Prop. 157 L (2014–2015)

Lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova)

Til innhaldsliste

4 Om lovforslaget

4.1 Generelt

EU-forordningar må gjennomførast etter sin ordlyd, og som hovudregel ved inkorporasjon. Derfor blir det i forslaget til § 1 slått fast at ERIC-forordninga, med endringa frå 2013, gjeld som lov. Sjølve forordninga blir ikkje tatt inn i lova.

4.1.1 Særpreg ved ERIC-organisasjonsforma

Eit ERIC er ei nyskaping i norsk og europeisk rett. Til no er det etablert 10 ERIC, den første blei oppretta i 2011. Forordninga er meint å etablere rammeverket for ei fleksibel og anerkjend juridisk organisasjonsform, basert på europeisk regelverk, men med utfyllande nasjonale reglar i vertslandet. Dette set krav om godt samspel og også fleksibilitet mellom forordninga og det nasjonale regelverket. Reguleringsforma krev også at vedtektene for det einskilde ERIC-et har høg kvalitet. Det nærare innhaldet i og tolkinga av ERIC-forordninga og bruken av denne organisasjonsforma vil bli utvikla gjennom praksis, og først og fremst av Kommisjonen i samarbeid med forvaltningskomiteen (forordninga artikkel 20).

Forordninga har lite detaljerte reglar knytte til drift. Eit ERIC har følgjande særpreg:

  • Ikkje økonomisk vinning som formål

  • Hovudsakleg ikkje-økonomisk aktivitet

  • Samarbeid mellom statar

  • Kommisjonen er gitt ei sterk rolle ved etablering og nedlegging, og som kontrollinstans

Fortalen til forordninga punkt 22, slår fast at ein stat fritt kan bruke eller vedta lover og forskrifter som ikkje strir mot verkeområdet eller måla for forordninga. Vidare skal ERIC-a etter artikkel 7 nr. 2 ha «den mest omfattende rettslige handleevnen som tildeles rettssubjekter i henhold til lovgivningen i medlemsstaten.» Dette set visse avgrensingar i kva nasjonale reglar som kan givast for eit ERIC.

4.2 Behov for nasjonale tilleggsreglar for drift

Ein gjennomgang av dei hovudområda som det er vanleg å regulere for ulike organisasjonsformer viser at det er lite behov for særreglar i tillegg til reglane i forordninga.

Det kan likevel vise seg å vere behov for mindre avklaringar, særleg i forholdet mellom ERIC-forordninga og særlovgivinga, etter kvart som ERIC-forma blir tatt i bruk både i Noreg og i andre land. Departementet foreslår derfor ein heimel i lova til å gi utfyllande reglar i forskrift. Eventuelle særreglar må liggje innanfor ERIC-forordninga sine rammer.

4.2.1 Område der det ikkje er behov for særregler

4.2.1.1 Ansvar og kapitalkrav

Forordninga har som utgangspunkt at eit ERIC har avgrensa ansvar, dvs. at medlemmene sitt ansvar er avgrensa til deira respektive bidrag til konsortiet, slik det er nedfelt i vedtekter eller andre vedtak i ERIC-et, jf. artikkel 14 nr. 1 og 2. Medlemmene kan i vedtektene ta på seg utvida ansvar, medrekna uavgrensa ansvar. For dei ERIC-a som det i dag er aktuelt å etablere i Noreg vil vedtektene slå fast eit avgrensa ansvar for medlemmene.

Forordninga set ikkje krav til eigenkapital i eit ERIC. Artikkel 13 nr. 1 slår fast som prinsipp at budsjetta skal vere i balanse. Ansvaret for å sikre dette ligg på medlemmene. Kommisjonen legg stor vekt på realistiske planar for drift og økonomi når dei vurderer søknad om oppretting av eit ERIC. ERIC-a er etter artikkel 17 underlagt kontroll frå Kommisjonen, både på fagleg drift og økonomi. Alvorleg brot på for eksempel budsjetteringsprinsippa kan etter artikkel 17 nr. 5 føre til at ERIC-et blir avvikla. Det vil truleg vere i strid med forordninga å fastsetja kapitalkrav for ERIC i Noreg.

Etter forordninga artikkel 14 nr. 3 skal eit ERIC med avgrensa ansvar for medlemmene teikna forsikringar for å dekke risikoar knytt til drifta.

4.2.1.2 Stifting, medlemmer og vedtekter

Stiftingsprosessen

Det er Kommisjonen som etter forordninga artikkel 6 kan vedta oppretting av eit ERIC, etter søknad frå medlemmene representert ved den medlemmen som er vertsland. Innhaldet i søknaden er regulert i artikkel 5. Stiftingsdato er den dagen Kommisjonsvedtaket er sett i kraft (dette er til vanleg 3 dagar etter kunngjering i EU-tidende).

