Prop. 157 L (2014–2015)

Lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova)

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova)

§ 1 ERIC-forordninga

EØS-avtalen protokoll 31 artikkel 1 nr. 12 (forordning (EF) nr. 723/2009 og forordning (EU) nr. 1261/2013) om Fellesskapets rettslige ramme for et konsortium for en europeisk forskningsinfrastruktur (ERIC) gjeld som lov med dei tilpassingar som følgjer av protokoll 31 og avtalen elles.

§ 2 Verkeområde

Lova gjeld ikkje for Svalbard.

§ 3 Registrering

Eit konsortium for ein europeisk forskingsinfrastruktur skal meldast til Foretaksregisteret seinast tre månader etter kunngjering av stiftingsvedtaket, jf. forordninga artikkel 6 nr. 2.

§ 4 Avvikling

Vedtak etter forordninga artikkel 16 nr. 2 om å avvikle eit konsortium for ein europeisk forskingsinfrastruktur skal meldast til Foretaksregisteret innan 10 dagar. Foretaksregisteret skal registrere meldinga og deretter kunngjere vedtaket i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. I kunngjeringa skal kreditorane til konsortiet varslast om at dei må melde sine krav til konsortiet innan seks veker frå kunngjeringa. Adressa til konsortiet skal gå fram av kunngjeringa.

Alle kreditorar med kjend adresse skal så vidt mogleg varslast særskilt av konsortiet.

Når eit konsortium under avvikling gir melding til Kommisjonen etter forordninga artikkel 16 nr. 3, skal det samtidig gi melding til Foretaksregisteret.

§ 5 Forskrifter

Departementet kan i forskrift gi nærare reglar for gjennomføring av EØS-avtalen protokoll 31 artikkel 1 nr. 12 (forordning (EF) nr. 723/2009 og forordning (EU) nr. 1261/2013) om Fellesskapets rettslige ramme for et konsortium for en europeisk forskningsinfrastruktur (ERIC) og om tilhøvet til anna lovgiving.

§ 6 Ikraftsetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Til forsida