Prop. 165 L (2016–2017)

Lov om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova)

Til innhaldsliste

4 Utanlandsk rett

Dei andre nordiske landa har til liks med Noreg mange sivile våpen og ein sterk jakt- og skyttarkultur. Lovgjevinga kring erverv, bruk og innehav av sivile våpen i desse landa har difor interesse for utforminga av det norske regelverket. Nedanfor følgjer eit oversyn over reglane for erverv og innehav av skytevåpen i Sverige, Danmark og Finland.

4.1 Sverige

Den svenske «Vapenlag» (1996:67) 8. februar 1996 regulerer erverv og innehav av skytevåpen. Lova vert utfylt av forskrift «Vapenförordning» (1996:70) 8. februar 1996, samt Rikspolisstyrelsens föreskrifter och almänna råd.

4.1.1 Vilkår for erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Innehav av skytevåpen krev løyve (tilstånd) frå politiet, jf. vapenlag kapittel 2 § 1. Kva som reknast for skytevåpen er nærare definert i vapenlag kapittel 1 § 2, og omfattar våpen som ved hjelp av drivmiddel kan skyte ut prosjektil eller liknande gjenstandar. Etter kapittel 1 § 4 er nærare bestemte gjenstandar unnateke frå lova sitt verkeområde. Reglane om skytevåpen gjeld etter kapittel 1 § 3 også for nærare bestemte gjenstandar som ikkje vert definert som skytevåpen.

4.1.1.1 Krav til alder og personlege eigenskapar

Vapenlag kapittel 2 § 3 regulerer kven som kan ha skytevåpen, og både fysiske og juridiske personar, medrekna godkjente vaktselskap, kan erverve slike gjenstandar. Det kan berre gjevast ervervsløyve for skytevåpen til fysiske eller juridiske personar som ikkje med skilleg grunn kan mistenkast for å ville misbruke våpenet, jf. vapenlag kapittel 2 § 5. I RPSFS 2009:13 kapittel 3 er det gjeve utfyllande retningsliner for politiet si vurdering av den personlege dugleiken. Den ålmenne aldersgrensa for erverv er sett til 18 år, men politiet kan gjere unntak frå denne aldersgrensa, jf. vapenförordning kapittel 2 § 3. For erverv av heilautomatiske våpen er aldersgrensa sett til 20 år.

Den som skal drive handel med skytevåpen må i tillegg til dei ålmenne krava til alder og personleg dugleik vere «lämpat» til å kunne drive slik handel. I denne vurderinga skal det mellom anna leggast vekt på vandel og fagkunnskap, jf. vapenlag kapittel 2 § 10.

4.1.1.2 Nærare om dei krav som vert stilt for erverv av skytevåpen

Til fysiske personar kan det berre gjevast våpenløyve når vedkomande treng skytevåpenet til eit «godtagbart ändamål», jf. vapenlag kapittel 2 § 4. Dette vil i hovudsak omfatte jakt- og sportsskyting, samling, dekorasjon og affeksjon, men kan også gjelde for andre føremål. Om tillatinga gjeld erverv som ikkje omfattar bruk av våpenet, skal løyvet som hovudregel vere avgrensa til å gjelde for innehav og ikkje bruk.

Det aktuelle våpenet må vidare vere «lämpat» til den bruk som søknaden gjeld, jf. vapenlag kapittel 2 § 5. Dette betyr at våpenet må kunne brukast til det føremål som søknaden gjeld. Når det gjeld erverv til dekorasjonføremål eller affeksjon skal våpenet som hovudregel gjerast «varaktig obrukbart», jf. kapittel 2 § 5a. For erverv av heilautomatiske skytevåpen og einhandsskytevåpen må søkar dokumentere at vedkomande har eit særskilt behov for våpenet («synnerliga skäl«), jf. vapenlag kapittel 2 § 6.

