan også bli gitt med heimel i den generelle føresegna § 8 andre ledd.

I § 10 sjette ledd blir det presisert at departementet i forskrift kan gi reglar som eventuelt innskrenkar eller utvidar vilkår for matrikulering. I nokon grad er dette rekna med etter gjeldande rett. Det er til dømes i matrikkelforskrifta § 27 fjerde ledd gitt unntak frå kravet i første ledd første punktum om løyve etter plan- og bygningslova for nokre eigedomstiltak som er unnatekne frå krav om løyve etter byggesaksforskrifta. Det kan vere aktuelt å utvide eit slikt unntak. Statens vegvesen nemner saker som følgjer av endringar i forvaltningsnivå eller ansvarseining i samferdselssektoren. Eit anna døme kan vere tilfelle der det kan vere behov å opprette ei ny matrikkeleining sjølv om eininga som den nye eininga blir utskild frå eller oppretta på, ikkje er registrert frå før, jf. § 9 første ledd bokstav b til h.

Til § 11 a

Føresegna svarar til gjeldande § 25 tredje ledd. Føresegna er endra som ein konsekvens av at matrikkelføring av eigarseksjon no skal utførast av matrikkelstyresmakta. Oppgåva og myndet kan overførast til den aktuelle kommunen, jf. § 5 a. Dette gjeld både ved første gongs seksjonering og ved reseksjonering. Vilkåra for matrikkelføringa går fram av eigarseksjonslova.

For eigarseksjon med eige uteareal gjeld regelen i § 6 om at det skal vere halde oppmålingsforretning. I slike saker må det setjast fram krav om matrikkelføring av oppmålingsforretninga av utearealet. Kravet blir fremja etter § 8 og må liggje føre seinast når seksjoneringssaka blir send til matrikkelføring, jf. gjeldande eigarseksjonslov § 9 andre ledd første punktum (vedtak om ny eigarseksjonslov § 13 andre ledd første punktum).

Til § 12

Føresegna gjeld både matrikulering av ny festegrunn og matrikkelføring av endring av grenser for eksisterande festegrunn. Endring av grenser for eksisterande festegrunn som kan behandlast etter § 16 om grensejustering, skal behandlast etter den føresegna.

Fjerde ledd er nytt. Endring av grenser som går utover justeringar som kan behandlast etter § 16, er eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova og krev løyve som for oppretting av ny festegrunn. Sakstypen endring av grenser for festegrunn opnar for å auke eller redusere arealet til festegrunnen, altså å auke eller redusere den delen av den tenande grunneigedommen eller jordsameiget, som er omfatta av den aktuelle festeretten. Sakstypen dekkjer vidare endring av grensa mellom to nabofestegrunnar som er del av den same grunneigedommen eller det same jordsameiget. Sakstypen dekkjer også omgjering av punktfeste til festegrunn med definerte grenser.

Dersom det ligg føre avtale om festerett, må endringa takast inn i avtalen. Det må etter omstenda også liggje føre erklæring om pantefråfall og avklaring av konsesjonsspørsmål. Dersom ein panthavar til pant i grunnen opphavleg har vike prioritet for festekontrakten, kan det ved auke av festegrunnen vere aktuelt at panthavaren på ny vik prioritet til fordel for festekontrakten. Det er opp til partane å ta stilling til dette.

Femte ledd. Ei oppmålingsforretning som endrar grensene for festerett, kan krevjast av grunneigar, eventuelt stat, statsføretak, fylkeskommune eller kommune når grunnen er tileigna til offentleg veg- eller jernbaneformål. Føresegna svarar til § 15 andre ledd om arealoverføring. Det må også liggje føre samtykke frå festaren, jf. tidlegare fjerde ledd.

Sjette ledd. Departementet vil i forskrift gi nærare reglar om endring av grenser for festegrunn og vilkåra for dette.

Til § 14

Ved lovendring 29. juni 2007 nr. 94 blei tidlegare § 10 femte ledd flytta til §§ 6, 34 og 35 utan at tilvisinga i første ledd blei retta i tråd med dette. Dette blir retta no.

Til § 16

Første ledd. Nytt andre punktum presiserer at grensejustering også kan nyttast ved endring av festegrunn – når vilkåra for slik justering elles er til stades. Departementet vil i forskrift gi nærare reglar om justering av festegrunn og vilkåra for dette. Endringa i første og tredje punktum er av rein språkleg art.

Etter gjeldande tredje ledd følgjer ein eventuell panterett dei nye grensene slik dei blir fastlagde ved grensejusteringa. Det blir presisert at tilsvarande også gjeld ein eventuell festerett.

Femte ledd. Ei grensejustering som gjeld festegrunn eller heil grunneigedom som er festa bort, kan berre matrikkelførast når det ligg føre samtykke frå festaren. Endringa i andre punktum er av rein språkleg art.

Andre og fjerde ledd er uendra. Endringa i sjette ledd er av språkleg art.

Til § 17

Føresegna reknar opp kven som kan krevje klarlegging av eksisterande grenser for ei matrikkeleining. Nærare reglar om klarlegging av eksisterande grenser blir gitt i forskrift. I tillegg kjem dei grunnleggande reglane om oppmålingsforretninga, jf. § 33.

Det blir no presisert at føresegna også gjeld klarlegging av eksisterande punktfeste. Føresegna gjeld ikkje omgjering av punktfeste til ordinær festegrunn med grenser. Dersom punktfestet ikkje er matrikulert, må ein bruke reglane i § 13 om matrikulering av umatrikulert festegrunn.

Det blir vidare presisert at føresegna også gjeld klarlegging av stadbundne rettar i den aktuelle matrikkeleininga. Oppmålingsforretninga kan klarleggje alle typar stadbundne rettar, inkludert allmenn bruksrett eller særlege råderettar (servitutt), men det er berre geografiske opplysningar om rettar som gjeld ein del av ein grunneigedom, ein anleggseigedom, eit jordsameige, ein festegrunn eller eit uteareal til ein eigarseksjon, som kan førast i matrikkelen. Registreringa av sjølve retten må eventuelt skje ved tinglysing. Geografiske opplysningar om ein rett som ikkje kan bli tinglyst, kan i utgangspunktet ikkje registrerast. Klarlegging av rettar kan i prinsippet gjelde både eksisterande og nystifta rettar. Eventuell stifting av nye rettar kan ikkje vere i strid med offentlege vilkår, til dømes vilkår etter konsesjonslova.

Rekvisisjon av oppmålingsforretning fell bort, jf. § 8. I staden skal det setjast fram krav om matrikkelføring av forretninga.

