Prop. 157 L (2014–2015)

Lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova)

Til innhaldsliste

5 Andre regelområde

5.1 Arbeidstakars medverknad i styrande organ

ERIC-forordninga regulerer ikkje spørsmålet om medverknad frå dei tilsette. Departementet foreslo i høyringsnotatet at tilsette i ERIC blir gitt ein lovfesta rett til medverknad i styra på linje med rettane etter samvirkelova.

Bakgrunnen for forslaget var at dei fleste selskapsformer i dag har ordningar som gir dei tilsette rett til medverknad i styringa av selskapet. Etter aksje- og allmennaksjelova kan tilsette krevje styrerepresentasjon når selskapet har meir enn 30 tilsette, og dei fleste selskapsformer har tilsvarande reglar, m.a. statsforetak, stiftingar og ansvarlege selskap.

Etter nærare vurdering har departementet kome til at det ikkje er formålstenleg å foreslå regler om tilsettes medverknad no.

Det er ikkje avklart i kva grad tilsettes medverknad vil kunne vere i samsvar med forordninga. Forordninga blir tolka slik at tilsette ikkje kan ha formell stemmerett i medlemsforsamlinga (det øvste organet). Det enkelte ERIC-et skal fastsetje i vedtektene kven som er det utøvande organet; anten eit styre (vanlegvis samansett av executive directors) eller ein direktør. Dei ERIC-a som er etablerte til no, har ikkje mange nok tilsette til at spørsmålet om medverknad har vore aktuelt. Forslaget i høyringsnotatet ville gjere medverknadsretten avhengig av at ERIC-et har eit styre. ERIC-a som er under planlegging i Noreg vil truleg ikkje ha styre, og dei vil etter planane ha ei verksemd på berre om lag 5 – 10 tilsette.

Det er etter departementets vurdering ikkje behov for å ta stilling til spørsmålet om eventuell medverknad no. Vi ser det som formålstenleg å vente til det blir avklart på europeisk nivå korleis dette, basert på ei tolking av forordninga, kan og bør løysast. Truleg vil det vere behov for eit noko anna system for medverknad, og då basert på praksis frå internasjonale organisasjonar som CERN eller liknande. Slike ordningar kan kome på plass ved avtalar i dei enkelte ERIC-a, eller på grunnlag av generelle reglar for alle ERIC i Europa. Departementet vil følgje med på om det seinare kan bli behov for å regulere desse spørsmåla.

5.2 Avgiftsfritak

Etter forordninga artikkel 5 nr. 1 bokstav d) skal eit ERIC ha status tilsvarande internasjonale organisasjonar og slik på visse vilkår ha rett til fritak for meirverdiavgift og for særavgifter. Dette gjeld særavgifter på alkohol/alkoholhaldige drikkevarer, tobakksvarer og energiprodukt/elektrisitet. Fritaket er avgrensa til å gjelde varer og tenester som er naudsynte for å oppnå føremålet med ERIC-et. Omfanget av fritaket skal avklarast i vedtektene til det einskilde ERIC-et, eller i særskilt avtale mellom medlemmene.

Dei naudsynte heimlane for avgiftsfritak vil bli ivaretatt i skatte- og avgiftsregelverket. Fritaka vil bli gjennomført som ei refusjonsordning. Meirverdiavgiftslova § 103 gir i dag heimel for fritak for inngåande meirverdiavgift for varer og tenester for internasjonale organisasjonar, og eit ERIC vil kome inn under dette. Fritaket må gjennomførast ved særskilt regulering i forskrift eller i enkeltvedtak. Fritak for meirverdiavgift ved innførsel av varer kan heimlast i meirverdiavgiftslova § 7-2, jf. tollova § 5-3. Også her er det behov for forskriftsendring.

Dette vil sikre naudsynte avgiftsfritak (refusjon) for dei to ERIC-a som så langt er planlagt etablert i Noreg. Det er ikkje relevant med fritak for særavgifter for desse to. Dersom det seinare skulle bli aktuelt å gi særavgiftsfritak for eit framtidig ERIC, vil det bli vurdert som del av spørsmålet om ERIC-et i det heile skal etablerast, og eventuelt handtert som del av skatte- og avgiftsopplegget i dei årlege budsjettforslaga.

5.3 Offentleg innkjøp

ERIC-forordninga artikkel 7 nr. 3 slår fast at ERIC er ein internasjonal organisasjon etter artikkel 15 bokstav c) i direktiv 2004/18/EF om samordning av fremgangsmåtene ved inngåelse av offentlige varekontrakter, offentlige tjenesteytelseskontrakter og offentlige bygge- og anleggskontrakter. Av dette følgjer at eit ERIC ikkje treng følgje EUs innkjøpsregelverk, dersom det fastset eigne innkjøpsreglar i vedtektene. Desse må vere i samsvar med internasjonale standardar og beste praksis når det gjeld prinsippa om ikkje-diskriminering og konkurranse («comply with international standards and good practice», jf. Practical Guidelines frå Kommisjonen 2010 s. 18) og ivareta prinsippa om innsyn, likebehandling og konkurranse (artikkel 10 første ledd bokstav (g) vi).

ERIC-forordninga set altså krav til at eit ERIC skal respektera same prinsippa som er nedfelt i lov 16. juli 1999 nr. 69 om offentlege anskaffingar. Anskaffingsforskrifta vil ikkje gjelde for ERIC.

5.4 Forvaltningslova og offentleglova

Forvaltningslova vil som hovudregel ikkje gjelde for eit ERIC, då eit ERIC ikkje er eit forvaltningsorgan, og det heller ikkje vil ha til oppgåve å treffe enkeltvedtak eller å gi forskrifter.

Den norske staten aldri ha dominerande påverknad, direkte eller indirekte, i det øvste organet i eit ERIC, jf. offentleglova § 2 første ledd. Etter ERIC-forordninga skal eit ERIC ha minst tre medlemmer, og Noreg vil berre ha ei av stemmene. Derfor vil heller ikkje offentleglova gjelde for eit ERIC.

Til forsida