Krava til dokumentasjon av behov og våpendugleik for erverv av skytevåpen er nærare regulert i vapenförordning kapittel 2. Etter vapenforördning kapittel 2 § 3 vert det mellom anna sett krav om at den som vil erverve heilautomatisk våpen og einhandsskytevåpen må dokumentere ein «särskild skjutskicklighet». For erverv av heilautomatiske våpen vert det vidare stilt krav om at søkar må vere medlem av skyttarforeining som Forsvarsmakta definerer som av betyding for totalforsvaret.

4.1.2 Forvalting og kontroll med tildelte våpenløyve

Våpenløyver er som hovudregel ikkje tidsavgrensa, jf. vapenlag kapittel 2 § 5 og kapittel 6 § 1. Våpenløyve for heilautomatiske skytevåpen og handvåpen med magasinlading skal som hovedregel gjerast tidsavgrensa for inntil 5 år, jf. vapenlag kapittel 2 § 6a.

Politiet skal tilbakekalle løyvet til personar som ikkje lenger oppfyller våpenlova sine krav til våpeninnehav, jf. vapenlag kapittel 6 § 1. Lækjarar skal varsle politiet om pasientar som av medisinske grunnar reknast for «olämplig» til å ha skytevåpen, jf. vapenlag kapittel 6 § 6. Lækjar skal også varsle om personar som gjennomgår rettspsykiatrisk vurdering eller personundersøking etter lag 1991:2041 «om särskild personutredning i brottmål, m.m.» § 7.

Etter vapenlag kapittel 2 § 19 og vapenförordning kapittel 16 kan politiet krevje gebyr for handsaming av søknad om nærare bestemte løyve som kan gjevast etter forskrifta. I motsetnad til i Noreg vert det kravd gebyr for sjølve handsaminga av søknaden og ikkje berre ved utferding av løyve.

4.2 Danmark

I Danmark vert private sin tilkomst til våpen, våpendelar og ammunisjon regulert i «Bekendtgørelse af lov om våben og eksplosivstoffer» (våbenloven) av 22. oktober 2012 nr. 1005 med senere endringer. I Justisministeriets «Bekendtgørelse om våpen og ammunition m.v.» (våbenbekendtgørelsen) av 19. oktober 2009 nr. 997 med seinare endringar og ulike rundskriv (cirkulære) vert våpenlova sine reglar utfylt og presisert. Det sentrale rundskrivet er «cirkulære om våben og ammunition mv.» av 30. oktober 2013 (våbencirkulæret) med seinare endringar.

4.2.1 Vilkår for erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Innførsel, erverv, tilverking og bruk av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon krev som hovedregel løyve fra justisministeriet, som kan delegere denne mynda vidare, jf. våbenloven § 1. Etter våbenbekendtgørelsen § 3 er mynda til å gje nærare bestemte løyver lagt til politiet. Kva gjenstandar som krev løyve etter våpenlova er nærare regulert i våbenloven § 1 og våbenbekendtgørelsen § 1 og § 2.

4.2.1.1 Krav til alder og personlege eigenskapar

For å kunne erverve skytevåpen eller ammunisjon må søkar som hovudregel vere over 18 år. Når verjen samtykker kan det likevel gjevast fritak frå alderskravet for personar over 16 år. Aldersgrensa for å kunne erverve halvautomatisk rifle, pistol eller revolver er som hovudregel 20 år. Personar mellom 16 og 19 år kan likevel på særskilte vilkår få løyve til å erverve pistol i kaliber .22, jf. våbencirkulæret § 20.

Dei øvrige personlege vilkåra for erverv av skytevåpen følgjer av Bekendtgørelse om våben og ammunition m.v. § 46. Det skal berre gjevast våpenløyve når det ikkje ligg føre opplysingar om vandel eller personlege eigenskapar som gjer det «betænkeligt» å gje slikt løyve. For erverv av halvautomatisk rifle, pistol eller revolvar er det stilt særskilte krav til dei personlege eigenskapane. Løyve til å erverve slike skytevåpen skal berre gjevast til personar som reknast for å vere «absolut pålitlig», jf. våbencirkulæret § 19 og § 20.