Departementet vil i forskrift gi nærare reglar om suppleringar og tekniske forbetringar som skal kunne skje utan oppmålingsforretning, inkludert behandling av saker i offentleg regi som gjeld meir generell forbetring av eigedomskartet på stader med mykje manglande eller lite pålitelege opplysningar. Det kan også vere aktuelt å utvide retten til å krevje klarlegging for andre rettshavarar i enkelte situasjonar, til dømes ved tvangssal.

Til § 19

Den gjeldande føresegna opnar for etter nærare vilkår å føre inn referanse i matrikkelen til ein privat avtale om eksisterande grense til ei matrikkeleining. Det blir presisert at dette ikkje berre gjeld grenser for matrikkeleiningar i snever forstand, men også geografiske opplysningar om punktfeste og stadbundne rettar. Matrikkelstyresmakta behandlar kravet og fører referansen i matrikkelen. Oppgåva og myndet kan overførast til den aktuelle kommunen, jf. § 5 a.

Første ledd første punktum svarar til gjeldande første ledd. Andre punktum presiserer for det første at føresegna også gjeld eksisterande punktfeste som ikkje tidlegare er fastlagd i ei oppmålingsforretning eller ei tilsvarande forretning etter anna eller tidlegare lov. Dersom punktfestet ikkje er matrikulert, må ein bruke reglane i § 13 om matrikulering av umatrikulert festegrunn. Føresegna opnar vidare for å føre geografiske opplysningar om rettar som gjeld del av grunneigedom, anleggseigedom, jordsameige, festegrunn eller uteareal til eigarseksjon. Føresegna gir ikkje heimel for å få matrikkelført referanse til avtale som krev oppmålingsforretning etter § 6, til dømes avtale om uteareal til eigarseksjon eller leige av grunn som krev oppretting av festegrunn. Avtalen kan gjelde alle typar stadbundne rettar, medrekna allmenn bruksrett eller særlege råderettar (servitutt), men det er berre dei geografiske opplysningane som lokaliserer retten, som kan få referanse i matrikkelen. Registrering av sjølve retten må eventuelt skje ved tinglysing. Geografiske opplysningar om ein rett som ikkje kan bli tinglyst, kan i utgangspunktet ikkje registrerast. Referanse til rettar kan i prinsippet gjelde både eksisterande og nystifta rettar. Eventuell stifting av nye rettar kan ikkje vere i strid med offentlege vilkår, til dømes vilkår etter konsesjonslova.

Andre og tredje ledd. Nærare reglar om kva for dokument som kan få referanse i matrikkelen, og krav til slike dokument, blir gitt i forskrift. Det skal framleis vere krav om at ein avtale om eksisterande grenser som nemnt i første ledd første punktum berre kan tinglysast dersom avtalen har referanse i matrikkelen.

Til § 20

Ei registrering av samla fast eigedom vil ikkje utan vidare vere eit enkeltvedtak. Ordlyden i tredje ledd er derfor endra.

Til § 21

Fastsetjing av offisiell adresse vil ikkje utan vidare vere eit enkeltvedtak. Ordlyden i første ledd andre punktum er derfor endra.

Til § 22

Første til tredje ledd. Matrikkelstyresmakta skal føre opplysningar frå oppmålingsforretning og andre tilsvarande eigedomsopplysningar. Oppgåva og myndet kan overførast til den aktuelle kommunen, jf. § 5 a. Ordlyden i første ledd er i tillegg forenkla noko utan at dette endrar meininga. Både kravet i seg sjølv og opplysningane som går fram av kravet, må tilfredsstille vilkåra etter lova for at ein skal kunne matrikkelføre opplysningane. Ordlyden i tredje ledd er også forenkla noko utan at dette endrar meininga. Gjeldande første og andre punktum er slått saman til eitt punktum. Den gjeldande føresegna om at offentlege organ også kan føre opplysningar i matrikkelen etter avtale med matrikkelstyresmakta, blir dermed ført vidare. Departementet legg til grunn at slik føring som regel skal fastsetjast i forskrift, men ser ikkje bort frå at det i enkelte tilfelle kan vere god grunn til å bruke avtale, til dømes ved føring av referansar til opplysningar som er forvalta av andre statsorgan.

Fjerde ledd. Endringa i første punktum er av redaksjonell og språkleg art. Ansvaret for å godkjenne personar som fører opplysningar i matrikkelen, ligg i dag til sentral matrikkelstyresmakt (Statens kartverk) åleine. Det blir inga endring i dette. Nytt andre og tredje punktum presiserer at tilsette i landmålarføretak som er engasjerte til å føre matrikkelen, ikkje kan føre opplysningar som gjeld forretningar føretaket sjølv har hatt hand om. For den ansvarlege landmålaren for den aktuelle forretninga gjeld dette også ved skifte av arbeidsforhold. Det er likevel ikkje noko i vegen for at landmålarføretak med fleire kontor kan føre opplysningar som gjeld oppmålingsforretning utført av eit av dei andre kontora. Ein kommune kan til dømes både tilby oppmålingsforretningar og stå for matrikkelføring av forretningane så lenge kommunen etablerer eit organisatorisk skilje mellom dei to oppgåvene. Det er heller ikkje noko i vegen for at den ansvarlege landmålaren eller tilsette i landmålarføretaket, sjølv eller ved hjelp av elektronisk utstyr, legg opplysningar direkte inn i matrikkelen når det teknisk er lagt til rette for slik direkte eller automatisk dataoverføring med innebygd valideringskontroll.

Sjuande ledd. Det blir føyd til ein presisering om at departementet kan gi nærare reglar om kva for offentleg organ som kan utføre matrikkelføringsoppgåver, og korleis slik føring skal gå føre seg. Det kan også vere reglar for matrikkelstyresmakta og kommunane når dei fører opplysningar i matrikkelen. Det er teke inn to språklege endringar i opprekninga til slutt i føresegna.

Til § 23

Matrikkelstyresmakta tildeler og fører matrikkelnummer. Ordlyden i første og andre ledd er derfor endra. Oppgåva og myndet kan overførast til den aktuelle kommunen, jf. § 5 a. Departementet har i Prop. 110 L (2016–2017) lagt fram forslag om å endre tredje ledd. Det er ikkje nødvendig med andre endringar i tredje ledd som følgje av proposisjonen her.

Til § 24

Matrikkelstyresmakta skal føre opplysningar frå oppmålingsforretning og andre tilsvarande eigedomsopplysningar. Oppgåva og myndet kan overførast til den aktuelle kommunen, jf. § 5 a.

