Prop. 148 S (2014–2015)

Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Nord-Trøndelag grense – Korgen, inkl. Brattåsen – Lien i Vefsn og Grane kommunar (E6 Helgeland sør) i Nordland

Til innhaldsliste

2 Omtale av andre utbyggingsetappe – E6 Helgeland sør

Første etappe av den trinnvise utbygginga av E6 på Helgeland til samanhengande god og einsarta standard er omtalt i Prop. 55 S (2013–2014) Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Korgen – Bolna i Hemnes og Rana kommunar (E6 Helgeland nord) i Nordland. I denne proposisjonen blei det også lagt fram eit førebels opplegg for utbygging og finansiering av E6 på heile strekninga frå Nord-Trøndelag grense til Bolna.

E6 mellom Nord-Trøndelag grense og Osen, like sør for Korgfjelltunnelen, er om lag 137 km lang, jf. fig. 2.1. Årsdøgntrafikken (ÅDT) varierer frå 800 køyretøy ved Nord-Trøndelag grense til 3 800 køyretøy nord for Mosjøen. Tungtrafikken utgjer mellom 14 og 16 pst. av trafikken. I perioden 2005–2014 var det i alt 142 ulykker med personskade på denne strekninga. Av desse blei 9 personar drepne, 16 hardt skadde og 180 lettare skadde. Utforkøyringar utgjer om lag 45 pst. av ulykkene, medan møteulykker utgjer om lag 25 pst.

Det er lagt opp til å byggje ut til saman om lag 80 km veg, fordelt på 9 delstrekningar. Som for E6 Helgeland nord vil utbygginga av 7 av delstrekningane bli lyst ut i ein samla konkurranse der same entreprenør vil stå for utbygging samt drift og vedlikehald i ein periode på inntil 15 år. Kontraktforma er nærare omtalt i Prop. 55 S (2013–2014). Tiltaka på desse delstrekningane omfattar utviding av vegbreidde, utretting av svingar, styrking av bereevne i eksisterande vegtrase, utbetring av bruer og tunnelar, samt bygging av gang- og sykkelvegar. Alle delstrekningane har godkjende reguleringsplanar.

For utbygging av delstrekningane Kapskarmo – Brattåsen og Brattåsen – Lien vil det bli nytta tradisjonelle konkurranseformer, der drift og vedlikehald ikkje inngår. Ut frå omsynet til rasjonell anleggsdrift er det formåltenleg å sjå desse to delstrekningane i samanheng. Her skal E6 leggjast i ny trase vest for tettstadene Trofors og Grane over ei strekning på om lag 22 km. Det skal mellom anna byggjast ein tunnel og to bruer for kryssing av Vefsna og Svenningdalselva. I tillegg inngår ombygging av lokalt vegnett. Begge delstrekningane har godkjende reguleringsplanar.

Utbygginga av E6 Helgeland sør vil redusere reisetida med om lag 9 minuttar for lette køyretøy og om lag 11 minuttar for tunge køyretøy. Strekningar med lågare fartsgrense enn 80 km/t blir redusert med 33 km.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet. Kvalitetssikringa har omfatta prosjektstyring, kostnadsoverslag og trafikkgrunnlag, samt konkurransegrunnlag for vegutviklingskontrakt. Det er semje mellom Statens vegvesen og kvalitetssikrar om styringsramme og kostnadsramme. Samferdselsdepartementet legg etter dette til grunn ei styringsramme på 3 860 mill. 2014-kr og ei kostnadsramme på 4 290 mill. 2014-kr. Rekna om til 2015-prisnivå blir styringsramma 3 970 mill. kr og kostnadsramma 4 410 mill. kr.

Samfunnsøkonomisk netto nytte for utbygginga er rekna til om lag -1 240 mill. kr. Netto nytte over totale kostnader er rekna til -0,4.

Figur 2.1 E6 Helgeland sør – delstrekningar og bomstasjonssnitt

Figur 2.1 E6 Helgeland sør – delstrekningar og bomstasjonssnitt