Personar som vil drive eller være tilsett i næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon må i tillegg til dei ålmenne krava til personleg dugleik også oppfylle nærare bestemte krav til våpendugleik, jf. våbenbekendtgørelsen § 40 og § 41, jf. våpenlova § 4b.

4.2.1.2 Nærare om dei krav som vert stilt for erverv av skytevåpen

Våbenlov eller -forskrift har ikkje fastsatt særskilte reglar om kva føremål som kan gje grunnlag for løyve til å erverve og inneha skytevåpen. Våbencirkulæret § 2 har likevel fastsett nærare retningslinjer for kva behov som kan gje grunnlag for ervervsløyve.

Våbencirkulæret kapittel 1 set detaljerte vilkår for erverv til dei ulike føremåla. Sams for desse føremåla er at søkar må dokumentere det nærare grunnlaget for ervervet, til dømes gjennom å oppfylle vilkåra for å kunne drive jakt eller ved å vere medlem i godkjent skyttarforeining.

For erverv av «særligt farlige skytevåben» set våbencirkulæret kapittel 2 særskilte reglar for lovlege våpentyper og vilkår for erverv. Desse særskilte krava gjeld mellom anna for haglegevær med pipelengde under 55 cm, pistol, revolvar og halvautomatiske rifler.

For å kunne erverve pistol eller revolvar krevst det at søkar i minst to år har vore medlem av eit godkjente skyttarforbund som organiserer skyting med det aktuelle våpenet. Erverv av våpen med kaliber større enn 7,65 mm krev at søkar har minst seks månader erfaring med den våpentypen søknaden gjeld. Gjeld ervervet handvåpen i grovare kaliber enn 9 mm, skal søknaden føreleggast Justisminiteriet for uttale. Det kan berre ervervast halvautomatiske rifler til jakt, og løyvet kan berre omfatte rifler som kan ladast med to patroner.

Erverv av skytevåpen til samling krev eit særskilt løyve frå politiet. Dei nærare vilkåra for erverv til samling følgjer av våbencirkulæret § 13. Eit løyve til å vere våpensamlar gjev høve til å erverve nærare bestemte skytevåpen, samt blankvåpen og avtagbare magasin utan særskilt tillating. Vedkomande må likevel føre eit oversyn over dei gjenstandar som vert erverva i medhald av samleløyvet. For erverv av andre skytevåpen enn dei som er særskilt nemnt, må søkar ha særskilt løyve. Vidare kan politiet gje løyve til å erverve patroner til samling, jf. våbencirkulæret § 14.

4.2.2 Forvalting og kontroll med tildelte våpenløyve

Ved søknad om erverv av skytevåpen til sportsskyting skal søknaden sendast til skyttarforeininga, men slik at politiet og i særskilte tilfelle Justisministeriet må samtykke til at vedkomande skal kunne erverve skytevåpen. Dette samtykket inneber ein kontroll med søkar sin vandel og personlege forhold. For søknad om erverv til andre føremål skal søknaden sendast direkte til politiet.

Løyve til erverv og innehav av skytevåpen er som hovudregel gjort tidsavgrensa, jf. våbenloven § 6d og bekendtgørelsen § 47. Tidsperioda er som hovedregel på fem år, men to år for pistolar. Løyve til å ha våpensamlingar og jaktrifler er gyldig for 10 år av gangen. Om sportsskyttarar melder seg ut av skyttarforeininga, skal foreininga tilbakekalle løyvet og varsle politiet om at innehavar ikkje lenger oppfyller vilkåra for innehav, jf. bekendtgørelsen § 8 stk. 5.