Matrikkelbrevet skal sendast til det landmålarføretaket som har kravd matrikkelføring. Matrikkelstyresmakta skal dessutan orientere heimelshavarar til naboeigedommar som saka vedkjem, om resultatet når grensene har blitt målte inn eller merkte på nytt. Orienteringa skal skje i form av eit relevant utdrag av det endra matrikkelbrevet for dei aktuelle matrikkeleiningane. Slik orientering er ikkje nødvendig når landmålarføretaket har halde seg til eksisterande grensemerke og nøyaktige måledata for grensepunkta (koordinatmålte punkt) utan å gjere endringar med omsyn til merka eller koordinatverdiane. Nærare reglar om utforming av og innhaldet i eit slikt relevant utdrag kan bli gitt av departementet i forskrift, eventuelt av Statens kartverk i form av utfyllande tekniske føresegner. Ordlyden i overskrifta til paragrafen og i sjette ledd om forskrifter, er utvida til også å gjelde slike relevant utdrag.

Klagefristen for ein part startar når orienteringa har komme fram til vedkommande. Klagefristen for oppdragsgivaren startar når landmålarføretaket har teke imot matrikkelbrevet for vedkommande. Når naboen er eit sameige med eit styre som representerer sameiget, kan naboen bli orientert ved at styret får eit relevant utdrag av matrikkelbrevet. Heimelshavarar kan alltid krevje eige matrikkelbrev om dei ønskjer dette, jf. § 29 andre ledd.

Til § 25

Føresegna omfattar saker som kommunen skal føre i alle tilfelle. Føring av eigarseksjonar skal skje i regi av matrikkelstyresmakta når oppgåva ikkje er overført til den aktuelle kommunen, jf. § 5 a. Gjeldande tredje ledd er derfor flytta til ny § 11 a, og overskrifta er endra i tråd med dette.

Gjeldande første og andre ledd er uendra.

Tredje ledd svarar til gjeldande fjerde ledd. Endringa er ei redaksjonell presisering.

Fjerde ledd svarar til gjeldande femte ledd. Endringa er av språkleg art.

Nytt femte ledd svarar til gjeldande § 5 a andre ledd andre punktum. Kommunen vel sjølv korleis han vil organisere matrikkelføring som er lagd til kommunen i kraft av lov eller forskrift. I mange tilfelle vil det kunne liggje godt til rette for at fleire kommunar inngår avtale om former for felles matrikkelføring. Dette må i så fall organiserast i samsvar med kommunelova § 27 og ikkje som eige selskap.

Sjette ledd om forskrifter svarar til gjeldande sjette ledd med ei språkleg og redaksjonell tilpassing til dei andre endringane.

Til § 26

Gjeldande første ledd er oppheva. Føresegna blir dekt av nytt andre og tredje ledd. Det er med det ikkje meint å endre at retting etter forholda både kan skje i form av å endre eller leggje til opplysningar.

Gjeldande andre ledd blir med ei språkleg og redaksjonell endring nytt første ledd. Den redaksjonelle endringa følgjer av at ansvaret for å føre eigedomsopplysningane no er lagt til matrikkelstyresmakta. Matrikkelstyresmakta får dermed også ansvaret for å rette slike opplysningar. Oppgåva og myndet kan overførast til den aktuelle kommunen, jf. § 5 a.

Andre ledd. Opplysningar om grenser for matrikkeleiningar, medrekna geografiske opplysningar om punktfeste og stadbundne rettar, kan berre supplerast eller endrast på grunnlag av ny oppmålingsforretning, jf. § 17, rettskraftig avgjerd ved domstolane, jf. § 22 andre ledd, eller med referanse til avtale når vilkåra for dette er til stades etter § 19. Tekniske suppleringar eller endringar vil kunne skje etter enklare reglar med heimel i § 17. Suppleringar eller endringar etter §§ 17, 19 eller 22 andre ledd er ikkje å rekne som «retting» etter § 26. Matrikkelstyresmakta kan likevel rette slike opplysningar når det blir dokumentert at opplysningane er urette og dette kjem av feil i registreringa eller i vedlikehaldet av matrikkelen. Feilen kan til dømes ha oppstått når data har blitt overførte frå oppmålingsprotokollen til krav om matrikkelføring eller ved digitaliseringa av økonomisk kartverk eller målebrev. Rettinga kan skje på initiativ frå matrikkelstyresmakta eller den aktuelle kommunen, jf. § 5 a, eller etter krav frå ein av partane. Ein part som rettinga har noko å seie for, skal underrettast, jf. fjerde ledd. Det er ikkje noko vilkår at alle partane samtykkjer for å kunne gjere slike rettingar. Dersom partane ikkje er einige om kva som er dei rette opplysningane, kan matrikkelstyresmakta måtte nøye seg med å slette opplysningane heilt eller delvis og notere opplysningar om at partane er ueinige.

Tredje ledd. Andre opplysningar enn dei som blir førte på grunnlag av oppmålingsforretning, kan rettast av det organet som har ansvaret for å føre opplysningane. Til dømes blir opplysningar om vegadresse retta av kommunen. Organet kan rette av eige tiltak eller etter krav frå ein part. Grunnlaget for rettinga skal dokumenterast. Det blir presisert at matrikkelstyresmakta i alle høve kan rette opplysningar når dette har vesentleg å seie for matrikkelen som eit einsarta og påliteleg register. Det kan vere større tekniske endringar, til dømes nødvendig omnummerering ved kommuneendringar, eller enkeltståande endringar, til dømes sletting av opplysningar som det ikkje er høve til å behandle i matrikkelen. Dersom opplysningane ordinært blir førte av kommunen eller eit anna organ, jf. mellom anna §§ 5 a andre ledd, 22 tredje ledd og 25, kan det etter omstenda vere nødvendig for matrikkelstyresmakta å avklare slik retting med det aktuelle organet.

Gjeldande fjerde til sjette ledd er uendra sett bort frå nokre språklege endringar.

Til § 27

«Sentral matrikkelstyresmakt» blir endra til «matrikkelstyresmakta» i første ledd første og andre punktum. Andre punktum blei teken inn ved ei lovendring i 2012, jf. lov 20. januar 2012 nr. 7, men endringa er så langt ikkje sett i kraft.

Til § 28

Føresegna gjeld det tilsynet som Kartverket som matrikkelstyresmakt skal ha med kommunar og andre offentlege organ som fører opplysningar i matrikkelen. Det gjeld både saker der kommunen og andre offentlege organ har eit sjølvstendig ansvar, jf. §§ 21, 22 og 25, og saker som er overlatne til ein kommune med heimel i § 5 a.

