Prop. 157 L (2014–2015)

Lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova)

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei enkelte paragrafane

Til § 1

EU-forordningar må gjennomførast etter sin ordlyd, og som hovudregel ved inkorporasjon. Derfor blir det i forslaget til § 1 slått fast at ERIC-forordninga, med endringa frå 2013, gjeld som lov.

Til § 2

Etter norsk praksis vil lover på det privatrettslege området som hovudregel gjelde også på Svalbard. Det er ikkje aktuelt å etablere ERIC med sete på Svalbard, og departementet foreslår at dette blir slått fast i lova § 2.

Til § 3

Etter § 3 skal foretaket (ERIC-et) registrerast i Foretaksregisteret, og det kjem då inn under foretaksregisterlova § 2-1 første ledd nr. 12. Plikta vil liggje på det organet som er utpeika som lovleg representant etter forordninga artikkel 12.

Til § 4

Etter § 4 første ledd skal Foretaksregisteret ha melding om avviklingsvedtak, og at dei skal så kunngjere kreditorvarsel. Dette skal gi vern for kreditorane. Etter andre ledd blir konsortiet pålagt ei plikt til å varsle, så vidt mogleg, alle kreditorar med kjend adresse.

Tredje ledd gir konsortiet plikt til å melde frå til Foretaksregisteret samtidig med at det gir melding om avvikling til Kommusjonen etter forordninga artikkel 16 nr. 3.

Meldeplikta også etter denne paragrafen vil liggje på det organet som er utpeika som lovleg representant etter forordninga artikkel 12.

Til § 5

Denne paragrafen gir departementet heimel for å gi utfyllande reglar i forskrift om gjennomføringa av EØS-avtalen protokoll 31 artikker 1 nr. 12 om ERIC-forordninga og om tilhøvet til andre lover. Eventuelle særreglar må liggje innanfor ERIC-forordninga sine rammer.

Til § 6

Føresegna fastset at lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Til forsida