Etter våbenloven § 3 kan politiet utan godkjenning frå retten føre kontroll med våpensamlarar, næringsdrivande og andre nærare bestemte innehavarar av skytevåpen eller eksplosivstoff.

Våbenloven § 6b fastset vidare reglar om gebyr. Det skal som hovudregel betalast gebyr for søknad om løyve etter våbenlova. Det er likevel gjort unnatak for nærare bestemte sakstyper.

4.3 Finland

I Finland vert sivile sin tilkomst til våpen, våpendelar og ammunisjon regulert i «Skjutvapenlag» av 9. januar 1998 nr. 1. Lova vert utfylt av «Skjutvapenförordning» av 27. februar 1998 nr. 145. Kva som reknast for skytevåpen er nærare regulert i skjutvapenlag § 2. Dette er gjenstandar som med krut eller annan eksplosiv ladning kan skyte prosjektil eller andre innretningar som kan innebere ein fare for menneske, samt gjenstandar som liknar på og som kan gjerast om til skytevåpen. Nærare bestemte gjenstandar er likevel unnateke frå lova sitt verkeområde. Skjutvapenlag §§ 3, 4 og § 5 regulerer kva som reknast for våpendelar, prosjektil og ammunisjon.

4.3.1 Vilkår for erverv

Nærare bestemt omgang med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, medrekna erverv, innehav, handel og tilverking, krev som hovudregel løyve frå politiet, jf. skjutvapenlag § 18. Ein føresetnad for løyve etter § 18 er at søkar kan dokumentere eit sakleg behov og at det ikkje er skilleg grunn til å mistenke at løyvet vert misbrukt. Skjutvapenlag § 43 angjev nærare kva behov som kan gje grunnlag for ervervsløyve, og omfattar mellom anna jakt, sportsskyting, samling, minneverde og næringsverksemd. Etter skjutvapenlag § 44 kan det berre ervervast skytevåpen som på grunnlag av magasinkapasitet og andre forhold ikkje kan gje ein større eldkraft enn det saklege behovet tilseier. Denne lovregelen set vidare forbod mot erverv av nærare bestemte våpen til jakt eller sportsskyting.

4.3.1.1 Krav til alder og personlege eigenskapar

Dei personlege krava til våpenerverv og innehav følgjer av våpenlova § 45. Ervervsløyve kan berre gjevast til personar som har fylt 18 år, og som på grunnlag av helsemessige forhold og åtferd reknast som «lämplig» til å ha skytevåpen og våpendelar. Erverv av pistol eller revolver krev at søkar har fylt 20 år. Personar under 18 år kan gjevast ein såkalla «parallelltilstånd», jf. våpenlova § 54. Det vil seie at løyvet gjeld for fleire personar. Aldersgrensa for å kunne ha eit slikt særskilt løyve er 15 år, unnateke for handvåpen der aldersgrensa er 18 år.

For å vurdere om søkar er «lämplig» må søkar gjennomgå ein såkalla «lämpligtest», som inngår i politiet sitt avgjerdsgrunnlag, jf. § 45c. Denne testen bygger på dei testar som Forsvaret gjennomfører på vernepliktige. Politiet kan om naudsynt krevje å få vedlagt ei vurdering frå helsepersonell om søkar si evne til å kunne ha skytevåpen eller løyvepliktig våpendel. Vidare må søkar samtykke til at politiet får tilgang til andre helseopplysingar som er relevante for avgjerda, jf. § 45.

Juridiske personar kan få våpenløyve om verksemda er registrert i Finland og elles reknast for «lämplig» til å ha våpen, jf. § 45a. Oppbevaringa av skytevåpna eller våpendelane må skje i godkjente lokale og det må vere ein våpenansvarleg som oppfyller dei personlege vilkåra for våpeninnehav, jf. §§ 45a og 45b.