Til § 29

Ansvaret for å gi informasjon om matrikkelen ligg på matrikkelstyresmakta og på kommunen. Behovet blir i første rekkje dekt med nettsida «seeiendom.no» og kundesenteret til Kartverket i Kinsarvik, men også med kommunale innsynsløysingar og servicetelefonar.

Ansvaret for å utferde matrikkelbrev ligg på matrikkelstyremakta, men det er ikkje noko i vegen for at kommunen også skriv ut matrikkelbrev.

Til § 30

Nemningane «opplysningar frå matrikkelen» og «matrikkelinformasjon» er endra til «matrikkelinformasjon og andre opplysningar om eigedomsoppmåling» for å presisere at føresegna ikkje berre gjeld opplysningar som kan hentast direkte ut av matrikkelen, men også andre opplysningar om eigedomsoppmåling, slik som opplysningar frå protokollane frå tidlegare oppmålingsforretningar, målebrevsarkiv, opplysningar om fastmerke og kartgrunnlag for eigedomsoppmålinga. Føresegna gjeld i utgangspunktet ikkje utlevering av opplysningar frå landmålarføretaket. Endringa innskrenkar ikkje retten til innsyn etter offentleglova. Endringa er teken inn i overskrifta til paragrafen og gjenteke i alle ledd unnateke sjette ledd. Ordlyden i sjette ledd blir ikkje påverka av endringa.

Endringane i første ledd bokstav d er av språkleg art. Det er også retta eitt komma i andre og eitt i tredje ledd.

Etter gjeldande tredje ledd kan matrikkelinformasjon som berre identifiserer, kartfester eller typebestemmer matrikkeleiningar, bygningar eller adresser, utleverast i alle tilfelle og dermed brukast vidare til alle typar formål. Føresegna blir utvida til også å omfatte andre opplysningar om eigedomsoppmåling som berre identifiserer, kartfester eller typebestemmer matrikkeleiningar, bygningar eller adresser.

Matrikkelstyresmakta skal etter gjeldande femte ledd ikkje levere ut opplysningar dersom vitale personlege eller offentlege interesser tilseier dette. Dette gjeld som oftast når nokon har hemmeleg bustadadresse. I nokre situasjonar vil brukarar av matrikkelopplysningar allereie kunne sitje på slike opplysningar, til dømes når nokon nettopp har fått hemmeleg bustadadresse. Eit anna døme er opplysningar om skjerma bygningstypar. Det blir presisert at teieplikta gjeld alle som behandlar opplysningar frå matrikkelen.

Til § 31 andre ledd

Endringa i første punktum er av språkleg art. I andre punktum er «Sentral matrikkelstyresmakt» endra til «matrikkelstyresmakta».

Til § 32

Betaling for arbeidet til landmålarføretaket vil etter dette bli fastsett gjennom fri prisdanning i ein marknad basert på konkurranse. Det blir ikkje gitt nærare reglar om dette.

Føresegna er endra slik at både kommunen og matrikkelstyresmakta kan ta gebyr for styresmaktsarbeid etter lova. Ordlyden er i tillegg forenkla utan at dette er meint å endre meiningsinnhaldet.

Gebyrsatsane blir fastsette av departementet i forskrift og vil vere felles for heile landet. Gebyret skal dekkje, men ikkje overstige kostnaden ved å produsere og levere dei aktuelle oppgåvene. Gebyr vil vere avgrensa til matrikkelføring, utskrift av matrikkelbrev, tildeling av landmålarbrev og andre tilsvarande oppgåver kommunen eller matrikkelstyresmakta gjer for den enkelte. Oppgåver som primært blir utførte av allmenn interesse, skal ikkje vere gebyrlagde, til dømes føring av opplysningar om adresser og bygningar. I saker som blir handterte av Kartverket, og som omfattar både matrikkelføring og tinglysing, vil departementet unngå at det blir kravd to separate gebyr, og i staden innarbeide dette som eit felles gebyr for matrikkelføring og tinglysing. Kommunen kan ta gebyr som matrikkelstyresmakt, når slike oppgåver eller mynde er overførte til den aktuelle kommunen, jf. § 5 a.

Departementet legg til grunn at heimelen for å ta gebyr for matrikulering av eigarseksjonar blir teken inn i ny eigarseksjonslov § 15 andre ledd, jf. motiva punkt 10.6.4. Gebyrsatsane vil gå fram av forskrift til føresegna her.

Departementet kan i forskrift gi reglar om gratis utlevering.

Til overskrifta i kapittel 7

Kapittelet omfattar no også krav til ansvarleg landmålar og landmålarføretak, autorisasjon av landmålar og tilbakekalling av slik autorisasjon og anna. Overskrifta er endra i samsvar med dette.

Til § 33

Første ledd. Innhaldet i oppmålingsforretninga blir ikkje endra med reforma. Endringane er av språkleg art. Landmålaren skal som etter den gjeldande lova, klarleggje og beskrive grenser og rettar i tråd med påstandane til partane og framlagde dokument, og elles bringe fram opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for matrikkelføring og eventuelt tinglysing. Den som utfører forretninga, kan ikkje merkje eller måle grenser eller andre forhold som den aktuelle rettshavaren seier seg ueinig i. Etter at oppmålingsforretninga er gjennomført, må det setjast fram krav om matrikkelføring. Kravet med tilhøyrande dokumentasjon er dermed alltid ein del av oppdraget. Blir ikkje forretninga matrikkelført og det dermed ikkje blir utferda noko matrikkelbrev, er forretninga i praksis ein nullitet. Kva for følgjer dette får for pliktene til landmålarføretaket overfor oppdragsgivaren, vil vere avhengig av oppdragsavtalen og grunnane til at forretninga blei underkjend.

Partane sjølve har i utgangspunktet ansvaret for å avklare og dokumentere rettsforholda. Samtidig skal den ansvarlege landmålaren aktivt vere med på å rydde opp i rettsforholda. Undersøkingsplikta til den ansvarlege landmålaren vil likevel vere avgrensa. Nærare reglar blir gitt i forskrift om dokumentasjon av krav om matrikkelføring.

Landmålaren som utfører forretninga, skal prøve å få partane einige. Dersom dette ikkje er mogleg, kan han velje å avslutte forretninga. Oppdraget til føretaket er likevel å sjå på som fullført i høve til partane og offentlege styresmakter når det i kravet om matrikkelføring er markert at den aktuelle grensestrekninga er omtvista, sjå § 10 fjerde ledd bokstav a.