Medlemmer

Etter forordninga artikkel 9 nr. 1 er det berre statar og mellomstatlege organisasjonar som kan bli medlemmer i eit ERIC, og eit ERIC må ha minst tre medlemmer. Reglar om stemmerett skal fastsetjast i vedtektene. Så langt er det i hovudsak avtalt ei stemme per medlem, også for dei to ERIC-a som er planlagde i Noreg.

Vedtekter

Forordninga artikkel 10 set minstekrav til innhaldet i vedtektene. I tillegg til godkjenning frå alle medlemmene (som i all hovudsak er statar), skal dei godkjennast av Kommisjonen. Praksis viser at Kommisjonen legg stor vekt på kvalitet i vedtektene. Etter artikkel 11 skal Kommisjonen godkjenne alle vesentlege endringar i vedtektene.

Vedtektene skal fastsetje kva som er arbeidsspråket/-språka til ERIC-et. Så langt har alle ERIC-a engelsk som arbeidsspråk. Vedtektene blir som regel utarbeidde på engelsk. Dei inngår i Kommisjonens vedtak om oppretting av eit ERIC, og dei blir då omsett til alle offisielle språk i EU.

Ved registrering av einingar i Einingsregisteret/Foretaksregisteret blir det kravd at sentrale stiftingsdokument som vedtekter skal registrerast i norsk språkform. Det er rimeleg at dette også gjeld for ERIC. For sjølve vedtaket om oppretting som Kommisjonen utferdigar må det vere nok at det ligg føre på engelsk og dansk. Protokollar frå dei organa som vel styre osv. må kunne vere på engelsk.

Styringsorgan

Forordninga artikkel 12 set minstekrav til kva styringsorgan eit ERIC etter vedtektene skal ha.

4.2.1.3 Krav til årsrekneskap og revisjon

Forordninga artikkel 13 omhandlar budsjettprinsipp, rekneskap og revisjon. Det følgjer av artikkel 13 nr. 5 at eit ERIC skal ha rekneskaps- og revisjonsplikt etter gjeldande lovgiving. Dette inneber at eit ERIC er rekneskapspliktig etter rekneskapslova (lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsrekneskap m.v.) § 1-2 nr. 12, og vil etter § 3-1 ha plikt til å utarbeide årsrekneskap og årsmelding. Plikt til offentleggjering av årsrekneskapen og til innsending til Rekneskapsregisteret følgjer av §§ 8-1 til 8-2. Revisorlova (lov 15. januar 1999 nr. 2 om revisjon og revisorar) § 2-1 pålegg alle rekneskapspliktige revisjonsplikt. Dette vil gi dei naudsynte reguleringane på dette området.

4.2.1.4 Skatteplikt

Eit ERIC vil ha som oppgåve å opprette og drive forskingsinfrastruktur, og skal etter forordninga artikkel 3 nr. 2 utføre si hovudoppgåve på eit ikkje-økonomisk grunnlag. Det kan drive avgrensa økonomisk verksemd.

Eit ERIC vil etter dette i utgangspunktet kunne kome inn under fritaket for formues- og inntektsskatt i skatteloven § 2-32 første ledd. Fritak må vurderast konkret for den enkelte ERIC. Etter praksis vil ein slik skattefri institusjon kunne ta betalt for tenestene sine dersom det er naudsynt for å realisere det ideelle føremålet. Vidare kan ein skattefri institusjon drive ei viss økonomisk (kommersiell) verksemd, men må då betale skatt av denne delen av verksemda, ref. skattelova § 2-32 andre ledd.

4.2.2 Forslag til regulering

4.2.2.1 Verkeområde for lova

Etter Svalbardlova § 2 gjeld privatrettsleg lovgiving for Svalbard når ikkje anna er fastsett. Det er ikkje aktuelt å etablere ERIC med sete på Svalbard.

Departementet foreslår at det blir slått fast i § 2 at lova ikkje gjeld for Svalbard.

4.2.2.2 Registreringsplikt i Noreg

Einingsregisteret

Eit ERIC vil ha plikt til å registrere seg i Einingsregisteret etter einingsregisterlova § 4 første ledd bokstav b), så snart det skal registrerast i eit av dei tilknytte registra. Mest aktuelt er Arbeidsgivarregisteret, Meirverdiavgiftsregisteret og eventuelt Foretaksregisteret. Registrering i Einingsregisteret er naudsynt for å få tildelt organisasjonsnummer. I mange samanhengar vil det vere behov for at eit ERIC identifiserer seg med organisasjonsnummer, m.a. krev bankar dette. I praksis vil det derfor vere krav om at eit ERIC blir registrert i Einingsregisteret så snart det er etablert.

Foretaksregisteret

Dei fleste foretak med avgrensa ansvar er i dag pålagt registrering også i Foretaksregisteret. Aksjeselskap og samvirkeforetak er pålagt registrering i Foretaksregisteret, medan stiftingar – som også har avgrensa ansvar – har slikt pålegg berre dersom dei driv næringsverksemd. Ved slik registrering blir det gjennomført ein viss offentleg kontroll av vedtekter, av vedtak i organisasjonen, opplysningar om styre og dagleg leiar blir kunngjort o.a. Det er vidare plikt til å registrere endringar i vedtekter, styre o.a.