4.3.1.2 Nærare om dei krav som vert stilt for erverv av skytevåpen

Den som vil erverve skytevåpen må dokumentere eit særskilt behov for våpenet. For erverv til jakt må søkar dokumentere at vedkomande oppfyller viltlovgjevinga sine krav til opplæring og bestått jegereksamen. For erverv av skytevåpen til sportsskyting, må søkar dokumentere eit behov for skytevåpenet til sport- eller hobbyskyting. For erverv av rifle- eller haglevåpen, medrekna halvautomatiske skytevåpen, er det ikkje sett krav om medlemsskap i godkjent skyttarforeining, men søkar må dokumentere eit behov for det aktuelle våpenet. Den som vil erverve pistol eller revolver må også dokumentere å ha vore aktivt medlem i godkjent skyttarorganisasjon i minst to år. Dei nærare krava til aktivitet er skildra i skjutvapenforskrift § 44d.

Den som vil erverve skytevåpen til samling, må ha særskilt tillating frå Polisstyrelsen. Slikt løyve kan gjevast til både fysiske og juridiske personar. For å kunne verte godkjent som våpensamlar, må vedkomande oppfylle dei ålmenne krava til alder og personlege eigenskapar etter skjutvapenlag § 45 første ledd. Gjeld søknaden ein juridisk person, må den våpenansvarlege oppfylle dei ålmenne krava til alder og personlege eigenskapar, jf. skjutvapenlag § 57, jf. § 45b.

Etter skjutvapenlag § 20 skal det berre gjevast løyve til å drive næringsverksemd når verksemda har utpeika ein ansvarleg for verksemda som har økonomi til å drive næringsverksemd på forsvarleg måte. Verksemda skal vidare oppgje ein ansvarleg for verksemda, og den ansvarlege samt andre tilsette som handterer skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon på vegne av verksemda må ha eit særskilt løyve (vapenhandteringstillstand), jf. skjutvapenlag §§ 26 og 27.

4.3.2 Forvalting av og kontroll med tildelte våpenløyve

Eit løyve til å ha skytevåpen gjeld som hovudregel «tills vidare», jf. § 53. Eit våpenløyve for pistol eller revolver til fysisk person skal likevel gjerast tidsavgrensa dei første fem åra. Etter fem år må innehavaren sende ny søknad med dokumentasjon på at vedkomande framleis har behov for våpenet. Om politiet gjev nytt løyve er dette ikkje tidsbestemt, men slik at innehavaren kvart femte år må dokumentere at behovskravet framleis er oppfylt, jf. vapenlag § 53a. Politiet skal som hovudregel tilbakekalle løyve til å ha skytevåpen eller våpendel i dei tilfelle som er nemnt i skjutvapenlag § 67. Slikt tilbakekall skal mellom anna skje når innehavaren ikkje lenger oppfyller dei personlege vilkåra for innehav, eller når samanslutninga som eig våpen vert oppløyst.

Etter vapenlag § 114 har lækjarar i nærare bestemte tilfelle plikt, og andre helsepersonell rett, til å sende melding til politiet om personar dei reknar for uskikka til å ha skytevåpen, våpendelar, patroner eller særskilt farlege prosjektil. Helsepersonell kan berre sende slik melding etter at helsepersonellet har møtt den som meldinga gjeld.

Politiet skal minst ein gang i året føre tilsyn med personar som har fått løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, jf. § 116. Denne kontrollen skal mellom anna omfatte inspeksjon av lagerlokale og rekneskap. Politiet kan også i medhald av denne lovregelen føre kontroll med våpensamlar sine register over skytevåpen, og med oppbevaringa av gjenstandane.

Politiet kan med heimel i lag 21. februar 1992/150 om grunderna för avgifter till staten krevje gebyr for handsaming av løyve etter skjutvapenlag. Dei nærare reglane for kva løyve som krev eit sakshandsamingsgebyr er fastsett i Inrikesministeriets förordning av polisens avgiftsbelagde prestationer.

Til forsida