Det skal opplysast i matrikkelen at det aktuelle grensepunktet eller den aktuelle grensa ikkje er merkt og målt. Dersom partane har avvikande påstandar for korleis grensene går, kan det opplysast om desse i matrikkelen.

Tredje ledd. Nye grenser skal setjast ut i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningslova. Nye grenser mellom uteareal til eigarseksjonar blir fastlagt i vedtak om seksjonering eller reseksjonering etter eigarseksjonslova. Det er teke inn ei presisering om dette som nytt andre punktum. Tredje punktum gir høve til å gjere «mindre» avvik frå løyvet (eventuelt seksjoneringsvedtaket) dersom det under forretninga kjem opp forhold som gjer dette tenleg. Kva som skal reknast som tenleg, vil primært vere opp til heimelshavaren å avgjere, men landmålaren må ta sjølvstendig stilling til kva som er ei gagnleg grense. Kommunen skal primært kontrollere storleiken på avviket. I samsvar med gjeldande praksis vil «mindre» avvik som regel alltid vere kurante. Avviket kan ikkje gå ut over skrankane for grensejustering, jf. § 16, eller vere i strid med vedteken arealplan eller eventuell dispensasjon etter plan- og bygningslova. Kommunen kan i arealplanen eller i frådelingsløyvet presisere nærare kor store eller kva slags tilpassingar som kan gjerast innanfor løyvet, kor store eller kva slags avvik frå løyvet kommunen kan godta for kunne få ei gagnleg grense ut frå forholda i terrenget, og eventuelt kva for endringar som krev ny søknad eller dispensasjon. Desse rammene kan klarleggjast i ein eventuell førehandskonferanse.

I tillegg til den typen avvik som krev godkjenning etter tredje punktum, eller større endringar som krev ny søknad og nytt løyve etter plan- og bygningslova, kan det alltid gjerast tilpassingar i samsvar med løyvet (eventuelt seksjoneringsvedtaket etter eigarseksjonslova). Det krev at løyvet eller vedtaket er utforma på ein måte som opnar for slike tilpassingar.

Fjerde ledd. Det er i andre punktum for ordens skuld teke inn ei tilvising til § 41 om retten til å utføre oppmålingsarbeid på offentleg og privat grunn. Førebuande arbeid kan starte samtidig med at varsel blir gitt. Ved ferdsel på nabogrunn skal landmålarpersonalet på oppmoding vise fram avtale om oppdrag. Ferdselsretten gjeld ikkje motorisert ferdsel, jf. § 41 fjerde ledd. Retten kan også gjelde ferdsel på eigedommen til tredjepart når dette er nødvendig for å oppsøkje fastmerke og liknande.

Sjette ledd. Oppmålingsforretning går føre seg i marka, slik at partane ved sjølvsyn kan ta stilling til korleis grenser og rettar ligg i terrenget. I nokre tilfelle kan forretninga likevel bli halden på annan måte, såkalla kontorforretning, jf. matrikkelforskrifta § 40. Reglar om varsling og proklama er flytte til § 36.

Til § 34

Endringa er av språkleg art. I tillegg blir «sentral matrikkelstyresmakt» endra til «matrikkelstyresmakta».

Forskriftsheimelen i femte ledd er uendra sett bort frå ei språkleg forenkling. Departementet legg til grunn at heimelen også gir høve til å gi nærare reglar om førebels merking av grenser, som i tidlegare § 10 femte ledd, jf. Ot.prp. nr. 57 (2006–2007), merknad til §§ 6 og 10.

Til § 35

Bestilling av oppmålingsforretning dannar grunnlaget for ein bindande avtale om utføring av oppmålingsforretning. Ved bestilling bør det helst nyttast eit standardisert avtaledokument. Avtaledokumentet (oppdragsavtalen) skal vere skriftleg, på papir eller i likeverdig digitalt dokument. Avtalen bør mellom anna innehalde føresegner om kor lenge oppdraget varer, vilkår for å seie opp oppdraget, kven som er den ansvarlege landmålaren, ansvar om saka blir nekta matrikkelført, kva fullmakter føretaket har til å opptre på vegner av oppdragsgivaren, vederlag, klageordningar og teieplikt. Bestillinga skal rettast til eit landmålarføretak.

Føresegna svarar til § 35 i 2005-lova. Heimelen til å gi forskrift er formulert som ei «kan»-føresegn.

Føresegna i gjeldande tredje ledd om heimel til å fullføre oppmålingsforretning blir erstatta med ny § 6 andre ledd andre og tredje punktum. Dei gjeldande føresegnene om rekvisisjon av oppmålingsforretning blir oppheva.

Til § 36

Første ledd opnar for ulike former for varsling. Alle partar har krav på å bli varsla. Dersom grensene er heilt klare, merkte, nøyaktig kartfesta (koordinatbestemde) og ikkje skal endrast gjennom forretninga, kan det bli orientert om dette i innkallinga, slik at ikkje alle partane treng å møte til forretninga i marka. Landmålarføretaket må kunne dokumentere varslinga. Munnleg varsling vil derfor til vanleg ikkje kunne nyttast.

Innkallinga må opplyse om korleis og til kven ei eventuell klage skal setjast fram, og også om klagefristen.

Den ansvarlege landmålaren må vurdere kven saka vedkjem som partar, mellom anna med utgangspunkt i forvaltningslova § 2 bokstav e. Eigarar og festarar av eigedommar med grenser som vedkjem forretninga, vil alltid vere partar. Det må vurderast om også andre som har rettar, til dømes vegrett, kjem innanfor saka på ein slik måte at dei må sjåast på som partar. Den som eventuelt har kjøpekontrakt på arealet, vil normalt ikkje vere part, og det vil heller ikkje panthavarar. Ei anna sak er at pant kan vere til hinder for at til dømes arealoverføring kan gjennomførast utan å hente inn pantefråfall eller samtykke frå panthavarar. Departementet viser elles til omtalen i Ot.prp. nr. 70 (2004–2005) punkt 10.1.4 og NOU 1999: 1 kap. 15.4.3 om kven som er partar i oppmålingsforretning.