Organisasjonsnamn

Organisasjonsnamnet for eit ERIC skal etter forordninga artikkel 8 nr. 2 ha med forkortinga «ERIC». Det er ikkje behov for særreglar i foretaksnamnelova. Det er vidare truleg lite fare for at forkortinga ERIC blir tatt i bruk av andre. Dersom det skulle skje, kan Foretaksregisteret med grunnlag i foretaksnamnelova § 2-3 nekte slik namnebruk fordi det vil kunne vere eigna til å vere villeiande. Det er heller ikkje behov for å lovfeste at andre organisasjonar/selskap ikkje skal kunne bruke ERIC-forma.

Departementet meiner at verksemder med organisasjonsforma ERIC bør registrerast i Foretaksregisteret. Dette blir foreslått gjort ved å fastsetje registreringsplikt i Foretaksregisteret i ERIC-lova, sjå forslag til § 3. Eit ERIC vil slik kome inn under foretaksregisterlova § 2-1 første ledd nr. 12 Foretak som i særlovgivningen er pålagt registreringsplikt.

4.2.2.3 Omdanning, flytting og avvikling

Omdanning

Forordninga har ikkje reglar om fusjonar, fisjonar og liknande for ERIC. Dette er heller ikkje særleg aktuelt. Dersom eit ERIC skulle få større økonomisk aktivitet enn kva som er muleg innanfor forordninga artikkel 3, vil den aktiviteten eventuelt måtte flyttast ut til eit selskap med ei anna organisasjonsform.

Forordninga sitt system er at dersom det er aktuelt med omdanning av ERIC-et til ei anna selskapsform, må ERIC-et formelt avviklast i samsvar med forordninga artikkel 16, og så må medlemmene bli einige om å opprette eit nytt rettssubjekt.

Flytting

Forordninga seier ikkje noko om flytting av ERIC. Kommisjonen har i eitt tilfelle godkjent ei vedtektsendring i eit ERIC (SHARE ERIC) som gjekk ut på at ERIC-et blei flytta mellom to land. Dette var planlagt frå medlemmene si side frå ERIC-et blei etablert. Så lenge ERIC-a driv verksemd som ikkje er skattepliktig, vil flytting vere uproblematisk sett i høve til norsk regelverk.

Avvikling

Etter forordninga artikkel 16 skal reglar for avvikling av eit ERIC fastsetjast i vedtektene. Det er plikt til å underretta Kommisjonen om slikt vedtak innan 10 dagar, og Kommisjonen skal deretter kunngjere det i EU-tidende. På same måte skal ERIC-et underretta Kommisjonen som så skal kunngjere ei melding om dette, så snart avviklinga er gjennomført (artikkel 16 nr. 3: «…fremgangsmåten for avvikling er avsluttet.»). Den sterke offentlege kontrollen med desse (førebels to) organisasjonane i Noreg, av eit norsk departement på vegner av Noreg, av dei andre medlemmene som også er statar, og av Kommisjonen, vil i seg sjølv vere med å sikre at det blir gjennomført på ein tilfredsstillande måte, også sett frå kreditorane si side. Det er også vert å merke seg at budsjetteringsreglane i forordninga synes å tilseie at eit ERIC ikkje kan ta opp lån. Dei tilsette er elles verna av dei vanlege stillingsvernreglane.

Gjennomføring av ei avvikling (eller flytting) vil elles vere rimeleg å basera på reglane som gjeld ved avvikling av selskap som samvirke eller stiftingar. Dette, saman med det svært låge talet på ERIC som til no er planlagde i Noreg, gjorde at departementet i høyringsnotatet uttalte at det ikkje såg behov for å gi reglar om prosedyrar ved avvikling.

På bakgrunn av merknader frå Brønnøysundregistra har departementet vurdert spørsmåla på nytt, og kome til at det vil vere ein fordel både for kreditorane og for ERIC-et å ha klare reglar for kreditorvarsling og fristar for å melde krav i selskapet.

Insolvens

Dersom konsortiet ikkje er i stand til å betale for eiga gjeld, skal Kommisjonen underrettast om dette med ei gong, og dette skal så kunngjerast i EU-tidende. Deretter vil Kommisjonen måtte vurdere tiltak etter artikkel 17, og eventuelt avvikle ERIC-et.

Departementet foreslår å lovfeste ei plikt for ERIC-et til å melde avviklingsvedtak til Foretaksregisteret, og vidare at Foretaksregisteret får ein heimel for å kunngjere kreditorvarsel. Dette vil sikre kreditorane informasjon om avviklingsvedtak og frist for å melde krav. Forslaget byggjer på reglane i samvirkelova, og er forenkla og tilpassa ERIC-forordninga.

Til forsida