Prop. 148 S (2014–2015)

Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Nord-Trøndelag grense – Korgen, inkl. Brattåsen – Lien i Vefsn og Grane kommunar (E6 Helgeland sør) i Nordland

Til innhaldsliste

6 Garantiar

Som det går frem av kapittel 3, har Nordland fylkeskommune og Grane, Vefsn og Rana kommunar til saman fatta vedtak om å stille sjølvskuldnargaranti for eit bompengelån på inntil 430 mill. kr til utbygging av E6 Helgeland sør. Garantien er fordelt med 215 mill. kr på Nordland fylkeskommune, 71 mill. kr på Vefsn kommune, 136 mill. kr på Rana kommune og 8 mill. kr på Grane kommune.

Det er ein føresetnad at fylkesmannen i Nordland godkjenner dei kommunale garantiane og at Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner den fylkeskommunale garantien. Garantistane sine eventuelle utlegg kan dekkjast inn gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst. og forlenging av innkrevjingsperioden med inntil 5 år.