Andre ledd. For kvart oppdrag skal det vere ein ansvarleg landmålar med gyldig landmålarbrev. At den ansvarlege landmålaren «utfører» oppdraget, er ikkje til hinder for at ulike delar av oppdraget kan utførast av andre representantar for landmålarføretaket, men det må skje under fagleg leiing av ein ansvarleg landmålar. Til vanleg vil det vere god landmålarskikk at den ansvarlege landmålaren utfører oppmålingsforretninga sjølv, men dette er ikkje eit absolutt krav. Det kan vere forretningar som er av ein slik art at dei heilt eller delvis kan utførast av ein annan landmålar. I tillegg må ein landmålar med godkjend eksamen få høve til å opparbeide nødvendig praksis for å bli tildelt landmålarbrev. Den ansvarlege landmålaren skal sørgje for at landmålarføretaket og dei som representerer føretaket under saka, på ein nøytral måte tek vare på interessene til alle partane saka vedkjem. Oppmålingsforretninga spesielt, jf. § 33 første ledd andre punktum, og oppdraget generelt, jf. tredje punktum, skal utførast i samsvar med god landmålarskikk.

I utgangspunktet har partane ansvar for å opplyse om eksisterande grenser og rettar under oppmålingsforretninga. Den ansvarlege landmålaren har likevel eit sjølvstendig ansvar for å undersøke dette i forkant og opplyse partane om relevante dokument. Kva som er meint med «god landmålarskikk», blir i utgangspunktet ikkje endra, men vil truleg trenge noko utfylling. Omgrepet er ein «generalklausul» som skal dekkje kravet til fagleg kvalitet innanfor dei ulike aspekta ved forretninga, jf. Ot.prp. nr. 70 (2004–2005), punkt 11.3, s. 80, andre spalte. Departementet legg til grunn at interesseforeiningar som GeoForum og Tekna, som har gitt ut retningslinjer for god landmålarskikk under dagens ordning, også vil vere interesserte i å revidere desse i tråd med at oppmålingsforretninga etter proposisjonen i større grad blir ei rein tenestelevering.

Tredje ledd. Dersom den ansvarlege landmålaren eller personale som landmålaren er leiar for, har eller får økonomisk eller personleg interesse i det oppmålingsoppdraget gjeld, skal partane straks få opplysning om dette. Dette gjeld også om det finst andre særeigne forhold som er eigna til å svekke tilliten til at dei opptrer upartisk. Dette er, med språklege tilpassingar, den same formuleringa som er nytta i forvaltningslova § 6 andre ledd, og tolkinga av henne vil derfor vere relevant for tolkinga av matrikkellova her. «Andre særeigne forhold» vil også omfatte forhold ved forretninga som gjeld andre tilsette ved det aktuelle kontoret eller føretaket sjølv. Dersom føretaket har fleire einingar som utfører oppmålingsforretningar frå same kontorstad, blir dei rekna som eit kontor. I dei tilfella som uttrykkeleg er nemnde i føresegna, har ein part rett til å nekte at oppmålinga blir utført av den aktuelle landmålaren.

For matrikkelføringa gjeld krava om ugildskap i forvaltningslova kapittel II.

Fjerde ledd. Departementet vil mellom anna i forskrift kunne gi reglar om korleis landmålarar skal stille seg der saker stansar opp fordi det viser seg nyttelaust å få klarlagt kven som er part, eller kvar det skal sendast varsel. Ofte er kunngjering av proklama då einaste veg å gå.

Til § 37

Landmålarføretaket skal føre oversikt (journal) over bestilte og gjennomførte oppdrag. Føresegna svarar til § 37 i 2005-lova.

Departementet legg som i 2005-lova til grunn at det blir utforma eit standardisert formular eller opplegg for digital journalføring, og at det blir gitt forskrifter om kva for dokument som skal oppbevarast.

For offentlege organ gjeld dessutan føresegnene om offentlege arkiv, jf. lov 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv.

Til § 38

Føresegna gjeld krav til føretak, inkludert enkeltpersonføretak, eller offentlege einingar som skal operere som landmålarføretak, og krav til den ansvarlege landmålaren.

Landmålarføretaket må ha ein person med gyldig landmålarbrev som kan fungere som ansvarleg landmålar på kvar kontorstad. Berre den ansvarlege landmålaren kan skrive under på krav om matrikkelføring, jf. § 8.

Landmålarføretaket må ha fast forretningsstad og ikkje vere insolvent. Føretaket må ha forsikring eller anna trygding som dekkjer ansvaret til føretaket og den ansvarlege landmålaren. Den ansvarlege landmålaren må sjølv forsikre seg om at trygdinga også gjeld det personlege ansvaret vedkommande har for sine saker. Kravet om fast kontorstad gjeld berre landmålarverksemda til føretaket. Kravet er ikkje til hinder for at føretak som driv andre former for verksemd, til dømes rådgiving innanfor arealplanlegging, organiserer dette på andre måtar eller driv dette frå kontorstader utan ein tilsett ansvarleg landmålar.

Nærare krav for å kunne ta oppdrag som landmålarføretak blir fastsette i forskrift. Krava kan mellom anna gjelde organisering, rutinar for kvalitetssikring, fagleg kompetanse, forsikring og økonomisk tryggleik, arkivering og anna.

Den ansvarlege landmålaren må ha gyldig landmålarbrev. For å få autorisasjon (landmålarbrev) må landmålaren ha godkjend utdanning og praksis, og ha greidd ei autorisasjonsprøve. Det vil også vere krav til etterutdanning for å halde autorisasjonen ved lag. Krava skal sikre at den ansvarlege landmålaren kan stå ansvarleg for alle typar oppmålingsforretningar og fremje krav om matrikkelføring på vegner av oppdragsgivaren. Nærare krav for å få landmålarbrev blir fastsette i forskrift. Det same gjeld krav til autorisasjonsprøve, gebyr for å få landmålarbrev, prøve og andre vilkår for å få eller ha landmålarbrev. Det vil også bli gitt nærare føresegner om register over innehavarar av landmålarbrev, personar som har søkt landmålarbrev, eller som har fått slikt brev trekt tilbake.

Det gjeld eigne reglar om fagleg kompetanse og anna for saker som blir utførte av jordskifteretten.

Sjette ledd opnar for å gi føresegner om mellombels tenesteyting, og er teke inn som del av gjennomføringa av direktiv 2005/36/EF (yrkeskvalifikasjonsdirektivet), jf. omtale i punkt 11 ovanfor. Direktivet gjeld borgarar i ein medlemsstat som ønskjer å utøve eit lovregulert yrke i ein annan medlemsstat (vertsstat). Føresegna svarar til eigedomsmeklingslova § 2-1 fjerde ledd. Direktiv 2005/36/EF er endra med direktiv 2013/55/EU, men endringa er i skrivande stund ikkje teken inn i EØS-avtalen. Gjennomføringa av slike endringar vil bli følgde opp i forskrift.

Til overskrifta kapittel 8

Kapittel 8 tek ikkje berre opp føresegner om geodetisk grunnlag, men også føresegner om oppmålingsarbeid meir generelt, krav om fjerning av merke og signal og anna.

Til § 39

Andre ledd. Kommunen vil framleis kunne ha behov for å supplere nasjonale data med eigne data i arbeidet med adresser og bygningsopplysningar. Det er praktisk å sjå dette arbeidet i samband med arbeidet med det offentlege kartgrunnlaget, jf. plan- og bygningslova § 2-1.

Til § 42

Overskrifta og første ledd. Den gjeldande føresegna er hovudsakleg knytt til fjerning av fastmerke og signal. Føresegna blir utvida til også å gjelde fjerning av grensemerke. Grensemerke vil til vanleg vere felles for minst to eigedommar og vil vere eigde av alle eigarane. Slike merke kan ikkje fjernast utan samtykke frå alle eigarane. Når grensemerke, inkludert utgåtte grensemerke eller merke som kan forvekslast med gyldig grensemerke, blir fjerna, skal dette dokumenterast og rapporterast til matrikkelstyresmakta.

Andre ledd. Den gjeldande føresegna gir kommunen heimel til å fjerne merke og signal som er utforma og plasserte slik at det kan føre til forveksling med nærliggjande fastmerke og tilhøyrande signal. Heimelen blir utvida til også å gjelde det geodetiske fagorganet i staten (Statens kartverk). Andre punktum presiserer at kommunen, jordskifteretten og matrikkelstyresmakta kan fjerne utgåtte eller ugyldige grensemerke, eller merke som kan forvekslast med eit gyldig grensemerke. Eit utgått merke kan til dømes vere eit merke som på grunn av grensejustering ikkje lenger markerer den eksisterande grensa. Eit ugyldig merke kan til dømes vere eit merke som har blitt sett ned utan lovleg rett. Tredje punktum presiserer at landmålarføretak av eige tiltak skal fjerne merke som føretaket har sett ned feil.

Endringa i tredje og fjerde ledd er av språkleg art.

Femte ledd om forskrift er endra i samsvar med overskrifta.

Til § 46

Første ledd reknar opp avgjerder som det er klagerett på, uavhengig av om avgjerda er å rekne som enkeltvedtak etter definisjonen i forvaltningslova eller ikkje. Avgjerder i ei sak som leier fram til ei avgjerd som går fram av bokstavopprekninga, er ikkje å rekne som ei sjølvstendig avgjerd. Klaga på ei slik avgjerd må takast med i ei eventuell klage over den endelege avgjerda. Opprekninga avgrensar ikkje klageretten etter forvaltningslova. Dersom det blir fatta eit enkeltvedtak i ei sak som ikkje leier fram til ei avgjerd som går fram av bokstavopprekninga, vil det vere sjølvstendig rett til å klage på vedtaket.

Bokstav a gir klagerett på matrikkelføring som skjer på grunnlag av oppmålingsforretning, jf. § 6, inkludert avvising av krav om matrikkelføring, jf. § 22, og utferding av matrikkelbrev jf. § 24. Klageretten gjeld også matrikkelføring utan at oppmålingsforretninga er avslutta, jf. § 6 andre ledd første punktum. Klageretten gjeld i tillegg avslag om matrikkelføring, inkludert avslag om matrikkelføring utan at oppmålingsforretninga er fullført. Føresegna svarar til gjeldande bokstav a, men omfattar no ikkje feil i samband med utføring av oppmålingsforretninga som ikkje har innverknad på matrikkelføringa.

Bokstav b gir klagerett på vedtak om å fullføre ei oppmålingsforretning som ikkje er fullførte til fastsett tid, jf. § 6 andre ledd andre punktum. Føresegna var tidlegare omfatta av klageretten etter bokstav a.

Bokstav c gir klagerett på avgjerder etter § 7 tredje ledd om krava til klarlagd grense er oppfylte eller ikkje. Føresegna svarar til gjeldande bokstav b. Endringa er av redaksjonell art.

Bokstav d gir klagerett på matrikkelføring av eigarseksjon etter § 11 a. Klageretten skal sikre mot feil ved føringa. Klage på seksjoneringsvedtaket må fremjast etter eigarseksjonslova.

Bokstav e gir klagerett på samanslåing, jf. § 18, under dette avvising av krav om samanslåing. Føresegna svarar til gjeldande bokstav c.

Bokstav f gir klagerett på føring av referanse til avtale om eksisterande grense i matrikkelen, jf. § 19, medrekna nekting av å føre slik referanse. Føresegna svarar til gjeldande bokstav d. Endringa er ei tilpassing til endringa av § 19.

Bokstav g gir klagerett på fastsetjing av kva for matrikkeleiningar som skal registrerast som ein samla fast eigedom, jf. § 20, medrekna avvising av krav om å opprette eller endre ei slik oppføring. Føresegna svarar til gjeldande bokstav e.

Bokstav h gir klagerett på fastsetjing av offisiell adresse, jf. § 21. Klageretten gjeld kva for gate ein bygning (eventuelt eigedom, inngang eller bustad) skal ha adresse til, og fastsetjing av husnummer, bokstav, bustadnummer og tilleggsnamn. Klageretten skal sikre mot feil ved innhaldet i tildelinga frå kommunen. Klageretten gjeld ikkje avgjerda om å tildele eller endre ei adresse. Det er dermed ikkje mogleg å klage over eit vedtak frå kommunen om å innføre vegadresser i heile eller delar av kommunen. Det same gjeld avgjerder frå kommunen om kva for adresseparsellar som skal få eige namn og ikkje. Nærare reglar om dette blir gitt i forskrift. Vedtak om skrivemåten for gate-, veg-, gangveg- eller områdenamn, og eventuelt adressenamn, blir gjorde i medhald av stadnamnlova og følgjer reglane for klage i denne lova. Føresegna svarar til gjeldande bokstav f.

Bokstav i gir klagerett på sletting av matrikkeleining etter § 26 første ledd. Føresegna svarar til gjeldande bokstav g.

Bokstav j gir klagerett når krav om retting av matrikkelen etter § 26 andre eller tredje ledd ikkje blir komme i møte. Det er med unntak som nemnt i § 26 andre ledd andre punktum ikkje høve til å krevje retting av opplysningar om grenser. Det er dermed ikkje mogleg å klage på avslag på eit slikt krav. Retting av grenser følgjer reglane i §§ 17 og 19. Føresegna svarar til gjeldande bokstav h, men rekkjevidda er endra på grunn av endringa av § 26.

Bokstav k gir klagerett når det gjeld avslag på innsyn i matrikkelen etter § 29, medrekna avslag på å utferde matrikkelbrev. Føresegna svarar til gjeldande bokstav i.

Bokstav l gir klagerett når det gjeld avslag om utlevering av opplysningar frå matrikkelen etter § 30. Føresegna svarar til gjeldande bokstav j.

Gjeldande bokstav k om klage på gebyr er ikkje ført vidare. Gebyr vil no bli fastsette i samsvar med eit gebyrregulativ som er fastsett av departementet i forskrift. Klage på krav om betaling for oppmålingsforretning må rettast mot landmålarføretaket.

Gjeldande bokstav l om klage på avslag på rekvisisjon av oppmålingsforretning er ikkje ført vidare.

Bokstav m gir klagerett på tildeling og tilbaketrekking av landmålarbrev etter § 30 andre og tredje ledd. Føresegna er ny.

Bokstav n gir klagerett på vedtak om tvangsmulkt etter § 48. Føresegna svarar til gjeldande bokstav i. Endringa er av redaksjonell art.

Andre ledd. Klage skjer etter reglane i forvaltningslova, inkludert reglane om omgjering av vedtak og dekking av sakskostnader. Kven som kan klage, følgjer av ei vurdering av partsomgrepet og rettsleg klageinteresse. Ein part som opplysningane i matrikkelen har direkte verknad for, vil alltid kunne klage. I visse tilfelle vil landmålarføretaket ha slik rettsleg interesse at det sjølv vil kunne fremje klage, til dømes når kommunen avviser kravet om matrikkelføring fordi kommunen meiner det er feil i det tekniske målearbeidet.

I samsvar med forvaltningslova er fristen for å klage tre veker frå det tidspunktet då underretninga om avgjerda kjem fram til den aktuelle parten eller ein representant for parten. For den som ikkje har fått underretning, går fristen frå det tidspunktet då parten har skaffa seg kjennskap til avgjerda eller burde ha skaffa seg kjennskap til henne. For dei sakene der det skal skrivast ut matrikkelbrev etter § 24, går klagefristen frå det tidspunktet då matrikkelbrevet er motteke eller på annan måte har komme den som har klagerett (eller representant for vedkommande, her landmålarføretaket), til underretning.

Lova har ikkje føresegner om klage på landmålarføretak. Ei klage som ikkje gjeld matrikkelføringa, men er isolert til arbeidet til landmålarføretaket, må rettast mot landmålarføretaket, til dømes strid om betalinga. Dette gjeld likt om landmålarføretaket er privat eller offentleg.

Departementet er i utgangspunktet klageinstans for alle avgjerder som det er klagerett på etter første ledd og eventuelt andre enkeltvedtak. Departementet tek sikte på å delegere denne kompetansen til eitt eller fleire fylkesmannsembete eller eit anna eigna klageorgan.

Tredje ledd. I saker som blir handterte av eit landmålarføretak, skal landmålarføretaket ha underretninga. Landmålarføretaket er ansvarleg etter kontrakt for å sørgje for at klienten deira er underretta i den grad dette er nødvendig. Tilføyinga om at det er landmålarføretaket som skal få førehandsvarsel, må forståast i samsvar med forvaltningslova §§ 16 og 27. Det er landmålarføretaket som er adressat og partsrepresentant i eit krav om matrikkelføring. Dersom kravet frå landmålarføretaket med tilhøyrande dokumentasjon blir godkjent, er førehandsvarsel om matrikkelføring ikkje nødvendig. Matrikkelføringa er då i samsvar med ønsket frå landmålarføretaket.

Fjerde ledd opnar for å gi føresegner om klage, førehandsvarsel og underretning m.m. I hovudsak vil dette gjelde avgjerder og handlingar som ikkje er enkeltvedtak. Eventuelle forskrifter om enkeltvedtak vil vere avgrensa av forvaltningslova med forskrifter.

Til § 47

Endringa er primært av språkleg art. I tillegg kjem ei redaksjonell endring ved at «fastmerke» er endra til «merke» som ein konsekvens av endringa i § 42. Det materielle innhaldet i andre punktum om at vedtaket til fylkesmannen ikkje kan klagast på, blir ført vidare. Departementet legg til grunn at dette gjeld sjølv når vedtaket er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova. Føresegna her går dermed framfor § 46 og eventuell klagerett etter forvaltningslova.

Til § 48

«Sentral matrikkelstyresmakt» blir endra til «matrikkelstyresmakta». Vedtak om å påleggje tvangsmulkt er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova.

14.2 Endringar i plan- og bygningslova

Til § 20-1 første ledd bokstav m

Bokstav m reknar opp eigedomstiltak som krev løyve etter plan- og bygningslova, jf. matrikkellova. Det omfattar for det første tiltak som gjeld oppretting av ny eigedom, altså ny grunneigedom, ny anleggseigedom og nytt jordsameige, og ny festegrunn for bortfeste som kan gjelde i meir enn ti år. I tillegg kjem tiltak som endrar grenser for slike matrikkeleiningar utover reine justeringar, det vil seie det som etter matrikkellova blir rekna som arealoverføring eller endring av grenser for festegrunn. Endring av grenser som kan behandlast som grensejustering, krev ikkje løyve.

Endringa i ordlyden er ein konsekvens av endringa i matrikkellova § 6 første ledd bokstav d, som opnar for endring av grenser for festegrunn som eigen sakstype i tillegg til arealoverføring mellom grunneigedom, anleggseigedom eller jordsameige.

Oppretting og endring av eigarseksjonar blir ikkje omfatta av føresegna. Det gjer heller ikkje matrikulering av eksisterande umatrikulert veg- og jernbanegrunn eller registrering av eksisterande jordsameige.

Til § 21-2 sjette ledd

Ordlyden er endra i samsvar med endringa i § 20-1 første ledd bokstav m.

Til § 21-9 fjerde ledd

Løyvet fell bort dersom det ikkje er sett fram krav om matrikkelføring seinast tre år etter at løyvet er gitt. Dersom vilkåra for matrikkelføring ikkje er til stades, skal matrikkelstyresmakta setje ein frist for å rette kravet. Fristen etter andre punktum skal ikkje setjast vesentleg kortare eller lengre enn om saka hadde late seg behandle etter første punktum.

Til § 26-1

Endringa er av språkleg art for å få ein meir konsekvent bruk av tilvisingar.

14.3 Føresegn om iverksetjing

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Dei ulike endringane kan bli sette delvis i verk, og til ulik tid. Det kan til dømes gjelde enkelte føresegner som reglane om endring av festegrunn.

Til forsida